Silosvans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silosvans.

Silosvans er eit bakmontert traktorreiskap for å handsama gras med. Før det vart vanleg med forhaustar vart silosvans nytta for å raka saman nyslege gras med, for å køyra det i silo. Der det vat kort avstand kunne graset køyrast på silosvansen heilt til siloen. For å få med meir gras i gongen vart det nokre som nytta to silosvansar, ein bakmontert og ein montert på ein frontlastar. Men silosvans montert på frontlastar vart og nytta for å lessa graset på ein tilhengar. Silosvans vart òg nytta for å køyra saman gras når ein hesja. Ein får med 200-325 kg gras per lass[1]. Då forhaustarane tok over gjekk dei opphavlege silosvansane meir og meir ut av bruk. Ei ulempe med silosvansen er at han er trafikkfarleg, så tindane lyt dekkast til ved kjøring på offentleg veg.

plansiloane vart vanlege kom ein ny kraftigare type, som blir nytta for å jamna utover graset i siloen. Desse er ofte montert på kraftige traktorar eller hjullastarar. I Noreg har Kverneland og Tegle produsert silosvansar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Refernsar[endre | endre wikiteksten]

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.