Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valurne nytta til førehandsrøyster.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 i Noreg vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen.[1] Førehandsrøysting tok til onsdag 10. august og kan bli gjort fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogeleg å røyste frå 1. juli.[N 1]

Det vart vald totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting.[N 2][N 3] I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet vert arrangert, avviklar Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Kommunevalet[endre | endre wikiteksten]

Dette var lansdsresultatet av kommunestyrevalet per tysdag 13. september klokka 07.15. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta.[2]

  • Valdeltaking: 2 295 047 (62,5%)
Liste Røyster %-vis fordeling Kommune (07) Storting (09)
Arbeiderpartiet 725 395 31,6 2,0 -3,7
Høgre 642 887 28,0 8,8 10,9
Framstegspartiet 262 795 11,5 -6,0 -11,0
Senterpartiet 156 605 6,8 -1,1 0,8
Venstre 142 009 6,2 0,4 2,4
Kristeleg Folkeparti 128 596 5,6 -0,7 0,3
Sosialistisk Venstreparti 92 704 4,0 -2,0 -1,8
Raudt[3] 35 005 1,5 -0,2 0,4
Miljøpartiet dei grøne 25 999 1,1 +0,4 +0,8
Andre 83 052 3,7 0,9 -


Fylkestingsvalet[endre | endre wikiteksten]

Dette var lansdsresultatet av fylkestingsvalet per tysdag 13. september klokka 21.35. Dei var enno ikkje endeleg stadfesta. [4]

  • Røystedeltaking: 2 224 806 (58,7 %)
Liste Røyster %-vis fordeling Fylke (07) Storting (09)
Arbeiderpartiet 738 458 33,2 2,4 -2,2
Høgre 615 246 27,7 8,9 10,4
Framstegspartiet 261 627 11,8 -6,8 -11,2
Senterpartiet 140 758 6,3 -1,5 0,2
Venstre 125 904 5,7 0,1 1,8
Kristeleg Folkeparti 129 051 5,8 -0,9 0,3
Sosialistisk Venstreparti 95 703 4,3 -2,2 -1,9
Raudt 38 239 1,7 -0,3 0,4
Miljøpartiet dei Grøne 28 561 1,3 0,7 0,9
Pensjonistpartiet 20 739 0,9 -0,2 0,5
Kystpartiet 8 111 0,4 -0,1 0,2
Demokratane 5 914 0,3 0,3 0,3
Sunnmørslista 5 716 0,3 0,0 0,3
Kristent Samlingsparti 4 763 0,2 0,1 0,1
Byluftlisten 1 359 0,1 0,1 0,1
Noregs Kommunistiske Parti 1 243 0,1 0,0 0,0
Samefolkets parti 1 233 0,1 0,0 0,1
Vestfoldlisten mot bomringer 844 0,0 0,0 0,0
Samfunnsdemokratane 804 0,0 0,0 0,0
Samfunnspartiet 286 0,0 0,0 0,0
Det Liberale Folkepartiet 247 0,0 0,0 0,0
Andre -0,4 -0,2

Skulevalet[endre | endre wikiteksten]

Skulevalet vart avvikla 6. september. Etter terroråtaket 22. juli vart partia samde om å ikkje arrangere skulevaldebatt. Debattane vart erstatta med såkalla «valtorg» [2]. Partia hadde då valbuer i gymsalane på skulane som deltok i valet.

Resultatet av skulevalet vart offentleggjort 6. september: [3]

Parti Skulevalet 2011 (%) Skulevalet 2009 (%) Endring
Arbeiderpartiet 29.7 23.4 +6.3
Sosialistisk Venstreparti 4.9 10.3 -5.4
Raudt 3.5 4.8 -1.3
Senterpartiet 4.9 5.8 -0.9
Kristeleg Folkeparti 3.6 3.7 -0.1
Venstre 6.8 6.0 +0.8
Høgre 24.3 16.2 +8.1
Framstegspartiet 16.5 24.0 -7.5
Norges Kommunistiske Parti 0.4 0.3 +0.1
Miljøpartiet Dei Grøne 1.4 1.3 +0.1
Pensjonistpartiet 1.5 1.2 +0.3
Det Liberale Folkeparti 0.0 0.2 -0.2
Samfunnspartiet 0.0 0.0 0.0
Kystpartiet 1.2 1.4 -0.2
Samefolkets parti 0.1 * -
Kristent Samlingsparti 0.3 0.2 +0.1
Sunnmørslista 0.0 * -
Demokratene 0.5 0.5 0.0
Vestfoldlisten mot bomring 0.0 * -
Samfunnsdemokratene 0.0 * -
Byluft 0.1 * -

Valkampen[endre | endre wikiteksten]

Terroråtaka 22. juli prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevalet.[4] Arbeiderpartiet ynskte å utsetje valkampen ei veke til, til den 21. august, sidan ikkje alle ofra etter 22. juli var gravlagt før det. Dei andre partia hald fast på 13. august, og slik vart det. [5]

Valkampen vart òg karakterisert som roleg.[6]

Meiningsmålingar hjå PollOfPolls.no [1] viste at Høgre hadde framgang tidleg om sommaren, mens Arbeiderpartiet gjorde deg godt på målingar i august og september. Særleg Frp og SV mista støtte.]

Meiningsmålingar[endre | endre wikiteksten]

Meiningsmålingane viste i juni at særleg Høgre gjorde det godt, og enkelte valkommentatorar meinte at det kunne bli «blått» fleirtal i minst 16 av dei 20 største kommunane i Noreg.[7] Meiningsmålingane etter 22. juli viste framgang for Arbeiderpartiet, og at særleg fløypartia (SV og FrP) men også Høgre, gjekk attende samanlikna med målingar i juni 2011.

Forsøksordningar[endre | endre wikiteksten]

Kommunane som deltar i forsøka ved valet:
██  Deltar i elektronisk val.
██  Deltar i røysterett for 16-åringar. Longyearbyen er ikkje avmerkt, men deltar i forsøket.
██  Deltar i begge forsøka.

Ved dette valet skal det gjennomførast to forsøk:

  • forsøk med elektronisk val i 10 kommunar, der det vil vere mogeleg å gje førhandsrøyster over internett
  • forsøk med nedsett røysterettsalder til 16 år (fødd i 1995 eller før) i 20 kommunar.

E-val[endre | endre wikiteksten]

I ti kommunar vil det vere mogeleg å førehandsrøyste over internett. I alt 56 kommunar vart invitert til å delta, og 35 av desse ynskja å delta i prosjektet. Av desse vart Bodø, Bremanger, Drammen, Hammerfest, Mandal, Radøy, Re, Tynset, Vefsn og Ålesund og ein bydel i Oslo plukka ut til deltaking.[8] Oslo og Drammen trekte seg seinare med grunngjeving i manglande løyndom rundt røystinga. I staden vart Sandnes tatt inn som forsøkskommune.

For å kunne telje opp røyster frå e-valet trengst det ein elektronisk nøkkel. Denne er delt i ti delar, og det er oppretta ei nøkkelgruppe, der kvart medlem har sin del. Det er eitt medlem frå kvar av ni parti og ein administrativt tilsett. Etter valet må gruppa møtes for at oppteljinga skal kunne starte.[9]

Forsøk med røysterettsalder nedsett til 16 år[endre | endre wikiteksten]

I 20 kommunar vil også 16- og 17-åringer ha stemmerett ved valet i 2011. 143 kommunar søkte om å få delta. Blant desse vart Marker, Lørenskog, Hamar, Vågå, Sigdal, Re, Porsgrunn, Grimstad, Mandal, Gjesdal, Stavanger, Austevoll, Luster, Ålesund, Osen, Namdalseid, Tysfjord, Kåfjord, Hammerfest og Kautokeino plukka ut til å delta, basert på kommunestorleik (innbyggjartal), geografi, politisk samansetjing, lokalisering, alderssamansetjing og politikk for å involvere ungdom.[10] I tillegg vil dette forsøket gjelde valet til Longyearbyen lokalstyreSvalbard. Valet der ver avvikla i oktober 2011.

Direkte ordførarval[endre | endre wikiteksten]

Forsøka med direkte ordførarval, som vart gjennomført i enkelte kommunar ved kommunevala frå 1999 til 2007, vert ikkje vidareført ved dette valet. I Nesodden kommune vil det likevel samtidig med kommunevalet bli avvikla rådgjevande folkeavrøysting om kven som bør vere ordførar. Dette har sin bakgrunn i at kommunestyret i 2001 vedtok at «en sak skal legges ut til folkeavstemning dersom minst ti prosent av de stemmeberettigede fremmer skriftlig krav om det». 1474 av innbyggarane i Nesodden har skrive under på eit krav om folkeavrøysting om ordførarvervet. Kommunestyrefleirtalet (A, H, Frp og V) vedtok likevel å ikkje fylgje innbyggjarkravet, men dette vart underkjent av fylkesmannen, etter at mindretalet hadde bedt om lovlegheitskontroll av vedtaket.[11]

Lister[endre | endre wikiteksten]

██  2 lister██  3 lister██  4 lister ██ 5 lister██  6 lister██ 7 lister██ 8 lister██ 9 lister ██ 10 lister██ 11 lister██ 12 lister██ 13 lister██ 14 lister██  15 lister

Frist for å levere inn listeforslag var 31. mars 2011. Parti som er registrert i Partiregisteret, kunne levere inn liste utan krav om innsamla underskrifter, føresett at dei ved stortingsval (2009) hadde ei oppslutning på minst 500 stemmar i éit fylke eller minst 5000 røystar på landsbasis. For andre fylkeslister måtte listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket. Ved kommunevalet er kravet at det samlast inn ei mengd underskrifter som svarar til minst to prosent av innbyggjartalet med røysterett ved siste kommunestyreval (2007), men minimum like mange som det skal veljast representantar til kommunestyret og maksimum 300 underskrifter.[N 4]

Lista skal innehalde minimum sju kandidatar og maksimum seks kandidatar fleire enn det mengda representantar som skal veljast.

Ved utløp av fristen hadde dei største partia levert inn fylgjande lister:[12]

Parti 2011 2007 Endring
Arbeiderpartiet[13] 417 421 -4
Senterpartiet 393 395 -2
Høgre 379 375 +4
Framstegspartiet 344 336 +8
Venstre 312 293 +19
Kristeleg Folkeparti 299 317 -18
Sosialistisk Venstreparti 284 313 -29
Raudt 80 78 +2
Miljøpartiet De Grønne 51 15 +36
Demokratane 31 70 -39

I tillegg kjem felleslister ved kommunevalet og lister til fylkesting og bydelsutval. Dei lokale valstyra hadde frist 1. juni på å godkjenne listene.

På dei innleverte kommune- og fylkeslistene er det i alt 66 383 personar oppført, 3295 færre enn valet i 2007. Det er 210 ulike parti og grupper som stiller lister ved kommunevalet, og 20 parti/grupper ved fylkestingsvalet.

Kjønnsfordelinga på kommunelistene er nokså lik med 2007: 58,2 prosent menn og 41,8 prosent kvinner. På fylkeslistene er kvinnedelen 44,1 prosent. Det er menn på førsteplass på 72,1 prosent av kommunelistene og på 68,8 prosent av fylkeslistene.

Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år) og for fylkestingskandidatane 49 år (kvinner 47 år og menn 50 år). Heller ikkje her er det vesentlege endringar frå 2007.[14]

Ved terroråtaket på AUFs somarleirUtøya 22. juli vart femten av kandidatane til Arbeiderpartiet drepne. Etter valloven var det ikkje høve til å erstatte desse med andre, men det vart opna for at kommunane/fylka (i samråd med pårørande og partiet lokalt) kunne trykkje nye røystesetlar utan dei aktuelle namna. Dette vart gjort i Porsanger, Sula og Ørsta. Personrøyster på avdøde kandidatar vert uansett ikkje med i valoppgjeret.[15]

Det er stor variasjon i talet lister i dei enkelte kommunane, frå to lister i Utsira, Modalen, Røyrvik, Fosnes, Træna, Røst og Lebesby til heile 15 lister for veljarane i Bergen og Oslo. I Utsira vart Ungdomslista til og med danna på oppfordring frå sittande ordførar, etter at den tidlegare konkurrerande lista ikkje klarte å stille nok kandidatar. Utsira har dermed berre to lister, med begge toppkandidatane som medlem av Arbeiderpartiet.[16]


Landsoversikt[endre | endre wikiteksten]

Tabellen viser kor mange reine lister partia har i dei ulike fylka. Kolonnen «Komm andre» viser kor mange kommunar som har ei eller fleire lister som høyrer inn under kategorien «Andre». For Oslo er bydelslistene tatt med.

' ' Tal kommunar A SV R Sp KrF V H Frp Dem MdG P KSP Kyst NKP Andre Totalt Komm andre
00 Fylkesting 18 18 18 18 18 18 18 18 18 17 18 13 14 18 7 6 237 6
01 Østfold 18 18 11 4 17 17 15 17 17 2 3 5 2 1 0 4 133 3
02 Akershus 22 22 22 13 22 21 22 22 22 1 8 7 0 0 0 4 186 4
03 Oslo + bydelar 16 16 16 16 14 16 16 16 16 1 16 5 1 1 1 1 152 1
04 Hedmark 22 22 20 1 21 9 16 17 16 1 4 8 0 0 0 12 147 12
05 Oppland 26 26 17 3 25 9 13 21 16 0 3 3 0 0 0 16 152 13
06 Buskerud 21 21 13 6 18 16 15 20 20 1 3 1 0 0 0 7 141 6
07 Vestfold 14 14 11 5 14 12 14 13 13 0 3 1 2 3 0 6 111 5
08 Telemark 18 18 11 4 18 16 13 15 14 1 3 1 0 0 0 4 118 4
09 Aust-Agder 15 15 4 1 15 13 12 14 13 0 1 3 0 1 0 6 98 5
10 Vest-Agder 15 15 7 1 15 14 12 15 13 7 2 5 0 0 0 6 112 5
11 Rogaland 26 24 19 5 24 24 20 24 24 2 5 5 3 1 0 7 187 5
12 Hordaland 33 31 16 14 29 28 27 32 26 5 6 1 1 3 1 16 236 14
14 Sogn og Fjordane 26 26 19 2 26 19 23 26 14 0 1 0 0 2 0 6 164 6
15 Møre og Romsdal 36 35 20 3 33 31 31 35 35 3 1 1 2 1 0 13 244 12
16 Sør-Trøndelag 25 23 16 2 22 18 16 23 19 4 3 4 1 1 1 19 172 12
17 Nord-Trøndelag 23 23 17 2 21 14 20 16 15 1 2 0 0 0 0 8 139 7
18 Nordland 44 41 29 11 37 22 21 28 34 0 4 1 0 6 0 35 269 22
19 Troms 25 24 17 3 22 9 12 20 19 0 2 0 0 9 2 14 153 12
20 Finnmark 19 19 12 0 11 5 8 18 13 0 0 0 0 4 0 17 107 9
99 Landet 462 451 315 114 422 331 344 410 377 46 88 64 26 51 12 207 3258 163

Folkeavrøysting[endre | endre wikiteksten]

I Aust-Agder fylke vart det samtidig med valet avviklast rådgjevande folkeavrøystning over eit framlegg om å slå saman dei to Agder-fylka. [N 5]. Tidleg oppteljing indikerte at mellom 65 og 70 prosent i Aust-Agder røyta nei til fylkessamanslåing. Samtidig var det fleirtal i kommunane Lillesand, Birkenes og Iveland i spørsmålet om overgang frå Aust-Agder til Vest-Agder. [17]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Også i fastlands-Noreg var det mogeleg med tidleg stemming mellom 1. juli og 9. august. Dette var likevel ei meir beskjeden ordning enn vanleg førehandsstemming, ettersom kvar veljar måtte ta kontakt med sin kommune for å gjere avtale om stemming. Sjå Du kan stemme allerede fra 1. juli, på valg.no; besøkt 15. august 2011.
  2. Oslo er i denne samanhengen berre rekna som kommune.
  3. Inderøy og Mosvik slår seg saman med verknad frå 2012 og skal dermed berre velje eitt kommunestyre.
  4. Dette er reglane i forenkla form. Sjå ellers vallova § 6-3.
  5. Se fylkeskommunens nettsider om dette.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunal- og regionaldepartementet: Informasjon om antall valgdager, antall representanter som skal velges og valgkretser. Kommunestyrevalg.
  2. Kjelde for valresultat: Kommunal- og regionaldepartementets valsider, valg.no: http://www.regjeringen.no/krd/html/valg2011/bk5.html.
  3. Raudt stilte ved valet i 2007 under namnet Raud Valallianse.
  4. Kjelde for valresultat: Kommunal- og regionaldepartementets valsider, valg.no: http://www.regjeringen.no/krd/html/valg2011/bk5.html.
  5. http://www.dagbladet.no/2011/08/09/nyheter/politikk/terror/anders_behring_breivik/17606336/
  6. http://www.nettavisen.no/nyheter/valg2011/article3209106.ece
  7. http://blogg.aftenposten.no/marthinsen/2011/05/03/valg-2011-blatt-i-17-av-20-storkommuner/
  8. Kommunal- og regionaldepartementet: 11 kommunar får prøve e-val i 2011.
  9. «Nøkkelgruppa for e-valet utnemnd», på valg.no; besøkt 15. august 2011.
  10. Kommunal- og regionaldepartementet: Forsøk med nedsatt stemmerettsalder til 16 år ved kommunestyrevalget 2011.
  11. «Det blir folkeavstemning om ordførervervet», i Akershus Amtstidendes nettutgåve 16. juni 2011; besøkt 19. juni 2011.
  12. Talet på lister er frå ein artikkel i Kommunal rapport 7. april 2011, bortsett frå for Raudt, der talet er frå «Færre lister til kommunevalget» på bloggen politisk.no, besøkt 27. april 2011. Tal på nokre av nettstadene til partia avvik noko frå dette.
  13. Det norske Arbeidarpartiet vedtok våren 2011 å skifte namn til Arbeidarpartiet. Namneskiftet vart likevel vedtatt for seint til at det nye namnet kan nyttast på røystesetlane i 2011. Jf. Kommunal- og regionaldepartementet: Behandling av listeforslag – partibetegnelse og partilogoer; besøkt 19. juni 2011.
  14. Kommunal- og regionaldepartementet: Statistikkark («nøkkeltall» fra valg.no; besøkt 15. august 2011.
  15. «Valglister etter terroraksjonen», på valg.no; besøkt 16. august 2011.
  16. NRK Rogaland: Her styrer AP, uansett valgresultat
  17. http://www.fvn.no/tema/valg/article902379.ece fvn.no kommenterte avrøystinga om å sla saman Agder-fylka.