Sitkagran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sitkagran

Status i verda: LC Livskraftig

Picea sitchensis forest.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Pinophyta
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Picea

L.

Art: sitchensis
Vitskapleg namn
Picea sitchensis
Sitkagran
Namn på andre språk
Nordsamisk Beahci
Svensk Sitkagran
Dansk Sitka-Gran
Engelsk Sitka Spruce
Tysk Sitka-Fichte
Fransk Épinette de Sitka, Épicéa de Sitka
Spansk Pícea de Sitka
Russisk Jel sitkhinskaja (Ель ситхинская)

Sitkagran (Picea sitchensis) er ein plante i furufamilien, tilhøyrande granslekta. Ho høyrer naturleg heime på Stillehavskysten i Nord-Amerika, mellom den 39. og 62. breiddegraden.

Det er eit utprega kysttre. Det kan bli av verdas største tre; i Amerika når det høgder nær 100 meter og diametre over 4 meter. Sitkagrana er mykje bruka i skogreisinga i Vest-Europa.

Sitkagrana har mørkgrøne nåler med glasaktige, kvasse nålespisser.

Sitkagran i skogbruket[endre | endre wikiteksten]

Sitkagran er lyskrevjande. Ho trivst best i mildt kystklima, på næringsrik, frisk og fuktig jord. Ho toler godt sterk vind.

Når sitkagran står aleine eller i glisne bestand, vert ho særs kvistrik. I tette bestand kan ho verte slank og kvistrein. Veden er kvit eller lyst gul. Han er lett og inneheld lite harpiks; difor er han mindre varig enn granved. Virket er godt egna til cellulose og tremasse.

Utanom det naturlege utbreiingsområdet har sitkagrana etter kvart fått stor utbreiing, slik at sitkagrana har vorte det økonomisk viktigaste treslaget i somme av dei nordvestlege delane av Europa, bl.a. i delar av Danmark og Nord-Tyskland samt i Skottland, Wales og Irland.

Sitkagran i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart det planta nokre få sitkagraner rundt 1900, noko meir først på 1920-talet. Frå 1950 vart treslaget systematisk nytta i skogreisinga på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg. På 1960-talet vart det årleg sett ut om lag 5 millionar sitkaplantar for året. I Noreg har vi no om lag 500 000 dekar sitkagranskog.

I skogreisinga i Nord-Noreg har lutzigran, ei kryssing eller ei mellomform mellom sitkagran og kvitgran, dei siste tretti åra teke plassen til sitkagrana i skogreisingsarbeidet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sitkagran