Radio-Activity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radio-Activity
Studioalbum av Kraftwerk
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt Kling Klang Studio - Düsseldorf i Tyskland
Sjanger Elektronisk, eksperimentell
Lengd 37:38
Selskap Kling Klang
EMI
Capitol
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
Autobahn
(1974)
Radio-Activity Trans-Europe Express
(1977)
Singlar frå Radio-Activity
  1. «Radioactivity» med B-sida «Antenna»
    Utgjeve: 1976, Capitol CL15853, UK
  2. «Radioaktivität» med B-sida «Antenne»
    Utgjeve: 1976, Kling Klang 1C00682119, Tyskland
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Q 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Mojo 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Uncut 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Rolling Stone not rated[5]
Drowned in Sound 8/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]

Radio-Activity (tysk tittel: Radio-Aktivität) er det femte studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, som kom ut i oktober 1975. Den engelske og tyske utgåva er identiske utanom titlane, og begge har tekstar på begge språk. Albumet er eit konseptalbum.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet er eit ordspel som syner til radioaktivitet og aktivitet på radio. Fleire ordspel finst i songtitlane, som «Ohm Sweet Ohm» og «Radio Stars», som kan syne til popstjerner, medan teksten omhandlar kvasarar og pulsarar.

Dette var det første Kraftwerk-albumet som vart produsert av Hütter & Schneider aleine i Kling Klang studio, og det første som vart spelt inn med den «klassiske» besetninga med Hütter/Schneider/Bartos/Flür. All musikken vart skriven av Hütter/Schneider, medan Emil Schult samarbeidde på tekstane. Schult designa òg plateomslaget, ei modifisert utgåve av illustrasjonen for 'Deutscher Kleinempfänger' frå slutten av 1930-åra.

Det var det første Kraftwerkalbumet som nytta bruk av Vako Orchestron (kor, strykarar og orgellydar), som gruppa hadde kjøpt under den nylege amerikanske Autobahn-turneen og Moog Micromoog som vart mykje nytta på dette albumet. Mellom anna skapar det dei skurrande lydane på «Antenna». Det sjølvbygde elektroniske perkusjonsinstrumentet vert òg mykje nytta på albumet, og det same vart ein vocoder. Dei nytta òg dei vanlege synthesizerane (som Minimoog og ARP Odyssey), og Hütter sitt Farfisa elektroniske piano vart nytta på «Transistor». For første gongen på eit album nytta ikkje gruppa fløyte, fiolin eller gitarar.

I 1975 hadde den tidlegare distribusjonsavtalen til Hütter og Schneider med Capriccio Music og Star Musik Studio i Hamburg gått ut. Komposisjonane på Radio-Activity vart publiserte på deira eige selskap, Kling Klang Verlag, som gav dei større økonomisk kontroll over songane dei skreiv. Albumet var òg det første gjeve ut med distribusjonsavtale hos EMI. Albumet nådde 59. plass i Canada i februar 1976.

Tittelsporet «Radioactivity» vart gjeve ut som singel, og vart ein hitt i Frankrike eter at han vart nytta som kjenningsmelodi til eit populært musikkshow. Songen vart sidan spelt inn på ny av Kraftwerk for albumet deira The Mix i 1991. Han vart ytterlegare miksa for ei singleutgjeving av William Orbit og François Kevorkian.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Hütter/Schneider/Schult, all musikk komponert av Hütter/Schneider.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Geiger Counter» (Geigerzähler) 1:07
2. «Radioactivity» (Radioaktivität) 6:42
3. «Radioland»   5:50
4. «Airwaves» (Ätherwellen) 4:40
5. «Intermission» (Sendepause) 0:39
6. «News» (Nachrichten) 1:17
Side to
# Tittel Lengd
7. «The Voice of Energy» (Die Stimme der Energie) 0:55
8. «Antenna» (Antenne) 3:43
9. «Radio Stars» (Radio Sterne) 3:35
10. «Uranium» (Uran) 1:26
11. «Transistor»   2:15
12. «Ohm Sweet Ohm»   5:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason (2011 [last update]). «Radio-Activity - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/radio-activity-r11205. Henta 24. mars 2013. 
  2. Musikkmagasinet Q (p.116) - 4 stars out of 5 -- «[A] conceptual piece that diverted Kraftwerk's music into monochrome retro-futurism..."
  3. Snow, Mat (November 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  4. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk - Reissues». Uncut. http://www.uncut.co.uk/music/kraftwerk/reviews/13709. Henta October 22, 2009. 
  5. Ward, Ed (2011 [last update]). «Kraftwerk: Radio-Activity : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. http://web.archive.org/web/20090213141416/http://www.rollingstone.com/artists/kraftwerk/albums/album/91608/review/6067422/radioactivity. Henta 24. mars 2013. 
  6. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk - Radio-Activity: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. http://drownedinsound.com/releases/14729/reviews/4138105. Henta 24. mars 2013. 
  7. (2009) Plateomslagstekst for Radio-Activity (Digital Remaster) avKraftwerk [CD]. Great Britain: Mute Records (CDSTUMM304).

}}