Svartkvit flugesnappar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svartkvit flugesnappar


Svartkvit flugesnappar
Svartkvit flugesnappar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Muscicapidae
Slekt: Ficedula
Vitskapleg namn
Ficedula hypoleuca

Svartkvit flugesnappar (Ficedula hypoleuca) er ein trekkfugl i flugesnapparfamilien. Han hekker i store delar av Europa og Vest-Asia, og overvintrer hovudsakleg i Vest-Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannen har svart og kvit fjørdrakt. På oversida er han svart med kvite felt på vengane. Undersida er kvit. Han har og ein kvit flekk i panna. Hoa er meir brunleg, og kan lett forvekslast med andre flugesnappar-arter. Lengda på svartkvit flugesnappar er om lag 14 cm. Vingespennet er 22 til 24 cm. Og vekta 12 til 18 gram. Nebbet er kort og breitt.

Høgste alder påvist ved funn av fugl ringmerka i Noreg er 8 år og 3 månadar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Svartkvit flugesnappar finst stort sett over heile Noreg. Han hekkar i dei fleste skogtypar og hagar. Han er ein typisk trekkfugl. Dei fleste individa forlet Noreg i august - september. Trekket går sørover gjennom Vest-Europa og til Afrika. Dei fleste overvintrar truleg i vestlege Sentral-Afrika mellom Sahara og ekvator.

Vårtrekket startar i mars. Dei første hannane kjem til Noreg i slutten av april. Hoa kjem noko seinare etter at hannen har etablert revir. Ein reknar med at 200 000 til 1 000 000 par hekkar i Noreg. Talet ser ut til å halde seg stabilt. I Europa hekkar 12 - 20 mill. par.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Ficedula hypoleuca

Svartkvit flugesnappar lever av insekt, særleg fluger og mygg, som han gjerne fangar i flukt. Om hausten kan han og ete frukt og bær.

Flugesnapparen lagar reir i holrom, til dømes fuglekassar. Han bygger reir av strå og vissent lauv og forar det med fjører og hår. Hoa legg 5-6 lyseblå egg i slutten av mai og ruger åleine i 13-14 dagar, medan hannen matar henne ved reiret. Ungane blir mata av begge foreldra, og dreg frå reiret etter 14-16 dagar.

Ei gransking syner at det går med om lag 15 000 byttedyr for å fø opp eit kull.

Mangel på eigna reirplassar gjer at det kan oppstå konflikt med andre fuglar som rugar i holrom. Det vert rapportert av meiser har vorte fordrivne frå reiret sit av svartkvit flugesnappar. Det har hendt at flugesnapparar har vorte avliva av kjøtmeis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartkvit flugesnappar