Sporvefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sporvefamilien


Gråsporv
Gråsporv

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Passeridae
Slekter
Vitskapleg namn
Passeridae

Sporvefamilien, i kortform kalla sporvar, er ein biologisk familie av små sporvefuglar, Passeridae. Dei er òg kjent som verklege sporvar, eller sporvar i «den gamle verda». Sporvar er òg eit namn som blir brukt for ei slekt i familien, Passer. Passeridae er ulike frå dei amerikanske sporvane, som liknar i utsjånad og er plassert i busksporvfamilien, Emberizidae. Sporvar kan vere dei mest kjende av alle ville fugleartar ettersom fleire sporveartar hekkar i eller nær busetnader, og særleg finn store mengder gråsporv og pilfink innanfor byar.[1] Dei er først og fremst frøetarar, sjølv om dei òg et små insekt. Nokre artar søkjer føde rundt byar, og nett som måsar og duer vil dei gjerne ete nesten kva som helst i små mengder.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste sporveartane er små, tettbygde, brune og grå fuglar med korte halar og kort, kraftig nebb. Skilnadene mellom artane i familien kan vere spissfindige. Medlemmer av denne familien varierer i storleik frå brunsporv (Passer eminibey), på 11,4 centimeter og 13,4 gram, til tjukknebbsporv (Passer gongonensis), på 18 centimeter og 42 gram. Fysisk liknar sporvar på andre frøetande fuglar, til dømes finkar, men sporvar har ei rudimental, dorsal ytre primærefjør og eit ekstra bein i tunga.[2][3] Dette beinet hjelper den stive tunga til å handtere frø. Andre tilpassingar for å ete frø er spesialisert nebb og langstrakt og spesialisert fordøyingssystem.[4]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Sporvar har naturleg utbreiing i Europa, Afrika og Asia. Nokre artar er introduserte av menneske til Amerika, Australia og andre delar av verda. Desse har tilpassa seg i nye leveområde, spesielt i urbane område. Til dømes finn ein no gråsporv over heile Nord-Amerika, i kvar stat i Australia unntatt Vest-Australia, og over mykje av dei tett folkesette delane av Sør-Amerika.[4]

Generelt er sporvane fuglar som lever i opne habitat, inkludert grassletter, ørken og krattskog. Alle fjellsporvar, Montifringilla, lever på høge breiddegrader. Nokre artar som pilfink, lever i ope skogsterreng.[4] Den avvikande arten, kanelbrillefugl, har det mest uvanlege habitat i familien, dei lever i trekroner i tåkeskog i Filippinene.[5]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sahelsporv, Passer luteus, er svært selskapelege utanfor hekkesesongen
Foto: Christiaan Kooyman

Sporvar er generelt sosiale fuglar, mange artar hekkar i lause koloniar og dei fleste artene lever i flokkar utanom hekkesesongen. Akasiesporv, Passer motitensis, er eit unntak, dei hekkar parvis og samlast berre i små familiegrupper utanom hekkesesongen. Dei fleste artane dannar store flokkar for overnatting og kvile. Slike flokkar inneheld berre ein einskild art, i motsetnad til fleirartsflokkar som kan samlast for søk etter føde. Kvileplassane blir valt slik at dei gjev skjul og inkluderer tre, tjukke buskar og takrøyrbelte. Samlingane kan bli ganske store, opp til 10 000 gråsporvar vart talt opp på ein kvileplass i Egypt.[4]

Sporvar er ein få familiar av Passeriformes der ein finn artar som tar støvbad. Sporvar vil først skrape ei grop i bakken med føtene, så senkar dei seg ned og sleng skitt eller sand over kroppen med vengeslag. Dei vil òg bade i vatn, i tørr snø eller smeltande snø. Vassbading liknar støvbading, der sporven står på grunt vatn og slår vatn over ryggen med vengene, og dukkar hovudet under vatn. Begge aktivitetane er sosiale, med opp til hundre fuglar som deltar på ein gong, og etterfølgjast av fjørpuss og nokre gonger song i gruppa.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Passeridae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [7]

  • Hypocryptadius
  • Passer er 25 artar tjukkfalne, små brune eller grå fuglar, ofte med svarte, gule eller kvite teikningar. Slekta inluderer gråsporv.
  • Carpospiza

I Noreg hekkar artane gråsporv (Passer domesticus) og pilfink (Passer montanus).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clement, Peter; Colston, P. R. (2003). «Sparrows and Snowfinches». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 590–591. ISBN 1-55297-777-3. 
  2. Bledsoe, A. H.; Payne, R. B. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 222. ISBN 1-85391-186-0. 
  3. Clement, Peter; Harris, Alan; Davis, John (1993). Finches and Sparrows: an Identification Guide. Princeton, New Jersey: Princeton University Press. ISBN 0-691-03424-9. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2009). «Family Passeridae (Old World Sparrows)». Bush-shrikes to Old World Sparrows. Handbook of the Birds of the World. Band 14. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-50-7. 
  5. Fjeldså, Jon; Martin Irestedt, Per G. P Ericson, Dario Zuccon (2010-10-01). «The Cinnamon Ibon Hypocryptadius cinnamomeus is a forest canopy sparrow». Ibis 152 (4): 747-760. doi:10.1111/j.1474-919X.2010.01053.x. ISSN 1474-919X. 
  6. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sporvefamilien
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.