Orrfugl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Orrfugl |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Galliformes | |
| Familie: | Tetraonidae | |
| Slekt: | Tetrao | |
| Vitskapleg namn | ||
| T. tetrix | ||
Orrfugl (Tetrao tetrix) er ein art frå skogshønsfamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Det er stor skilnad på høna og hanen. Høna er brunspragla. Hanen er nærmast svart med blåskinnande fjør på brystet. Halen er lyreforma, og det kvite vengjespelet er lett å kjenne igjen under flukt. Hanen veg mellom 1 og 1,5 kg og er om lag 53 cm lang.
[endre] Forplanting
Orrhanespelet(orrleiken) er innleiinga til forplantinga. Den er tidleg på våren og føregår på islagte vatn og opne myrar. På linje med storfuglen er orrfuglen polygam. Parringa føregår på spelplassen i mai. Høna legg 8-9 egg i eit reir på bakken og ho ruger dei ut på 25-27 dagar.
[endre] Forvekslingsart
Orrfugl kan vanskeleg forvekslast med andre fuglar, men hofuglen kan likne på røya (storfuglhoa).
[endre] Atferd
Kulla held saman heile sommaren. Utover hausten er dei meir spreidd. Vinterstid går dei ofte sammen igjen i små flokkar og då beitande i bjørkeskogen. Ved kraftig snøver går dei ofte i dokk, slik som rypene.
[endre] Utbreiing
Orrfuglen held til i skogsområder i heile landet, men sjeldan i Finnmark. Orrfuglen likar seg helst i litt meir opent lende enn storfuglen. Lyngrabbar og og myrparti trivst dei god i. I barmarksessongen er bær viktigaste føde, om vinteren tar dei opp mot bjørkeskoggrensa for å beite på skota.
[endre] Jakt
Orrfuglen er jaktbar og kjent for godt kjøtt. Årleg vert det felt om lag 30000 orrfugl i Noreg.