Sagtang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sagtang


Fucus serratus2.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Chromalveolata
Klasse: Phaeophyta
Orden: Fucales
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: F. serratus
Vitskapleg namn
Fucus serratus

Sagtang, er ei vanleg brunalge i strandsonen i Noreg.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Ein kraftig brunalge som kan verte opp til 1 m høg. Planta er flat og noko vifteforma med 1-3 cm breie greiner. Tangen er alltid lett å kjenne på den sagtakka kanten, og har ei markert midtribbe som går over i ein tynn stilkforma del nedst. Han- og hoorgana (receptaklane) finst aldri på same planta. Dei veks fram om hausten som ein tjukkare del i vanlege greinendar og er omgjevne av ein steril sagtakka kant. Befruktinga går føre seg i april-mai.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tangen finst langs atlanterhavskystane i Europa frå Svalbard til Portugal, samt på Kanariøyane og austkysten av Nord-Amerika. Arten er introduset på Island og Færøyane gjennom dei siste 1000 åra.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Tangen er vanleg langs heile kysten, også langt inne i fjordane. I eit normalt klippestrandprofil på skjerma kyst dannar sagtang eit markert belte (sagtangbeltet) frå like under lågvasslina til ned til om lag 2-3 m djupn, der tareartane tek over. Sagtang si grense oppover vert ofte brukt til å definere litoralsonen si nedste grense.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Fucus serratus» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2012.
  • Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).