Makrellterne
| Makrellterne | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Sternidae | |
| Slekt: | Sterna | |
| Vitskapleg namn | ||
| Sterna hirundo | ||
Makrellterne (Sterna hirundo) er ein fugl i ternefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Makrellterna er om lag 40 cm lang og har ein svart spiss på nebbet.
[endre] Global utbreiing
Makrellterna er ein trekkfugl som hekkar i kalde, men frostfrie strøk langs kystane i Europa og Asia, og Nord-Amerika unnateke i nordvest. Arten hekker stundom ved ferskvatn.
[endre] Utbreiing i Noreg
Her i landet finn ein fuglen i koloniar langs heile kysten frå svenskegrensa og Hvaler til Finnmark. Fleire stader hekker fuglen også ved vatn inne i landet, og då helst i lågareliggane trakter. Hekking inne i landet tiltok i det 20. hundreåret. Makrellterna er vanlegast i dei sørlege delane av landet, og vert gradvis sjeldnare nordover. Dette er motsett av det ein finn hos raudnebbterna. Bestandane i Sør-Noreg, Sverige og Storbritannia har gått ned fram mot artsvurderinga i 2006, og fuglen er derfor rekna som sårbar i Noreg.
[endre] Hekking
Fuglen hekker i små og mellomstore koloniar, men også i enkelte par. Søraust i landet er det sjeldan fleire enn 20-40 par i ein koloni, vest og nord i landet kan storleiken kome opp mot 100-200 par,. Desse koloniane har ofte eit stort innslag av raudnebbterner. Makrellternene vert forplantingsdyktige 3-4 år gamle. I søraust vert dei flest egga lagde i mai, i vest noko seinare, og i Finnmark vert egga oftast lagde i juni. Hoa legg 2-3 (1-4) egg i ei grop eller i eit enkelt reir bygd av plantedelar, tang, skjelrestar eller småstein. Foreldra rugar i 21-23 døgn. Ungane held seg i reiret i to døgn, og er framleis i nærleiken til dei kan flyge 21-25 døgn gamle. Det er ikkje uvanleg at eit par held saman i fleire år.
|
|
|
||||
| Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. | |||||
Makrellterna lever av småfisk.
[endre] Kjelder
- caplex.no
- Søk i Rødlistedatabasen
- Aschehoug og Gyldendals LILLE NORSKE leksikon Noreg 2000: Kunnskapsforlaget.
- Norsk Fugleatlas, 1994.