Songen Autobahn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Autobahn
Singel av Kraftwerk
frå albumet Autobahn
B-side

«Morgenspaziergang» (Tyskland)
«Kometenmelodie 1» (UK)

Utgjeve Mai 1975
Innspelt 1974
Sjanger Elektronisk musikk, krautrock, progressiv rock
Lengd 3:28 (singel)
3:06 (britisk singel)
22:43 (albumversjon)
Selskap Philips 6003438
Vertigo 6147 012
Produsent Kraftwerk, Conny Plank
Kraftwerk-kronologi 
«Comet Melody 2»
(1974)
Autobahn «Radioactivity»
(1976)


«Autobahn» er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk, skriven av Ralf Hütter og Florian Schneider i bandet, medan Emil Schult hjelpte til med teksten. Songen er produsert i lag med Conny Plank og var den første songen til bandet med tekst. Songen vart skriven for å fange kjensla av å køyre på ein motorveg.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten til songen er på tysk og hovudrefrenget er «Wir fahren fahren fahren auf der Autobahn» («Me køyrer køyrer køyrer på Autobahn»). Refrenget vart ofte mistolka som «Fun fun fun on the Autobahn.» Wolfgang Flür kommenterte seinare: «Nei! Nokon fortalte meg dette og at måten me på tysk seier, 'Fahren,' som tyder å køyre, høyres ut som det engelske ordet, 'fun.' 'Fahren fahren fahren,' 'fun fun fun.' Det er feil. Men det fungerer. Me hadde ikkje noko fartsgrense på autobahn, me kunne køyre så fort me ville, gjennom Alpane, så ja, fahren fahren fahren, fun fun fun. Men det har ikkje noko med the Beach Boys å gjere! Med brukte å køyre mykje, med lytta til lyden av køyringa, vinden, passerande bilar og lastebilar, regnet, heile tida endrar lydane seg rundt deg og ideen var å gjenskape desse lydane på synth."[1]

Ralf Hütter sa derimot at The Beach Boys var ei inspirasjonskjelde for bandet og verka meir open mot tolkinga om refrenget som ei hyllest til Beach Boys-songen, «Fun, Fun, Fun».

I motsetnad til mange av dei andre mest populære songane til bandet, vart ikkje denne gjeven ut på noko anna språk.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Instrumenta nytta på songen var for 1974 særs innovative og er kjend for den store innverknaden det fekk på mange seinare sjangrar innan elektronisk popmusikk og dansemusikk. I arrangementet vart det mellom anna nytta:

  • Elektroniske perkusjonsputer, spelt av Wolfgang Flür.
  • Bruk av den klassiske 'Moog bass'-lyden for å spele basslinja, der det vert spelt eit oktavriff med analogt ekko på.
  • Libera bruk av faseregulering på synthen for å spele akkordar.
  • Bruk av vocoder for å handsame noko av vokalen.
  • Bruk av såkalla 'motorik'-rytme i 4/4-takt i den siste delen av songen.

Arrangementet nytta seg òg av akustiske element som gitar og fløyte.

Bandet har halde fram å spele denne songen på konsertane sine gjennom heile karrieren. Konsertversjonane har utvikla seg kontinuerleg etter kvart som bandet har tilpassa han nye instrument og utstyr på scenen.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av songen på over 22 minuttar vart spelt inn som tittelsporet på albumet Autobahn. Denne vart redigert ned til berre 4 minuttar og gjeve ut som singel, og han vart ein uventa hit i USA og mange andre land. Dette var den første hitten deira i karrieren. Ein anna versjon på 3 minuttar og 27 sekund, kom ut i Storbritannia og nådde 11. pass der. Denne kom seinare ut på den britiske samleplata Exceller 8. Songen nådde òg 12. plass i Canada og Nederland.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canada 12
Tyskland 9
Irland 20
Storbritannia 11
U.S. Billboard Hot 100 25

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Dave. «Autobahn». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 24. mars 2013.