Strelitzia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strelitzia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ingefærordenen Zingiberales
Familie: Strelitziaceae
Slekt: Strelitzia
Aiton, 1789

Strelitzia er ei planteslekt frå Sør-Afrika som omfattar fem artar av fleirårige plantar. Ho høyrer til plantefamilien Strelitziaceae.[1] Slekta har namn etter britiske dronning Charlotte av Mecklenburg-Strelitz. Plantane i slekta blir også kalla paradisfuglblomar, ettersom blomane minner om paradisfuglar. I Sør-Afrika blir blomane kalla traneblomar (crane flower) og er avbilda på baksida av 50-cent-mynten. Dei er er blomeemblem for Los Angeles. To av artane i slekta, S. nicolai og S. reginae, er utbreidde som potteplantar.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Arten S. nicolai er den største i slekta, og kan bli 10 meter høg, med kvite og blå blomar.[3] Dei andre artane blir typisk 2,0 til 3,5 m høge,, bortsett frå S. caudata, som er eit tre som typisk er mindre enn S. nicolai. Blada er store, 30–200 cm lange og 10–80 cm breie, og liknar bananblad på utsjånad, men med lengre bladstilk, plassert i to rekkjer som dannar ei vifteliknande, eviggrøn krone. Blomane sit på vassrette blomestandar som kjem ut frå høgblad-slirer.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Blomane blir pollinerte av solfuglar, som sit på og drikk frå høgbladslira. Vekta av fuglen når han står på slira gjer at ho opnar seg og slepp pollen på føtene til fuglen. Pollenet blir så overført til neste blomeslier som fuglen sit på. Strelitzia-artar har ikkje naturlege insektpollinatorar. På stader der det ikkje finst solfuglar treng plantar i denne slekta å pollinerast for hand om dei skal setja frø.[4]

Artar og hybridar[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med fem artar til slekta, men ein av dei — S. juncea — er blitt påvist å vera genetisk del av ein anna, S. reginae. Det er mogleg at dette er ein mutasjon som er i ferd med å danna ein eigen art.[5]

Bilde Vitskapleg namn Engelsk namn Naturleg utbreiing
Strelitzia alba (syn. S. augusta) White bird of paradise Garden Route langs dei sørlegaste kyastregionane av Eastern og Western Cape i Sør-Afrika
Strelitzia caudata Mountain strelitzia Chimanimanifjella i Zimbabwe sør til Mosambik, Northern Provinces i Sør-Afrika og Eswatini
Strelitzia nicolai White bird of paradise or giant bird of paradise; wild banana; blue-and-white strelitzia[3] Mozambik, Botswana, Zimbabwe og austlege Sør-Afrika frå Great Fish River nordover til Richards Bay
Strelitzia reginae (syn. S. parvifolia) Strelitzia, bird of paradise, or crane lily Sør-Afrika (Cape Provinces og KwaZulu-Natal)
Strelitzia juncea (Ker Gawl.) ) African desert banana Sør-Afrika nær Uitenhage, Patensie, og like nord for Port Elizabeth
  • Strelitzia × kewensis (hybrid mellom S. reginae og S. augusta)

Namn[endre | endre wikiteksten]

Slekta blei kalla opp av Joseph Banks etter Charlotte av Mecklenburg-Strelitz, dronninga til Georg III.[6][7]

Strelitzia er også namnet på det botaniske tidsskriftet til National Botanical Institute i Pretoria,[8] som sidan er blitt gjort om til South African National Biodiversity Institute (SANBI). Strelitzia erstatta Memoirs of the Botanical Survey of South Africa og Annals of the Kirstenbosch Botanic Gardens.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tropical Flower Guide». Arkivert frå originalen 14. oktober 2012. Henta 30 November 2012. 
  2. «Our House Plants - Bird of Paradise». Henta 18. juli 2014. 
  3. 3,0 3,1 Eliovson, Sima (1981). Shrubs, trees, and climbers. Macmillan South Africa. ISBN 0-86954-011-4. Henta 12. september 2009. 
  4. Ogren, Thomas (2015). The Allergy-Fighting Garden. Berkeley, CA: Ten Speed Press. s. 200. ISBN 978-1-60774-491-7. 
  5. Cron, Glynis V.; Pirone, Cary; Bartlett, Madelaine; Kress, W. John; Specht, Chelsea (2012). «Phylogenetic Relationships and Evolution in the Strelitziaceae (Zingiberales)». Systematic Botany 37 (3): 606–619. doi:10.1600/036364412X648562. 
  6. «Strelitzia reginae Banks». Plants of the World Online (på engelsk). 2017. Henta 27. mai 2021. 
  7. «Strelitzia reginae». pza.sanbi.org. August 2011. Henta 27. mai 2021. 
  8. «Strelitzia.». Strelitzia. (på engelsk). 1994. Henta 22. august 2021. 
  9. «Strelitzia». SANBI. Henta 22. august 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Strelitzia