Kjøtmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjøtmeis

Status i verda: LC Livskraftig

Kjøtmeis Foto: Marek Szczepanek
Kjøtmeis
Foto: Marek Szczepanek

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Familie: Paridae
Slekt: Parus
Vitskapleg namn
Parus major

Kjøtmeis (Parus major) er ein fugl i meisefamilien. Med ei lengd på ca 15 cm og vekt frå 14 til 20 gram er ho den største fuglen i familien som finst i Noreg.

Kjøtmeis set framanfrå.
Foto: Adam Kumiszcza
Kjøt(t)meis, talgokse
Norske dialektnamn
Speketet(e) («spikjitét» (Ndm., Oppd., Gbr.), «spikjitétä» (Helgeland)), talgtit («tertit», Østf., Vestf.), talgtete (Rana), talgmeis(e) (Telem.) og kjøteirik (Telem., Agder)
Namn på andre språk
Svensk Talgoxe
Dansk Musvit
Engelsk Great Tit
Tysk Kohlmeise
Fransk Mésange charbonnière
Spansk Carbonero común
Russisk Bolsjaja sinitsa (Большая синица)

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfarga brystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vengjene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattare fargar enn dei eldre.

Ved å strekka hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane likner store auge, kan kjøtmeisa truga andre fuglar.

Levemåte[endre | endre wikiteksten]

Kjøtmeisegg.
Kjøtmeisreir med ungar.

Insekt, larvar, frø og frukter er typisk kost for meisa, som set stor pris på vintermating med feitt og liknande. Ho er sjølv byttedyr for tårnfalk, hønsehauk, sporvehauk, sporveugle mm.

Kjøtmeisa held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med blåmeiser eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hole tre, men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar ho ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar ho ei grop som ho fôrar med det ho finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisa legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er trufaste.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst kjøtmeisa over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Ho held gjerne til i lauv- og blandingsskog.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjøtmeis