Tarafjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tara nasjonalpark

Tara er eit fjell vest i Serbia og ein del av dei ytre dinariske Alpane. Fjellet hare i høgd på mellom 1000 og 1500 meter over havet. Fjellsidene er kledd av tett skog med mange enger på toppen, bratte klipper, djupe raviner og mange karst eller kalksteinsgrotter. Fjellet er ein populær turistdestinasjon og Tara nasjonalpark omfattar det meste av fjellet.

Nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Tara nasjonalpark vart grunnlagd i 1981 og omfattar fjella Tara og Zvijezda i ein stor sving i elva Drina. Parken dekkjer om lag 220 kvadratkilometer og har ei høgd som varierer frå 250 til 1500 meter over havet.

Nasjonalparken består av ei gruppe fjelltoppar med naturskjønne, djupe raviner mellom seg. Det flottaste av desse er Drinagjelet, med loddrette veggar frå 1000 til 250 meter og flott utsyn over det vestlege Serbia og Bosnia.

Tre fjerdedelar av parken er dekt av skog og nokre av desse er av dei best bevarte i Europa. Her finn ein fleire sjeldne endemiske artar, som serbisk gran. Av dyreliv i parken finn ein brunbjørn, gemse, rådyr, gaupe, oter, ulv og andre. Meir enn 100 fugleartar held til i parken på permanent basis, mellom anna kongeørn, gåsegribb, vandrefalk, hornugle og orrfugl.

Ein kan kome til Tara nasjonalpark frå Bajina Bašta, frå Perućac via Bajina Bašta og frå Kremna. Gjennom Drinagjelet, som er ein viktig del av parken, kan ein ta båt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]