Plantemaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvgåande risplantemaskin. plantemaskin.

Plantemaskin er ei jordbruksmaskin som vert nytta for å planta ulike vekstar i jorda. Dette er vekstar som er sådd og drivne fram til ein viss storleik i drivhus, eller på ein planteskule.

Grunnen til dette kan vera at dei treng mykje varme eller ljos og/eller spesialkompetanse for å få til å veksa. Ein annan grunn kan vera at ein ynskjer å forlenga vekstsesongen ved å driva fram plantene på etterjulsvinteren eller tidleg på våren.

Plantemaskinar er ofte tilpassa vekstane dei er laga for. Mange av dei er halvautomatiske og krev at ømfintlege planter vert mata inn manuelt. Dette er likevel snøggare enn manuell planting. På grunn av at dei som matar inn plantene sit på maskina har dei ei betre arbeidsstilling enn om dei skulle gå bøygde i åkeren.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]