Stortingsvalet 1945 var det fyrste stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, den 8. oktober 1945. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, som fekk seks nye mandat og fleirtal åleine i Stortinget, endå dei gjekk tilbake i røystetal. Einar Gerhardsen si andre regjering vart danna etter valet. Ein annan stor vinnar var Norges Kommunistiske Parti, som gjorde sitt klart beste val nokonsinne og gjekk fram frå å vera eit miniparti før krigen til å få 11 stortingsmandat. Kristeleg Folkeparti stilte for første gong til val som eit landsdekkande parti, og fekk òg eit godt resultat. Fleire parti som hadde stilt ved det siste valet, i 1936, kom ikkje tilbake denne gongen, først og fremst Samfundspartiet, Nasjonal Samling, Frisindede Folkeparti og Det Radikale Folkeparti.
Resultat [endre]
| Parti |
Del av røystene (%) |
Endring i høve til 1936 |
Mandat |
Endring i høve til 1936 |
| Arbeidarpartiet |
41,0 |
- 1,5 |
76 |
+ 6 |
| Høgre |
17,0 |
- 4,3 |
25 |
- 11 |
| Venstre |
13,8 |
- 2,2 |
20 |
- 3 |
| Norges Kommunistiske Parti |
11,9 |
+ 11,6 |
11 |
+ 11 |
| Bondepartiet |
8,0 |
- 3,5 |
10 |
- 8 |
| Kristeleg Folkeparti |
7,9 |
+ 6,6 |
8 |
+ 6 |
| Sogn og Fjordane fiskar- og småbrukarparti |
0,2 |
+ 0,2 |
0 |
0 |
| Nytt Norge |
0,1 |
+ 0,1 |
0 |
0 |
| Total |
100 |
0 |
150 |
0 |
- Stortingsforhandlinger 1945-46 (Oslo, 1947)
Bakgrunnsstoff [endre]