Nesttun-Osbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gamle Osbanen stasjon ved Osøyro.

Nesttun-Osbanen var ein privat smalspora jarnbane med 750 mm sporvidd som gjekk mellom Nesttun i Fana og Osøyro i Os. Banen vart opna i 1894 og nedlagt i 1935 på grunn av at drifta ikkje var lønsam.

Mykje av traseen kan framleis sjåast i terrenget, og er på lange strekningar gjort om til gang- og sykkelveg. Stasjonbygningen på Stend og nokre vogner er teke vare på som eit lite museum.

På Nesttun hadde banen stasjon saman med den dåverande Vossabanen (Bergensbanen), som gav samband til Bergen sentrum. Men då sporvidda var mindre på Osbanen enn på Vossabanen, måtte gods lastast om og passasjerar skifte tog.

Nesttun-Osbanen hadde stasjonar på Nesttun, Skjold, Rådal, Stend, Solbakken, Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernbabekkvn), Hamre, Kismul og Kalandseidet i Fana, og på Søfteland, Ulven, Kuven og Osøyro i Os.

Linekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon .svgBSicon .svgBSicon exLSTR.svg Bergensbanen (Vossabanen) frå Bergen
BSicon .svgBSicon exCPICla.svgBSicon exCPICr.svg 0,00 km Nesttun (1872) 31,4 moh.
BSicon .svgBSicon exSTR.svgBSicon exLSTR.svg til Arna
BSicon exHST.svg Skjold 52,0 moh.
BSicon exHST.svg 4,30 km Rådal (1894) 42,0 moh.
BSicon exBHF.svg 6,60 km Stend (1894) 60,0 moh.
BSicon exHST.svg Solbakken 53,0 moh.
BSicon exBHF.svg 8,60 km Fana (ved krysset Titlestadvn/Kvernabekkvn, 1894) 53,0 moh.
BSicon exHST.svg 9,90 km Hamre (1894) 54,0 moh.
BSicon exHST.svg Kismul 64,0 moh.
BSicon exHST.svg 15,10 km Kalandseidet (1894) 75,5 moh.
BSicon exBHF.svg 18,30 km Søfteland (1894) 56,0 moh.
BSicon exHST.svg 23,30 km Ulven (1894) 43,0 moh.
BSicon exHST.svg 25,30 km Kuven (1894) 22,5 moh.
BSicon exKBHFe.svg 26,30 km Osøyro (1894) 3,0 moh.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Osbanen som sykkelveg år 2000