Stortingsvalet 2005

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
██ Sosialistisk Venstreparti (15) ██ Arbeiderpartiet (61) ██ Senterpartiet (11) ██ Kristeleg Folkeparti (11) ██ Venstre (10) ██ Høgre (23) ██ Framstegspartiet (38)

Stortingsvalet 2005 vart skipa til i Noreg den 12. september 2005. Ved dette stortingsvalet auka talet på stortingsrepresentantar frå 165 til 169. Talet på utjamningsmandat auka frå 8 til 19. 3 421 741 personar hadde røysterett ved valet, og 77,4 % av dei røysteføre røysta. Dette er 1,9 prosentpoeng fleire enn ved stortingsvalet i 2001.

Partia Kristeleg Folkeparti, Høgre og Venstre ynskte å halda fram i den andre Bondevikregjeringa. Desse partia hadde den sitjande statsministeren, Kjell Magne Bondevik, som sin statsministerkandidat. Ein raud-grøn allianse på venstresida av partia Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet samarbeidde nært i valkampen. Dei ynskte å danna ei fleirtalsregjering. Deira statsministerkandidat var Jens Stoltenberg. På borgarleg side (høgresida) vart det uvisse etter at Carl I. Hagen, leiar av Framstegspartiet, gjorde det klart at partiet ikkje ynskte Bondevik som statsminister.

I dagane før valet veksla meiningsmålingane mellom knapt fleirtal til venstresida og høgresida. Allereie valnatta vart det klart at dei raudgrøne kom til å vinna, og Bondevik varsla då at han kom til å ta avskil med politikken etter 25 år som politikar. Etter at alle røystene var talde opp klokka 12.00 dagen etter, vart det eit klart fleirtal for venstresida som fekk 87 mandat mot høgresidas 82 mandat.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Dei store valvinnarane var Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Venstre. Arbeidarpartiet fekk 18 nye mandat, og overtok regjeringsmakta saman med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. I eit historisk perspektiv var dette likevel Arbeidarpartiet sitt nest dårlegaste valresultat i etterkrigstida. Framstegspartiet gjorde sitt klart beste stortingsval nokonsinne og fekk 11 nye mandat, men sidan ei raud-grøn fleirtalsregjering overtok regjeringsmakta vart partiet likevel ståande igjen utan mykje reell makt. Den største relative framgangen hadde Venstre, som fekk meir enn halvparten så mange røyster som i 2001, og femdobla stortingsgruppa si, men likevel mista regjeringsmakta. Dei store taparane var Høgre og Kristeleg Folkeparti, som mista 15 og 11 mandat kvar. For Høgre var dette det dårlegaste stortingsvalet nokonsinne, og for KrF det dårlegaste sidan det vart eit riksdekkande parti etter krigen. Kystpartiet mista sitt eine mandat og ramla ut av Stortinget.

Stemmetal ved stortingsvalet 2005[endre | endre wikiteksten]

Liste sortert etter parti.[1]

Politisk parti Røystetal Røyster i prosent Endring frå 2001 Stortingsmandat Endring frå 2001
Arbeidarpartiet 862 456 32,7 + 8,4 61 + 18
Framstegspartiet 581 896 22,1 + 7,4 38 + 12
Høgre 371 948 14,1 - 7,1 23 - 15
Sosialistisk Venstreparti 232 971 8,8 - 3,7 15 - 8
Kristeleg Folkeparti 178 885 6,8 - 5,6 11 -11
Senterpartiet 171 063 6,5 + 0,9 11 + 1
Venstre 156 113 5,9 + 2,0 10 + 8
Raud Valallianse 32 355 1,2 0 0 0
Kystpartiet 21 948 0,8 - 0,9 0 - 1
Pensjonistpartiet 13 556 0,5 - 0,1
Kristent Samlingsparti 3 911 0,1 - 0,1
Miljøpartiet Dei Grøne 3 652 0,1 0
Demokratane 2 705 0,1 + 0,1
Abort-motstandernes liste 1 934 0,07 + 0,07
Noregs Kommunistiske Parti 1 070 0,04 - 0,03
Reformpartiet 727 0,03 + 0,03
Samefolkets parti 659 0,02 0
Det Liberale Folkepartiet 213 0,008 + 0,002
Norsk Republikansk Allianse 92 0,003 + 0,003
Pilsens Samlingsparti 65 0,002 + 0,002
Samfunnspartiet 44 0,002 - 0,001
Totalt 2 638 263 100   169 + 4

Parti og lister[endre | endre wikiteksten]

Ikkje alle stilte liste i alle fylke.

Nasjonalalliansen klarde ikkje å samla inn nok underskrifter for å kunna stilla lister ved valet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Valg 2005 - offisielle valresultat, frå odin.dep.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Førre: 2001 Stortingsval Neste: 2009