Mick Ronson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mick Ronson
Mick Ronson & Ian Hunter.jpg
Ronson (left) during a Ian Hunter and Mick Ronson concert oktober 5, 1988
Verkeleg namn Michael Ronson
Alias Ronno
Fødd 26. mai 1945
Kingston upon Hull,
East Riding of Yorkshire
England
Instrument Gitar, vokal, piano, bass, trommer, munnspel, klavinet, synthesizer, blokkfløyte, fiolin, harmonium
Sjanger Glamrock, hardrock
Aktive år 1966–1993
Yrke Musikar, låtskrivar, strykearrangement
Tilknytte artistar David Bowie, Ian Hunter, Lou Reed, Bob Dylan, Rolling Thunder Revue, Morrissey, Mott the Hoople, Elton John, Van Morrison, Ian Hunter and Mick Ronson
Plateselskap RCA, Epic, Mercury, Virgin, Rykodisk, Vertigo Records
Nettstad www.mickronson.com
Kjende instrument
Gibson Les Paul

Michael «Mick» Ronson (26. mai 194629. april 1993) var ein engelsk gitarist, låtskrivar, multi-instrumentalist, arrangør og produsent. Han er best kjend for arbeidet sitt med David Bowie, som ein av The Spiders from Mars. Ronson var ein travel studiomusikar som spelte inn med artistar som Bowie og Morrissey, og som sidemann i mange turneband, som for Van Morrison.

Han spelte inn fleire soloalbum, mellom anna Slaughter on 10th Avenue, som nådde 9. plass på den britiske albumlista.[1] Ronson spelte med forskjellige band etter Bowie. Han vart kåra til den 64. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.[2]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Michael Ronson vart fødd i Hull i East Riding of Yorkshire, i 1946. Som borna fekk han klassisk opplæring i piano, blokkfløyte, fiolin, og (seinare) harmonium. Han ønskte først å verte cellist, men flytta til gitar då han oppdaga musikken til Duane Eddy, som hadde basstonar på gitaren som for Ronson minna han om cello.[3] Han vart med i det første bandet sitt, The Mariners, i november 1963, då han var 17. Han debuterte på scenen med The Mariners som oppvarming for Keith Herd Band i Brough Village Hall, ein konsert bandet reiste 50 km for og fekk betalt 10 shillings for (50 pence). Medan Ronson arbeidde med The Mariners, hyrte ei anna lokal Hull-gruppe - The Crestas - han etter anbefaling frå The Mariners-bassisten John Griffiths. Med Ronson ombord bygde the Crestas seg eit solid rykte og spelte mykje i lokale danselokale.

I 1964 forlet Ronson The Crestas for å prøve lukka i London. Han tok ein deltidsjobb som mekanikar og etter kvart slo han seg saman med bandet The Voice, der han erstatta Miller Anderson. Kort tid etter flytta trommeslagaren i Crestas, Dave Bradfield, til London då Voice-trommeslagaren forlet bandet. Etter berre nokre få konsertar med gruppa, kom Ronson og Bradfield attende etter ei helg i Hull og fann utstyret sitt i leilegheita og ein lapp som forklarte at resten av bandet hadde reist til The Bahamas. Ronson vart verande i London og slo seg saman ein kort periode med soulbandet The Wanted, før han til slutt reiste attende til Hull.

I 1966 vart Ronson med i eit av dei mest kjende lokale banda i Hyll, The Rats, i lag med songar Benny Marshall, bassist Geoff Appleby, og trommeslagar Jim Simpson (som etter kvart vart erstatta av Clive Taylor og så John Cambridge). Gruppa spelte lokalt og hadde nokre få mislukka reiser til London og Paris.

I 1967 spelte The Rats inn den psykedeliske songen «The Rise And Fall Of Bernie Gripplestone»[4] i Fairview Studios i Hull, som kan høyrast på Front Room Masters - Fairview Studios 1966-1973.[5] I 1968 endra bandet ei kort stund namn til Treacle og spelte inn fleire songar i Fairview Studios i 1969, før dei gjekk attende til det opphavleg namnet sitt. På denne tida vart Ronson anbefalt av Rick Kemp til å spele gitar på Michael Chapman sitt Fully Qualified Survivor.[4]

Då John Cambridge forlet The Rats for å bli med i Hullaballoos-medlem Mick Wayne i Junior's Eyes, vart han erstatta av Mick «Woody» Woodmansey. I november 1969 spelte bandet inn nokre songar for siste gong i Fairview.

I mars 1970, under innspelinga av Elton John-albumet Tumbleweed Connection, spelte Ronson gitar på songen «Madman Across the Water». Songen vart derimot ikkje med på den originale utgåva. Innspelinga med Ronson på gitar kom ut på samlealbumet Rare Masters i 1992 og i 1995 som bonusspor på Tumbleweed Connection.[6]

Bowie-tida[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1970 kom Cambridge attende til Hull på leit etter Ronson, for å få han med seg i det nye bandet til David Bowie, The Hype. Han fann Ronson på ein rugbybane då han arbeidde som gartnar for Hull. Sidan han alt hadde mislukkast i London, var Ronson motvillig, men gjekk til slutt med på å reiste med Cambridge til London for å møte Bowie. To dagar seinare spelte Ronson med Bowie på John Peel sitt nasjonale BBC Radio 1-show.

The Hype heldt den første konserten sin i The Roundhouse den 22. februar med ei besetning som bestod av Bowie, Ronson, Cambridge og produsent/bassist Tony Visconti. Gruppa var kledd som superheltar med Bowie som Rainbowman, Visconti som Hypeman, Ronson som Gangsterman, og Cambridge som Cowboyman. På plakaten denne dagen var òg Bachdenkel, The Groundhogs og Caravan. Dagen etter spelte dei i Streatham Arms i London under psevdonymet 'Harry The Butcher'. Dei spelte òg den 28. februar i Basildon Arts Lab i Essex, som 'David Bowie's New Electric Band'. John Cambridge forlet bandet den 30. mars og vart igjen erstatta av Woody Woodmansey. I april 1970 sette Ronson, Woodmansey og Visconti i gang innspelinga av Bowie sitt The Man Who Sold The World.

Under innspelinga for The Man Who Sold The World, signerte trioen Ronson, Visconti og Woodmansey - framleis som The Hype - ein kontrakt med Vertigo Records. Gruppa rekrutterte Benny Marshall frå The Rats som vokalist, og gjekk i studio for å spele inn eit album. Då singelen kom ut hadde The Hype fått namnet Ronno. «4th Hour of My Sleep» kom ut på Vertigo til dårleg mottaking i januar 1971.[4] Songen var skriven av Tucker Zimmerman.[7][8] Ronno-albumet vart aldri gjort ferdig.

Backingbandet til Bowie, som no inkluderte Trevor Bolder som erstatta av Visconti på bassgitar og klaverspelar Rick Wakeman, som vart nytta på innspelinga av Hunky Dory. Sidan Visconti forlet Bowie, tok Ronson i lag med Bowie, over arrangementa, medan Ken Scott vart medprodusent i lag med Bowie. Hunky Dory var kanskje det mest samarbeidsprega albumet deira, noko plateomslaget òg syner.

Det var dette bandet, utan Wakeman, som vart kjend som The Spiders From Mars frå tittelen på det neste albumet til Bowie.[4] Igjen var Ronson ein viktig del av The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, og skreiv strykearrangement og spelte forskjellige instrument, samt spelte sologitar. Ronson og Bowie vart kjende for ei sak under konsertane for dette albumet, då Bowie simulerte oralsex på gitaren som Ronson samstundes spelte på. Gitaren til Ronson og arrangementa hans i Spiders from Mars-tida, påverka seinare punkrock-musikarar.[9]

I 1972 lagde Ronson strykar- og blåsearrangement for songen «Sea Diver» på det Bowie-produserte All The Young Dudes-albumet for Mott The Hoople, og han var medprodusent på Lou Reed-albumet Transformer i lag med Bowie, og spelte sologitar og piano på songen «Perfect Day». Igjen med Bowie spelte han inn på ny og produserte songen «The Man Who Sold The World» for Lulu,[10]. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia. Han spelte òg på nokre songar på Dana Gillespie-albumet Weren't Born a Man.

Ronson spelte på countryrockalbumet Bustin' Out av Pure Prairie League i 1972, der han òg gjorde strykearrangementet og medverka med gitar og vokal på fleire spor, som «Angel #9», som kom ut seinare på soloalbumet hans Play Don't Worry.

Han spelte gitar på Bowie-albumet Aladdin Sane og coveralbumet Pin Ups i 1973.[11][12] Han spelte derimot ikkje på det påfølgjande albumet Diamond Dogs.

Seinare arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ronson spelte i Massey Hall i Toronto i Canada i 1979

Etter å ha forlate Bowie etter «Farvellkonserten» hans i 1973, gav Ronson ut tre soloalbum. Solodebuten hans Slaughter on 10th Avenue, med ein versjon av Elvis Presley sin «Love Me Tender», samt den mest kjende solosongen til Ronson, «Only After Dark».[4] I tillegg song systera hans Margaret Ronson korvokal på albuma. Mellom dette og oppfølgjaren i 1975, var Ronson ein kort periode med i Mott the Hoople.[4] Han samarbeidde så i lang tid med den tidlegare frontmannen i Mott, Ian Hunter, frå og med albumet Ian Hunter[13] (UK #21) og med singelen «Once Bitten, Twice Shy» (UK #14)",[14] og ein turne som the Hunter Ronson Band.[4] I 1980 kom konsertalbumet Welcome to the Club ut, med bidrag av Ronson. Det inneheldt òg nokre studiobaserte songar - ein av dei skriven av Hunter/Ronson.

I 1974 sikra Ronson seg andreplassen i ein lesarundersøking i Creem om kven som var den beste gitaristen det året (med Jimmy Page på førsteplass og Eric Clapton på tredjeplass).[15]

Ronson spelte gitar på tittelsporet på David Cassidy-albumet Getting It in the Street i 1976.

Roger Daltrey nytta Ronson på gitar på soloalbumet One of the Boys i 1977.

I 1979 produserte og spelte Ronson og Hunter på Ellen Foley-albumet Night Out, med «We Belong To The Night» og hitsingelen «What's a Matter Baby».

I 1982 arbeidde Ronson med John Mellencamp på hans American Fool og særleg songen «Jack & Diane»

I 1990 samarbeidde Ronson igjen med Hunter på albumet Yui Orta, denne gongen som «Hunter/Ronson».[4] I 1993 spelte han igjen på eit Bowie-album, Black Tie White Noise[12] på songen «I Feel Free», opphavleg spelt inn av Cream. Ronson og Bowie hadde alt spelt denne songen på konsertar 20 år tidlegare då dei turnerte som Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Det andre og tredje soloalbumet hans var Play Don't Worry i 1975 og Heaven and Hull i 1994. det siste var berre delvis ferdig då han døydde, og vart gjeven ut etter han var død. Artistar som deltok på albumet var mellom andre John Mellencamp, Joe Elliott, Ian Hunter, David Bowie, Chrissie Hynde og Martin Chambers.

Utanom Bowie og Hunter arbeidde Ronson som musikar, låtskrivar og plateprodusent for mange andre artistar, som Slaughter & The Dogs, Morrissey, The Wildhearts, The Rich Kids, Elton John, John Mellencamp, T-Bone Burnett, Dalbello, Benny Mardones, Iron City Houserockers og det italienske bandet Moda. Han spelte ikkje berre med etablerte artistar. Han produserte òg album for meir obskure artistar som Payolas, Phil Rambow and Los Illegals og The Mundanes.

Ronson var òg medlem av konsertbandet til Bob Dylan, «Rolling Thunder Revue»,[12] og han er med både på og av scenen i filmen frå turneen.[16] Han samarbeidde òg med Roger McGuinn på denne tida, og produserte og spelte gitar på soloalbumet hans Cardiff Rose i 1976.[17]

I 1982 spelte han sologitar i eit kortvarig band med Hilly Michaelstrommer og Les Fradkinbassgitar. Ei av innspelingane av denne gruppa, «Spare Change» kom ut i 2006 på Fradkin-albumet Goin' Back.

I 1987 spelte Ronson på ei plate av The Toll.

I 1992 produserte han Morrissey-albumet Your Arsenal.[4] Same året spelte ROnson på The Freddie Mercury Tribute Concert.[4] Han spelte «All the Young Dudes» med Bowie og Hunter; og «"Heroes"» med Bowie. Den siste innspelinga til Ronson var som gjesteartist på Wildhearts-albumet Earth vs the Wildhearts i 1993, der han spelte gitarsolo på songen «My Baby is a Headfuck».

Ronson døydde av leverkreft den 29. april 1993, 46 år gammal og etterlet seg kone og barn.[18]

Til minne om han vart Mick Ronson Memorial Stage reist i Queens Gardens i heimbyen Hull.[19] Det er òg ei gate kalla opp etter han på Bilton Grange Estate, ikkje langt frå der han budde.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Don't Look Down» (1994 - UK #55) - tilskriven Mick Ronson med Joe Elliott[1]

Med David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Med Ian Hunter[endre | endre wikiteksten]

Med Bob Dylan[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 469. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. The 100 Greatest Gitarists of All Time : Rolling Stone
  3. Ronson, Mick. «Mick Ronson Ian Hunter and David Bowie». Performance and interview after. You Tube. http://www.youtube.com/watch?v=P8raYr-48h0. Henta 28. april 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 825–826. ISBN 1-84195-017-3. 
  5. Front Room Masters
  6. «Allmusic ((( Tumbleweed Connection (bonus tracks) > Credits )))». http://www.allmusic.com/album/r10454. 
  7. Tuckerzimmerman.org - henta 29. april 2011
  8. Discogs.com
  9. Taylor, Steve (2004). The A to X of Alternative Music (1st ed.). London: Xfm. s. 45. ISBN 0-8264-8217-1. 
  10. Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st ed.). London: Guinness Publishing Ltd.. s. 248. ISBN 0-85112-072-5. 
  11. «Allmusic ((( Pin Ups > Credits )))». allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2484. Henta 29. april 2011. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st ed.). London: Guinness Publishing Ltd.. ss. 57–58. ISBN 0-85112-072-5. 
  13. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 271. CN 5585. 
  14. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. s. 263. ISBN 1-904994-10-5. 
  15. «CREEM MAGAZINE 1974 READER POLL RESULTS». Concept Copyright Julian White. 1995-2010. http://www.rocklistmusic.co.uk/creem_lists.htm. Henta 29. april 2011. 
  16. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 282. CN 5585. 
  17. Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st ed.). London: Guinness Publishing Ltd.. s. 70. ISBN 0-85112-072-5. 
  18. "Gitar Legends: Mick Ronson - A Retrospective, by Peter Doggett"
  19. Digyorkshire.com - accessed mai 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]