Terner
| Terner | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Sternidae eller Larnidae:Sterninae (sjå teksten) |
|
Terner er ei gruppe av små til mellomstore fuglar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Ternene er slanke fuglar med lange vengjer og kløfta hale. Dei fleste lever ved kysten, på havet, andre i innlandet ved elvar og innsjøar. Terner finst utbreidd over heile verda med til saman 44 artar i 12 slekter. I nyare biologiske systematikk finn ein ofte ternene som ein medlem av eller underfamilie Sterninae av måsefamilien, Laridae.[1] Terner kan elles vere klassifiserte som ein sjølvstendig biologisk familie, ternefamilien, Sternidae.[2]
Innhaldsliste |
Skildring[endre]
Mange terneartar som hekkar i tempererte soner er har lange trekkruter, mykje sannsynleg ser raudnebbterna meir dagslys enn nokon annan skapning, ettersom ho vandrar frå oppvekststader nord mot Arktis sør til Antarktis. Ein unge av raudnebbterne som blei ringmerka på Farne-øyane utanfor Nordaust-England sommaren 1982, nådde Melbourne i Australia i oktober same året, etter ei flyging på over 22 000 km over hav på berre tre månader. I gjennomsnitt er det 240 km per dag, og ei av dei lengste reisene som er registrert for nokon fugl.
Terner har kvit eller grå fjørdrakt, ofte med svart hette på hovudet. Dei har tynt, langt nebb og slankare og meir straumlinjeforma kroppsform enn måsar. Med lange halefjør og lange venger ser dei elegante ut i flukt. Terner i slekta Sterna har djupt gaffeldelte halar, i Chlidonias og inkaterne har mindre gaffeldelte halar, medan noddyer i slektene Anous, Procelsterna og Gygis har meir taggforma hale, dei midtytste halefjørene er dei lengste, ikkje dei sentrale eller dei ytste. Terner varierer i storleik frå dvergterne på 42 gram og 23 cm, til rovterne på 630 g og 53 cm.
Dei fleste terner, Sterna og noddyer, fangstar fisk ved stupdykking. Terner med våtmarkshabitat, Chlidonias, plukkar insekt frå overflata av ferskvatn. Terner har sjeldan glideflukt, men nokre få artar, og då spesielt sotterne, kan sveve høgt over havet. Terner sym sjeldan, jamvel om dei har symjehud på føtene, om dei då ikkje badar.
Terner hekkar i store, tettpakka koloniar. Reiret kan vere ei grop i bakken eller i sparsam samling av kvistar og flytande vegetasjon. Terner har generelt høg levealder til fuglar å vere, ein veit no at fleire artar kan leve i overkant av 25-30 år.
Artsliste terner[endre]
Terner i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.
|
|
|
Raudnebbterne og makrellterne er vanlege hekkefuglar i Noreg medan dvergterne, splitterne og rovterne har hekka sporadisk.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger dels på «Tern» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne (2001) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
- Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 5. juli 2009]