Salvar kamíz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salvar lagt flatt og bretta og kamiz. Frå Oriental Costume (1922) av Max Tilke.

Salvar kamíz (panjabi ਸਲਵਾਰ ਕਮੀਜ਼ [salvār kamīz]), hindi सलवार क़मीज़ [salvār qamīz]) eller sjalvar kamíz (urdu شلوار قمیض [šalwār qamīz]), også kalla panjabidress, er ei sørasiatisk klesdrakt. Drakta er ein kombinasjon av vide, pysjamasaktige bukser (salvar) og ei noko lang og stundom vid skjorte (kamíz). Kleda kan brukast av både menn og kvinner, men har ulik utforming. Salvar kamízar for kvinner er som oftast fargerike og gjerne pynta med broderi, perler og finsaum. Kleda for menn er haldne i meir nøytrale fargar og har sjeldnare broderi.

Pakistansk gut og jente med salvar kamiz.

Salvar kamíz er det mest utbreidde antrekket for både kvinner og menn i Pakistan, og ofte òg i Afghanistan. I India (særleg i Panjab) og Bangladesh er salvar kamíz svært utbreidd som antrekk for kvinner, og blir stadig meir brukt. Plagget blir sett på som meir praktisk og moderne enn den tradisjonelle indiske sarien (ein kan til dømes lett køyre moped med salvarbukser), og er i ferd med å bli standardantrekket for unge eller yrkesaktive kvinner i mange byar.

Underdel[endre | endre wikiteksten]

Utstrekte salvar-bukser.

Buksene («salvar») til ein salvar kamíz er vide øvst, og dei som regel samla i livet med ei midjesnor, sjølv om dei òg kan festast med strikk.

Salvarbuksene kan minna om pysjamasbukser. Beina er vide øvst og smalnar mot hælen, der dei har ei plissering.

Det finst òg bukser med svært lange og smale bein som samlar seg i bulkar mot oklane. Desse blir kalla tjudídar (चुडीदार).

Tre kvinner i Jaipur som bruker dupattaen på ulikt vis.
Foto: Steve Evans

Overdel[endre | endre wikiteksten]

Kamizen er ei lang skjorte med saumar i sidene som stoppar noko under navlen. Dette gjev brukaren større rørslefridom enn ein kjortel eller kjole. Samstundes er kamizen luftigare enn kortare plagg, og blir sett på som meir saumeleg ettersom han dekker store delar av beina.

Ordet kamíz kjem frå latinsk camisia, 'skjorte' eller 'tunika', som har spreidd seg til fleire europeiske språk (til dømes fransk chemise), og til arabisk, som truleg er opphavet til ordet i urdu og hindi.

Tilleggsplagg[endre | endre wikiteksten]

Kvinner plar som regel bruka ein dupatta, eit langt skjerf eller sjal til salvar kamizen. Dupattaen blir vikla rundt hovudet og halsen, eller heng laust over eine eller begge skuldrene. For muslimske kvinner er dette eit enklare hidjabalternativ enn tsjador eller burka. For hindukvinner frå Nord-India kan sjalet brukast til å dekka hovud i tempel eller for eldre folk dei vil visa respekt. Men dupattaen er framfor alt eit moteplagg, fint dekorert i same stilen som resten av kleda.

Mange menn bruker ein lang, laus vest over skjorta. Denne blir hovudsakleg brukt for å halda varmen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hindujente i Karachi med salvar og kort kamíz rundt 1870.

Ein trur at klesdrakta salvar kamíz opphavleg vart utvikla i dei tyrkisk-iranske ridande steppefolka i Sentralasia. Mange av desse folka slutta seg etterkvart til islam. Frå 1100-talet av førte ei rad av hærtog og invasjonar til tyrkisk-iransk muslimsk herredømme — først gjennom Delhisultanatet og seinare gjennom Mogulriket — i store delar av området som i dag utgjer det nordlege India og Pakistan. Moten følgde politikken, og salvardressen vart populær blant menn og etterkvart òg blant kvinner i heile dette området. I dag er sambandet med islam mykje svakare, og særleg blant kvinner blir salvar kamíz bruka på tvers av religionsgrensene. Dupattaen blir blant muslimske kvinner gjerne bruka som hovuddekke i tråd med hidjabprinsippet, medan han blant hindukvinner blir vekselvis bruka som ledig sjal og — i samband med tempelbesøk og som respekt for eldre — som hovuddekke.

Kjøp av salvar kamíz[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt har ein gått til den lokale skreddaren og bestilt ein salvar kamíz etter mål. Ein vel da stofftype og stil (buksetype, kragestil, broderi, ermetype, kamízlengd osv.). I dag er det òg vanleg å kjøpa ferdige drakter som passar ulike storleikar.

Prisen på ei drakt kan variere frå kring 150 NOK til over 5 000 NOK. Det finst indiske klesbutikkar i mange større vestlege byar — inkludert Grønland i Oslo i Noreg. Nokre etniske og historiske klesmønsterprodusentar sel mønster for salvarar, tjudídarar, kamízar og kurtaer som kan kjøpast i tøybutikkar eller på Internett.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salvar kamíz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sørasiatiske klede

Hovud og hals: turban | rumál (hovudtørkle)  | dupatta (sjal)
Overdelar: kurta (kjortel) | tsjoli (bluse) | uttaríyam (laus kappe)
Nederdelar: dhoti, vetti, lungi (lendeklede) | katjha (sid underbrok) | tjudídar (smalnande bukser) | padjáma (vide bukser)
Samansette antrekk: sari | læhnga tsjoli | pávádai dávani | salvar kamíz