Svartand
| Svartand | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Slekt: | Melanitta | |
| Vitskapleg namn | ||
| Melanitta nigra
Linné, 1758
|
||
Svartand er ein fugl i underfamilien ender.
Innhaldsliste |
Utbreiing og taksonomi [endre]
Svartanda hekkar frå Island og dei britiske øyane i vest, vidare gjennom sentrale delar av Skandinavia og Finland og sør for Kvitsjøen aust til elva Olenek. Der er også ein hekkebestand på Bjørnøya. Tidlegare vart svartanda og amerikansk svartand (M. americana) rekna som to underartar av same slag. Forsking har vist at dei to kan reknast som gode artar.
Utsjånad [endre]
Hannen er svart og har ein gul flekk midt på nebbet og ein liten knøl ved nebbrota. Hoa er brungrå og har ikkje nebbknøl. På begge kjønn er beina svartbrune eller svartgrå. Svartanda vert 43-52 cm lang. I flukt verkar fuglen kompakt.
Læte [endre]
På trekket til hekkeplassane kan det høyrast ein karakteristisk oppatteken ofte tostava pipelyd.
Førekomst i Noreg [endre]
I Sør-Noreg hekkar svartanda spreidd ved fjellvatn i bjørke- og vierregionen, ofte også lågare nede og ein sjeldan gong ute ved kysten. I Nord-Noreg er der også ein spreidd bestand gjennom alle fylka. I denne landsdelen var truleg fuglen meir vanleg i tidlegare tider.
Hekking [endre]
Svartanda kjem til hekkeplassane i april-mai. Dette trekket gjer fuglane helst om kvelden og natta. Reiret vert plassert på turr grunn nær ferskvatn, gjerne i relativt høgt vier- eller einerkratt, ofte inne i bjørkeskog. Dette er lite forseggjort, men etter kvart vert det fylt med dun frå hoa. Hoa legg 6-9 egg i slutten av mai eller i juni. Hannen dreg tidleg frå reirplassen og reiser ut til kysten der han flokkar seg med andre hannar. Hoa ruger i 27-31 døgn. Ungane dreg snart frå reiret og finn tidleg sin eigen mat. Dei vert passa av mora ei tid framover og kan flyge etter 6-7 veker.
Føde [endre]
Svartanda et krepsdyr og blautdyr som t.d. muslingar. Ved ferskvatn utgjer insekt og små fisk ein del av maten.
Trekktilhøve [endre]
Svartendene dreg ut til kysten for å overvintre i flokkar. Mange av fuglane som held seg på norskekysten om vinteren er komne austfrå. Av den norske hekkebestanden reiser ein del sørover til Danmark.
Kjelder [endre]
- Svensk Wikipedia.
- Norsk Fugleatlas, 1994.