Modi'in Illit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modi'in Illit
Modi'in Illit is located in Vestbreidda
Plasseringa til Modi'in Illit på Vestbreidda

Modi'in Illit (hebraisk מודיעין עילית, arabisk موديعين عيليت‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1994 og fekk bystatus av israelske styresmakter i 2008. Folketalet er 48 100.(2010) Modi'in Illit er den største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Modi'in Illit ligg i Ramallah og al-Bireh-provinsen. Busetjinga ligg 2 kilometer aust for grensa mellom Israel og Vestbreidda, om lag midt mellom Tel Aviv og Jerusalem. Buestjinga vert òg stundom kalla Kiryat Sefer, som er namnet på den første delen av busetjinga som vart bygd.

Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Modi'in Illit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda. Busettarane i Modi'in Illit er hovudsakleg såkalla ultra-ortodokse jødar, haredim. Folketalet i busetjinga aukar tre gonger raskare enn i gjennomsnittlege israelske byar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Jerusalem Diary: Monday 21 September" frå BBC 21. september 2009, på engelsk.