Skjelgribb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjelgribb

Status i verda: NT Nær truga

Skjelgribb. Foto: Rob Schoenmaker
Skjelgribb.
Foto: Rob Schoenmaker

Systematikk
Klasse: Aves
Familie: Accipitridae
Slekt: Gyps
Art: G. rueppellii
Vitskapleg namn
Gyps rueppellii

Skjelgribb (Gyps rueppellii) er ein stor gribb i haukefamilien med utbreiing i det sentrale Afrika, inklusive Etiopia, Sudan, Tanzania og Guinea. Han har fått vitskapleg namn etter den tyske forskaren Eduard Rüppell.

Skjelgribb i Nairobi nasjonalpark i Kenya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne individ av skjelgribb er nær ein meter i lengd, med eit vengespenn på rundt 2,6 m, og ei vekt som vanlegvis ligg mellom 7 og 9 kg. Kjønna har eins utsjånad, spraglet brun eller svart farga overside med bleikbrun underside. Tynn, skitten lys lo dekkjer hovud og nakke. Lengst ned på halsen finst ein kvit krage, auget er gult eller oransje, og han har ein mørk sjokoladebrun strupeflekk. I regelen er dei lydlause, men dei kan høyrast under hekking, og når dei et på åtsel skrik dei mykje.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Skjelgribbar er særs sosiale fuglar, dei kviler, hekkar og et i store flokkar. Dei kan flytte seg raskt når det trengst, dei svevar med ei fart opptil 35 km/t, og kan gjerne flyge så langt som 150 km frå reirstaden for å finne mat. Dei kan gå opp i store høgder, 6000 m er ikkje uvanleg, og i eit særmerkt høve hendte det at eit fly over Elfenbeinskysten kolliderte med ein skjelgribb 11 300 moh. Dette er den høgste kjente fugleobservasjon i verda. [1] Skjelgribbar har en spesialisert variant av hemoglobin alphaD typen; dette proteinet i blodet gjer at fuglane effektivt kan ta opp oksygen trass det låge partielle trykket i øvre troposfæren. [2]

Hovudet til ein skjelgribb.
Skjelgribb
Namn på andre språk
Svensk Rüppelgam
Engelsk Rüppell's Vulture
Tysk Sperbergeier
Fransk Vautour de Rüppell
Spansk Buitre de Rupell
Russisk Afrikanskij sip (Африканский сип)

Dette er ein art som er tilpassa steppeland i tørre område og fjellområde i Afrika, særleg halvørkenar og randsona av ørkenar. Kvileplassar ligg på utilgjenglege fjellhyller og i tre, vanlegvis akasie. Når termikken set inn omtrent to timar etter soloppgang, tar skjelgribbane av frå kvileplassen, startar patruljering av territoriet og søker etter åtsel eller matrestar etter at rovdyr har tatt bytte. Om naudsynt kan dei vente i mange dagar til kjøttetarane forlèt åtselet. Det er kjent at dei kan ta levande bytte sjølv, men det hender sjeldan.

Skjelgribbar har eit spesielt kraftig nebb. Dei tar først for seg av dei mest attraktive mjuke delane av åtselet, så held dei fram med dei harde delane, til med beinstrukturar. Riller på tunga hjelper til med å skrape av kjøtt frå beina. Dei stappar i seg så mykje at dei knapt kan flyge.

Skjelgribb skifta kategori frå livskraftig til nær truaIUCN raudliste frå 2006 til 2007. [3]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Skjelgribb

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas Alerstam, David A. Christie, Astrid Ulfstrand, Bird Migration, (1990) side 276
  2. Weber RE, Hiebl I, Braunitzer G., "High altitude and hemoglobin function in the vultures Gyps rueppellii and Aegypius monachus", 369 (4): 233–40
    Biologisk Institutt, Universitetet i Odense, April 1988
  3. Rekneark hos birdlife.org: Species changing category 2006-2007