Tiwanaku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menneskeliknande figur på Kalasasaya gravhaug (Foto: Claire Pouteau)

Tiwanaku, tidlegare skrive Tiahuanaco, er ein viktig arkeologisk funnstad i dagens Bolivia frå før inkatid. Ruinane frå den gamle byen ligg ved søraustkysten av innsjøen Titicaca, kring 72 km vest av La Paz. Opphavleg låg byen ved sjøen, men Titicaca har no trekt seg rundt 20 km attende. Byen kan ha vore så stor som 6 km², med folkesetnad på 40 000. Tiwanaku er prega av store steinar som veg opp til 100 tonn, dei er hogd, firkanta, kledd og skore, og slår til og med inkakulturen i kvaliteten på handverket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden vart grunnlagt kring år 200 f.Kr. som ein liten landsby. Mellom år 300 e.Kr. og 500 e.Kr. voks han, fekk urbane proporsjonar, og vart ei viktig regional kraft i regionen i sørlege Andes, men kollapsa brått kring år 1000 eller litt seinare. Folket forlét byen og den karakteristiske stil i kulturen kom bort. Somme har foreslått at sjølve kulturen har ein horisont så lang som frå ca 1500 f.Kr. til ca 1200 e.Kr.

Mange av bygningane i Tiwanaku er i mykje dårleg stand og har attpåtil vore gjenstand for plyndring og amatørmessige utgravingar gjort i forsøk på å finne verdisaker kort tid etter fallet åt Tiwanaku. Skadeverket heldt fram på 1800-talet og i starten på 1900-talet, og har omfatta medan anna steinbryting for jernbane og for militære treningsføremål.

I dag er Tiwanaku eit boliviansk kulturminne sett på UNESCO si verdsarvliste.

Kulturen[endre | endre wikiteksten]

Solporten (Foto: Torox, tysk wikipedia)

Det mest kjente monumentet i byen er den enorme solporten, 3 meter høg og 3,75 m brei. Breiddestykket er laga av ei udelt andesittblokk – stein av lavabergart. Blokka braut i to under eit jordskjelv ein gong etter at kulturen gjekk under. I 1908 vart porten reist opp att. Blokka er rekna til å vege mellom 7 og 12 tonn. Ho er dekt av friser, eit sentralt guddommeleg bilete og mange mindre friser kalla vengefriser. Det er usemje om tydingane, somme foreslår at frisene er ein kalender.

Mykje ved kulturen er framleis ukjend. Det er ikkje klart om Chavín har påverka området. Mange bygg og bilete kan minne om Chavín. I blomstringsperioden rekte påverknad frå Tiwanaku frå stillehavskysten over fjella i Atacama-regionen, Chile til Cochabamba-provinsen og så vidt som til dagens Argentina. Det er ikkje klart om det store område var eit rike i politisk forstand, eller om det berre er snakk om kulturell og kommersiell påverknad. Eit viktig språk i området var den gong som no Aymara.

Keramikken frå Tiwanaku er datert frå år 100 f.Kr. til år 1000 e.Kr. Det er ikkje mogleg å gje bygningar ei så lang datering. Likeins veit ein ikkje årsaka til at dei store bygningane vart reist her, somme trur dei kan ha vore del av ein religiøs kultstad. Steinblokkane kan ha vorte flytta 300 km frå steinbrottet.

Kunstforma i Tiwanaku er tydingsskiljande. Saman med den samtidige wari definerer dei den mellomhorisonten av forhistorisk kultur i Andes. Begge stilartane nedstammer frå Pukarakulturen som hadde sentrum i nordre del av Titicaca. Ein trur at Tiwanaku har influert på kunst i Chimu.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • A. Posnansky, Tiahuanacu: The Cradle of American Man (4 vol., 1945–58)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]