Myrflangre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Myrflangre

trua (EN)

Epipactis palustris 060705c.jpg

Systematikk
Rike: orkidefamilien,
asparagales,
einfrøblada planter
Vitskapleg namn
epipactis palustris

Myrflangre (Epipactis palustris) er ei plante i marihandfamilien (orkidéfamilien)

Utsjånad [endre]

Denne orkidéen har ein heilt spesiell utsjånad, med store kvite blomstrar og ei grasiøs utforming har blant anna botanikaren Axel Blytt rekna han for å vera den vakraste blomeen i Noreg. Han blir ikkje så høg, rundt 40 centimeter, men han er slank og har lange, smale blad.

Blomstrane til myrflangre er kvite, store og sit i aks på rundt ti blomstrar. Samla gjer dei eit stort inntrykk. Myrflangre har jordstenglar.

Utbreiing [endre]

Ein finn han i Europa, Nordvest–Afrika, Kaukasus og vest–Sibir

Førekomstar i Noreg [endre]

Myrflangre er knytta til kalkrik (alkalisk) myr, samtidig som han er varmekjær. Svært mykje kalkrik myr har blitt dyrka opp, og det har ført til at myrflangre har blitt utrydda mange stader. Arten har nå få veksestader igjen i Noreg. Ein berømt veksestad der han framleis finst er Slåttemyra i Nittedal kommune i Akershus fylke.

Arten veks nå rundt Oslofjorden og i Rogaland. Sidan habitatet til arten framleis er truga, er myrflangre totalfreda i Noreg. Myrflangre er også raudlista som truga (EN).

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Myrflangre