Vossakasso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vossakasso er ei bakmontert kasse som vert nytta for å samla opp og transportera graset frå ein forhaustar i. Ho er festa på trekkramma til forhaustaren og vert nytta der det er for bratt til å nytta tilhengar. Ho har om lag same breidd som ein traktor og ein trekanta profil, sett frå sida. Bakluka i kassa er hengsla i overkant, og vert opna av tyngda av graset når låset blir opna. Når kassa er tom stengjer luka automatisk[1].

Vosakasso har gjort det mogleg å mekanisera siloslåtten der det ellers ville ha vore vanskeleg å nytta forhaustar. Forsøk utført ved Landbruksteknisk institutt (LTI) har vist at Vossakasso kan vera like effektiv som tilhengar når avstanden til siloen er kort[treng kjelde].

Vosakasso vert produsert av HMR Voss AS (før sept. 2004 Hordaland Mekaniske Verksted) på Voss[2]. I september 2004 vart Hordaland Mekaniske Verksted AS ein del av HMR Group, og skifta namn til HMR Voss AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.
  2. Vossakasso, HMR Voss AS

Bakgrunnsstof[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]