Oscar Torp
Oscar Fredrik Torp (8. juni 1893–1. mai 1958), fødd på Hafslund i Skjeberg, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, mest kjend som statsminister i Noreg i perioden 1951 til 1955.
Oscar Torp hadde ei lang politisk karriere, og svært mange viktige politiske verv. Frå 1923 til 1945 var han leiar for Arbeidarpartiet. Han hadde frå 1935 ei rekkje statsrådverv, først i Regjeringa Nygaardsvold:
- konstituert statsråd og sjef for Forsvarsdepartementet 20. desember 1935 - 15. august 1936.
- statsråd og sjef for Sosialdepartementet 13. november 1936 - 1. juli 1939
- Finansdepartementet 1. juli 1939 - 28. november 1941
- Konstituert Forsvarsminister 28. november 1941 - 20. mars 1942
- Forsvarsminister 20. mars 1942 - 25. juni 1945
Så i Einar Gerhardsen si samlingsregjering
- Forsvarsminister 25. juni 1945 - 5. november 1945
Deretter i Einar Gerhardsen si andre regjering
- Forsynings- og gjenreisingsminister 5. november 1945 - 10. januar 1948
Oscar Torp vart deretter parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. Han hadde blitt vald inn på Stortinget frå Oslo alt i 1936, og var vald stortingsrepresentant for Oslo fram til 1949, men hadde aldri møtt som representant - fordi han heile tida hadde vore regjeringsmedlem - før han gjekk ut av regjeringa i 1948.
Sommaren 1948 søkte han, og fekk, stillinga som Fylkesmann i Vestfold, og sa frå seg attval til Stortinget for Oslo. Men Arbeidarpartiet for valkrinsen for byane i Vestfold tilbaud han så førsteplassen på lista til stortingsvalet i 1949, noko han takka ja til, og han tok deretter fatt på ein ny periode på Stortinget.
Den 10. november 1951 bad Einar Gerhardsen overraskande om å få gå av som statsminister. Han foreslo Oscar Torp som sin etterfølgjar, noko som fekk tilslutning, og 19. november 1951 tiltredde han som statsminister. Oscar Torp møtte mange vanskar som statsminister, og han var også etter kvart noko svekka helsemessig. 27. desember 1954, på eit uformelt toppmøte i Arbeidarpartiet, vart det avgjort at Oscar Torp skulle be om avskil, og be Einar Gerhardsen ta over som statsminister igjen. Regjeringsskiftet skjedde deretter den 22. januar 1955.
Oscar Torp vart deretter vald til Stortingspresident, eit verv han hadde til han døydde.
Sjå òg[endre]
Kjelder[endre]
- Hans Olav Lahlum: Oscar Torp En politisk biografi Oslo 2007 ISBN 978-82-02-23573-4
- Biografi over Oscar Torp hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010
- Oscar Torp hos Stortinget.no, vitja 15. januar 2010
| Føregjengar Emil Stang d.y. |
Leiar av Arbeidarpartiet 1923–1945 |
Etterfylgjar Einar Gerhardsen |
| Føregjengar Einar Gerhardsen |
Statsminister i Noreg 1951–1955 |
Etterfylgjar Einar Gerhardsen |
| Norske statsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Johan Nygaardsvold (1945) · Einar Gerhardsen (1945–51) · Oscar Torp (1951–55) · Einar Gerhardsen (1955–63) · John Lyng (1963) · Einar Gerhardsen (1963–65) · Per Borten (1965–71) · Trygve Bratteli (1971–72) · Lars Korvald (1972–73) · Trygve Bratteli (1973–76) · Odvar Nordli (1976–81) · Gro Harlem Brundtland (1981) · Kåre Willoch (1981–86) · Gro Harlem Brundtland (1986–89) · Jan P. Syse (1989–90) · Gro Harlem Brundtland (1990–96) · Thorbjørn Jagland (1996-97) · Kjell Magne Bondevik (1997–2000) · Jens Stoltenberg (2000–01) · Kjell Magne Bondevik (2001–05) · Jens Stoltenberg (2005–) |
| Norske forsvarsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Oscar Torp (1945) · Jens Chr. Hauge (1945–52) · Nils Langhelle (1952–54) · Kai Birger Knudsen (1954–55) · Nils Handal (1955–61) · Gudmund Harlem (1961–63) · Håkon Kyllingmark (1963) · Gudmund Harlem (1963–65) · Otto Grieg Tidemand (1965–70) · Gunnar Hellesen (1970–71) · Alv Jakob Fostervoll (1971–72) · Johan Kleppe (1972–73) · Alv Jakob Fostervoll (1973–76) · Rolf Hansen (1976-79) · Thorvald Stoltenberg (1979–81) · Anders C. Sjaastad (1981–86) · Rolf Presthus (1986) · Johan Jørgen Holst (1986–89) · Per Ditlev-Simonsen (1989–90) · Johan Jørgen Holst (1990–93) · Jørgen Kosmo (1993–97) · Dag Jostein Fjærvoll (1997–99) · Eldbjørg Løwer (1999–2000) · Bjørn Tore Godal (2000–01) · Kristin Krohn Devold (2001–05) · Anne-Grete Strøm-Erichsen (2005–09) · Grete Faremo (2009–2011) · Espen Barth Eide (2011-2012) · Anne-Grete Strøm-Erichsen |
| Norske handelsministrar | |
|---|---|
| Erik Brofoss (1947-54) · Oscar Torp (1954) · Nils Langhelle (1954-55) · Arne Skaug (1955-62) · Oscar Chr. Gundersen (1962-63) · Kåre Willoch (1963) · Erik Himle (1963-64) · Trygve Lie (1964-65) · Kåre Willoch (1965-70) · Otto Grieg Tidemand (1970-71) · Per Kleppe (1971-72) · Hallvard Eika (1972-73) · Jens Evensen (1973-74) · Einar Magnussen (konstituert) (1974-76) · Hallvard Bakke (1976-79) · Reiulf Steen (1979-81) · Kari Gjesteby (1981) · Arne Skauge (1981-83) · Asbjørn Haugstvedt (1983-86) · Kurt Mosbakk (1986-88) · Jan Balstad (1988-89) · Kaci Kullmann Five (1989-90) · Eldrid Nordbø (1990-91) · Bjørn Tore Godal (1991-94) · Grete Knudsen (1994-96) |
- Fødde i 1893
- Døde i 1958
- Norske statsministrar
- Norske forsvarsministrar
- Norske sosialministrar
- Norske finansministrar
- Norske forsynings- og gjenreisingsministrar
- Stortingspresidentar
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar for Vestfold-byane
- Stortingsrepresentantar for Vestfold
- Norske politikarar
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- Arbeidarpartipolitikarar
- Folk frå Sarpsborg
- Fylkesmenn i Vestfold
- Norske statsrådar 1905-1940
- Norske statsrådar 1940-1945
- Norske statsrådar etter 1945