Remis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I sjakk er remis, uavgjort, eitt av dei moglege resultata i eit parti - det andre moglege resultatet er vinst for den eine og tap for den andre spelaren.

Tradisjonelt har det i sjakkturneringar blitt gitt eit halvt poeng for remis til kvar av spelarane, eit poeng for vinst og null poeng for tap. Somme turneringar, mellom anna Grand Slam-finala i Bilbao har tildelt 3 poeng for vinst, 1 poeng for remis og 0 for tap. Dette er eit av fleire tiltak for å hindre korte avtalte remisar og fremme kampsjakk.

I barnesjakkturneringar kan det bli gitt 3 poeng for vinst, 2 poeng for remis og 1 poeng for tap.

Fram til 1867 vart turneringsparti som vart remis spelt omatt. I turneringa i Paris i 1867 var det så mange parti som måtte spelast omatt, at det førte til problem med å få avvikla turneringa. The British Chess Association bestemte seg for å gje kvar spelar eit halvt poeng ved remis i staden for å spele eit nytt parti Sunnucks 1970.

Remisreglar[endre | endre wikiteksten]

For det meste blir eit sjakkparti remis fordi det oppstår ein situasjon der ingen av spelarane kan vinne.

Dei alminnelege sjakkreglane nemner følgjande typar remis:

I parti spelte med sjakklokke og bestemt tenketid er her eit par reglar til som kan medføre remis.

Artikkel 5 og 9 i Verdssjakkforbundet sine reglar for sjakk beskriv korleis eit sjakkparti kan ende i remis:

Patt[endre | endre wikiteksten]

  • Patt - Partiet er remis når spelaren i trekket ikkje har noko lovleg trekk, og hennar/hans konge ikkje står i sjakk. Partiet endar då med «patt». Dette avsluttar partiet straks, under føresetnad av at trekket som førte til pattstillinga var lovleg.

3 gongar stillingsgjentaking[endre | endre wikiteksten]

  • 3 gongar stillingsgjentaking - Partiet er remis om spelaren i trekket fremjar eit korrekt krav om det, når same stillinga for minst tredje gong (ikkje nødvendigvis ved trekkgjentaking):

a) er i ferd med å oppstå, dersom spilleren først skriv trekket på noteringsskjemaet og erklærar til turneringsleiaren ho/han har til hensikt å utføre dette trekket, eller b) nettopp har oppstått og spelaren som krev remis er i trekket.

Stillingar blir rekna for å vere dei same, som beskrive i a) og b), når same spelar er i trekket, brikker av same slag og farge står på dei same felta, og alle moglegheiter for trekk er dei same for begge spelarane. Omgrepet moglegheiter for trekk handlar om retten til å slå en passant og rokade. Stillingar er ikkje dei same viss ein bonde som kunne ha blitt slått en passant ikkje lenger kan bli slått på denne måten. Når ein konge eller eit tårn er tvunge til å flytte seg, vil ikkje den eventuelle retten til å rokere falle bort før brikka er flytta.

50-trekkregelen[endre | endre wikiteksten]

  • 50-trekkregelen - Partiet er remis om spelaren i trekket fremjar eit korrekt krav om det, dersom

a) spelaren skriv eit trekk på noteringsskjemaet og erklærer til turneringsleiaren at ho/han har til hensikt å utføre dette trekket som vil føre til at dei siste 50 trekka frå begge spelarar er utført utan bondetrekk og utan slag av brikke, eller b) dei siste 50 påfølgjande trekka frå begge spelarar er utført utan bondetrekk og utan slag av brikke.

Fellesreglar for 3 gongar stillingsgjentaking og 50-trekkregelen[endre | endre wikiteksten]

Både for remiskrav etter 3 gongar stillingsgjentaking og 50-trekkregelen gjeld det, at spelaren må krevje remis før han røyver ei brikke. Viss spelaren ikkje krev remis på korrekt vis, misser ho/han retten til å krevje remis i dette trekket. Men retten kan naturlegvis oppstå på nytt seinare i partiet.

Når ein spelar krev remis etter reglane om 3 gongar stillingsgjentaking eller 50-trekkregelen, så har ho/han rett til å stoppe sjakklokka og tilkalle turneringsleiaren. Spelaren kan ikkje trekke kravet tilbake. Viss kravet er korrekt, er partiet straks remis. Viss kravet ikkje er korrekt blir motstandaren tildelt 3 minutt ekstra tenketid, og partiet held fram. Viss kravet var basert på eit trekk spelaren hadde til å utføre, så skal trekket utførast, i samsvar med reglane om rørt brikke osv.

Eit slikt remiskrav gjeld også som eit tilbod om remis, så motstandaren kan akseptere remisen utan at dommaren har tatt stilling til kravet. Når kravet er sett fram, kan det ikkje trekkast tilbake. Viss kravet er korrekt, eller motstandaren aksepterer remis, så er partiet over. Viss ikkje held partiet fram, og tilbodet om remis står ikkje lenger ved lag.

Sjakkmatt umogleg[endre | endre wikiteksten]

  • Umogleg å matte - Partiet er remis når det har oppstått ei stilling der ingen av spelarane kan matte motstandaren sin konge ved noko lovleg trekkrekkefølgje. Partiet endar då i ei "død stilling". Dette avslutter partiet straks, under føresetnad av at trekket som førte til stillinga var lovleg.

Dette er vanlegvis fordi det har oppstått ein stilling med utilstrekkeleg materiell til å matte, men dette er mogleg i mange andre stillingar også. Stillingar med utilstrekkeleg materiell til å matte er følgjande:

  • konge mot konge
  • konge og løpar mot konge
  • konge og springar mot konge
  • konge og løpar mot konge og løpar med løparane på same farge. Enda fleire løparar på same farge (pga bondeforvandling til løpar) gjer ingen forskjell.

Avtalt remis[endre | endre wikiteksten]

  • avtale om remis - Viss ikkje reglane for turneringa seier noko anna, kan dei to spelarane inngå avtale om remis når som helst i løpet av partiet. Inngått avtale om remis avsluttar partiet straks. FIDE har følgjande reglar om remistilbod og avtale om remis:

(1) Ein spelar som ønskjer å tilby remis, skal gjere det etter å ha utført eit trekk på sjakkbrettet og før ho/han trykker på klokka. Eit tilbod fremma på eit anna tidspunkt under spelet er likevel gyldig, men kan etter omstenda i tillegg sjåast på som å forstyrre motstandaren. Det kan ikkje knytast noko vilkår til remistilbodet. I begge tilfelle er tilbodet ugjenkalleleg og gyldig inntil motstandaren aksepterer det, avslår det muntleg, avslår det ved å røyve ei brikke med hensikta å flytte eller slå den, eller partiet blir avslutta på annan måte. (2) Remistilbod må noterast på noteringsskjemaet av begge spelarar med eit symbol, (=).

Ein spelar kan såleis tilby remis til motstandaren når som helst i partiet, vanlegvis fordi spelaren meiner at remis er det sannsynlege resultatet. Viss motstandaren aksepterer tilbodet, er partiet remis.

Evig sjakk[endre | endre wikiteksten]

Det ei vanleg oppfatning at evig sjakk – der ein spelar gir ei serie med sjakkar som den andre spelaren sin konge ikkje kan kome seg unna - er remis, men her er faktisk ingen regel om dette. Men ein slik situasjon vil uansett kome inn under reglane for 3 gongar stillingsgjentaking og også 50-trekkregelen, eller meir sannsynleg: Regelen om avtalt remis.

Avvik frå reglane[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om reglane nemnde over er FIDE sine reglar, og dermed blir brukt i alle større turneringar, så kan det skje at andre reglar blir praktiserte på lågare nivå, særleg med omsyn til reglane om hurtigavslutning.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

Korchnoi mot Karpov 1978
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Posisjon etter 124. Lc3-g7, patt[1]
Fischer mot Petrosjan, 1971
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Posisjon etter 30. De2, etter 32. De2, og etter 34. De2, remis etter tre gongar stillingsgjentaking[2]
Timman mot Lutz, 1995
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Posisjon etter 121... Tb5+, remis etter 50-trekkregelen[3]
Vidmar mot Maróczy, 1932
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Remis på grunn av for lite materiell til å sjakkmatte[4]
sjakkmatt er umogleg
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Remis. Inga serie av lovlege trekk kan føre til sjakkmatt.Mednis 1990, s. 43
Petrosjan mot Fischer, 1958
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Posisjon etter 67. f7, remis avtalt[5]

Remis i parti med tidskontroll[endre | endre wikiteksten]

I parti spelt med tenketid kan remis oppstå på andre vis.

Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Moglege sjakkmatt-stillingar for svart. Viss kvit overskrid tenketida med ei av desse stillingane, så vinn svart fordi det er mogleg å matte. Men i eit parti med hurtigavslutning, kan kvit dei to siste minutta av tenketida si krevje remis i slike stillingar viss han kan overtyde turneringsleiaren at svart ikkje kan vinne på anna vis enn på tid, eller at svart ikkje prøver å vinne på anna vis enn på tid. Turneringsleiaren kan då erklære partiet remis.

Remis fordi begge spelarane har brukt opp tenketida[endre | endre wikiteksten]

  • I parti der spelarane har ein avgrensa tid til heile partiet, og i den avsluttande tidsperioden i parti med hurtigavslutning, der begge spelarane overskrid tenketida, så blir partiet remis.

Remis etter overskriden tenketid fordi motstandaren ikkje kan matte[endre | endre wikiteksten]

  • Viss berre ein spelar har overskride tenketida, og den andre spelaren ikkje har tilstrekkeleg materiell til å sette sjakk matt, ikkje eingong med det dårlegast tenkelege motspel, så er partiet remis.

Dette betyr at viss tenketida går ut for den som har konge og dronning mot konge, så er partiet remis. Viss tenketida går ut for den som har konge og løpar mot konge og springar, så er partiet tapt. Det er rett nok heilt usannsynleg at ein blir matt i ei slik stilling, men det er teoretisk mogleg.

På grunn av denne siste moglegheita har artikkel 10 i FIDE sine Reglar for sjakk følgjande regel:

Remis fordi partiet ikkje blir forsøkt vunne eller kan vinnast på normalt vis[endre | endre wikiteksten]

  • Ei hurtigavslutning er den siste fasa av eit parti, der alle (attverande) trekk må utførast i løpet av avgrensa tid.
  • Viss spelararen som er i trekket har mindre enn to minutt igjen på klokka, kan spelaren krevje remis før klaffen på sjakklokka fell og tida går ut. Spelaren skal tilkalle turneringsleiaren og kan stanse klokkene til begge spelarar.

a) Dersom turneringsleiaren er einig i at motstandaren ikkje gjer nokon innsats for å vinne partiet på normal måte, eller at det ikkje er mogleg å vinne på normal måte, skal ho/han erklære partiet remis. I motsett fall skal turneringsleiaren utsette avgjerda eller avvise kravet.

b) Dersom turneringsleiaren utset avgjerda, kan ho/han tildele motstandaren to minutt tillegg i tenketida. Partiet skal så fortsette, om mogleg med ein turneringsleiar til stades. Turneringsleiaren skal erklære det endelege resultatet seinare i partiet eller så snart som mogleg etter at ein klaff har falle, og tenketida har gått ut. Turneringsleiaren skal erklære partiet remis viss ho/han meiner at sluttstillinga ikkje kan vinnast på normal måte, eller at motstandaren ikkje gjorde tilstrekkelege forsøk på å vinne på normal måte.

c) Viss turneringsleiaren har avvist kravet, skal motstandaren tildelast to minutt ekstra tenketid.

d) Turneringsleiaren sine avgjerder etter a, b og c er endelege.

Denne regelen set store krav til turneringsleiarane sin kompetanse.

Kor ofte blir sjakkparti remis?[endre | endre wikiteksten]

I sjakkparti spelt på høgt nivå, er remis det vanlegaste resultatet. Av om lag 22.000 parti publisert i The Week in Chess spelt mellom 1999 og 2002 av spelarar med FIDE-rating på 2500 eller meir, så var 55 % remis. Ei kjelde opplyser at om lag 36 % av parti spelt mellom dei beste sjakkprogramma på datamaskiner er remis.[6]

Remis-kombinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Stormeister i sjakk Jurij Averbakh oppgir desse moglegheitene til kombinasjonar for den svakare parten til å oppnå remis:

Nokre omgrep[endre | endre wikiteksten]

  • Ein «teoretisk remis» er ei stilling der det er kjent at resultatet blir remis viss begge spelarar spelar dei beste trekka.
  • Ein «posisjonell remis» er andre stillingar enn patt, der stillinga er remis trass i at her kan vere betydeleg forskjell i materiell, til dømes fordi spelaren som forsvarar seg klarar å sette opp ei festning.
  • Ein «stormeisterremis» er eit parti der spelarane avtalar remis etter få trekk, utan å ha gjort nokon særleg innsats for å vinne partiet.

Artiklar om remisreglar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • McCrary, John (2004), «The Evolution of Special Draw Rules», Chess Life (November): 26–27