Norges musikkhøgskole
| Norges musikkhøgskole | |
Foto: Hans A. Rosbach |
|
| Grunnlagt | 1973 |
|---|---|
| Type | Vitskapleg høgskole |
| Stad | Oslo |
| Studentar | 677 |
| Tilsette | 174 |
Norges musikkhøgskole på Majorstua i Oslo er den høgaste utdanningsinstitusjonen for musikk i Noreg. Institusjonen vart grunnlagd i 1973, men har røter attende til Musikkonservatoriet i Oslo, som vart danna som Organistskolen i Kristiania av Ludvig Mathias Lindeman og Peter Lindeman i 1883.
Norges musikkhøgskole (NMH) har 475 studieplassar, og tilbyr utdanning på bachelor-, master- og PhD-nivå innan utøvande musikk, komposisjon, musikkpedagogikk og musikkterapi. Det er mogleg å studere klassisk musikk, improvisert musikk/jazz og norsk folkemusikk.
I tillegg til musikkutdanning driv NMH med konsertverksemd og forsking. Dei tilbyr óg etterutdanning i mellom Administrasjon og ledelse og Minoritetskulturar i musikkundervisning.
I 2007 innvigde NMH eit nytt undervisningsbygg, 2. hus, i tilknyting til det eksisterande bygget ved Chateau Neuf på Majorstua.