Sørishavsstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørishavsstraumen er den kraftigaste havstraumen i verda.

Sørishavsstraumen, òg kalla Den antarktiske sirkumpolare straumen eller Sørpolstraumen, er ein havstraum som flyt frå vest til aust kring Antarktis. Han er ein krafitg straum av kaldt vatn i Sørishavet. Straumretninga kjem av at vinden her bles frå vest mot aust, og han vert derfor òg kalla Vestavindsdriften eller Vestavindsstraumen.

Straumen er djup og brei. Sjølv om straumsnøggleiken ikkje er så stor, omkring 0,1 m/s eller mindre, er vasstransporten stor. Med ei vassføring på om lag 125 Sverdrup er han den største havstraumen i verda.[1] Gjennom Drakesundet, som skil Sør-Amerika frå Antarktika, vert det transportert meir enn tre gonger så mykje vatn per tidseining som i Golfstraumen utanfor austkysten av USA. Han held varmt vatn borte frå Antarktis og gjer at kontinentet kan oppretthalde den store innlandsisen.

Klipperruta, som er den raskaste sjøvegen i verda, følgjer straumen rundt tre kontinentale kapp eller nes - Kapp det gode håp (Afrika), Southeast Cape (Australia) og Kapp Horn (Sør-Amerika).

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Sørishavsstraumen går langs yttergrensa av Atlanterhavet, Stillehavet og Det indiske havet, og er raskaste vegen mellom desse havbassenga. Om ein startar ved Sør-Amerika, renn han gjennom Drakesundet mellom Sør-Amerika og Antarktika og deler seg så ved Scotiaøyane i aust, der ein grunn varm grein renn nordover i Falklandstraumen og ei djupare grein går gjennom øyane mog vidare aust før òg denne svingar nordover. Gjennom Det indiske havet vert straumen delt i to av Kerguelenplatået i Det indiske havet, og svingar så nordover igjen. Ein kan òg sjå ei svinging når han passerer midthavsryggen søraust i Stillehavet.

Straumen får følgje av mange vêrfrontar. Den nordlege grensa til straumen er definert av den subtropiske fronten. Dette markerer grensa mellom varmt, og salt subtropisk vatn (generelt med ein salinitet større enn 34,9 promille, og ferskare, kjøligare subpolart vatn. Lenger sør finn ein den subantarktiske fronten, der det meste av vatnet i straumen vert transportert. Enno lenger sør ligg den antarktiske konvergensen, som markerer grensa mellom særs kaldt, og relativt ferskt vatn frå Antarktis ved overflata. Lenger sør ligg den sørlege grensefronten, der særs tungt djuphavsvatn kjem opp til berre nokre få hundre meter under overflata. Mesteparten av vatnet vert transportert i dei to midtre frontane. Den totale transporten gjennom Drakesundet kan vere opp mot 135 Sverdrup (135 millionar m³/s), eller om lag 135 gonger større vassføring enn alle elvane i verda til saman. Noko vatn kjem inn frå Det indiske havet, så transporten sør for Tasmania når kring 147 Sv.

Dynamikk[endre | endre wikiteksten]

Sørihavsstraumen vert driven av den kraftige vestavinden ved desse breiddegradene i Sørishavet.

Ved breiddegrader der ein har kontinent, vil vinden stuve opp vatn mot desse kontinenta. Men i Sørishavet er det ikkje noko kontinent som vatnet kan stuvast opp mot. Det finst forskjellige teoriar på kvifor Sørishavsstraumen er i balanse og ikkje bryt av nordover på grunn av jordrotasjonen og corioliskrafta. Den nordoverretta transporten er balansert av ein søroverrretta, trykkdriven straumen under djupna ti ldei store ryggsystema. Somme teoriar knyt desse straumane saman direkte, og indikerer at det er stor oppvelling av djuphavsvatn i Sørishavet, der dette vatnet vert omgjort til lettare overflatevatn, og omforming av vatn i den motsette retninga i nord. Slike teoriar knyt storleiken til Sørishavsstraumen direkte til den globale termohaline sirkulasjonen, særleg med sirkulasjonen i Nord-Atlanteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Surface Currents in the Southern Ocean