Timbuktu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Timbuktu (koyra chiini Tumbutu, fransk Tombouctou) er ein by eit stykke frå Nigerelva i det vestafrikanske landet Mali. Byen har ein særeigen arkitektur frå 1300- og 1400-talet, og står oppført på UNESCO-lista over verdas kulturarv.

Timbuktu er òg kjend som byen med 333 helgenar og perla i ørkenen. I Vesten har namnet ein mystisk klang som skriv seg frå den lange historia til byen som handelspost. Timbuktu bind saman Afrika sør for Sahara og det arabiske Nord-Afrika. Handelsmenn frå Europa kom òg hit, sjølv om byen var nokså utilgjengeleg. Det er truleg dette som har gjort Timbuktu til ein segnomsust stad, og at namnet Timbuktu ofte blir brukt som metafor for fjerne, eksotiske land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Timbuktu blei grunnlagd som ein leir av nomadiske tuaregar. Dei brukte leiren berre nokre delar av året, men han voks raskt i storleik og rikdom på grunn av den strategiske plasseringa. Den lukrative handelen gjennom Sahara omfatta gull, elfenbein, slavar, salt og andre varer. Timbuktu var den viktigaste byen i fleire riker: Ghanariket, Maliriket og Songhairiket. Byen hadde si stordomstid ved byrjinga av 1500-talet. Historier om den fantastiske rikdommen der gjorde europeiske nasjonar endå meir ivrige etter å utforska og kolonisera Afrika.

Nedgangstidene kom for Timbuktu då Portugal og seinare andre europeiske makter slo seg ned i Vest-Afrika. Dei frakta varer sjøvegen og skapte dermed eit alternativ til den farefylte karavanehandelen gjennom Sahara. Leiesoldatar sende av den marokkanske sultanen i 1591 erobra byen og den økonomiske nedgangen skaut fart.

Timbuktu blei gjenoppdaga på 1800-talet, men var då redusert til ein stor landsby av leirhus. I dag er Timbuktu framleis ein fattig by.

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

Timbuktu blei oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1988, og har mellom anna desse viktige bygga:

Den lokale arkitekturen med leiremoskéar skal ha inspirert den spanske arkitekten Antoni Gaudí.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]