Uigurisk
| Uigurisk (ئۇيغۇرچە, Uyƣurqə, уйғурчә) |
||
| Klassifisering: | Altaisk Tyrkisk Austtyrkisk Uigurisk |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | ||
| Uigurisktalande i alt: | 7 601 000[1] | |
| Skriftsystem: | Det arabiske alfabetet og det kyrilliske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | ug | |
| ISO 639-2: | uig | |
| ISO 639-3: | uig | |
| Wikipedia på uigurisk | ||
Uigurisk er eit tyrkisk språk som blir tala av uigurar. Det blir tala av rundt 8,5 millionar menneske i Kina og 300 000 i Kasakhstan, i tillegg til fleire andre land. Dei fleste uigurar i Kina bur i den autonome regionen Xinjiang, der uigurisk er offisielt språk saman med kinesisk.
Som mange andre tyrkiske språk er uigurisk eit agglutinerande SOV-språk med vokalharmoni. Det deler ikkje substantiv inn i nominalklassar som kjønn. Særeige for uigurisk, særleg for nordlege dialaktar, er vokalreduksjon og omlyd.
Innhaldsliste |
Slektskap [endre]
Gammaluigurisk blei tala i uigur-rika i Xinjiang rundt 800–1000-talet. Dette språket er nesten identisk med gammaltyrkisk.
Moderne uigurisk høyrer til den austlege delen den uigurisk-tyrkiske språkgruppa, som også omfattar salarisk, vest-jugurisk og fleire mindre språk. Usbekisk utgjer den vestlege delen av språkgruppa. Ordforrådet i språket er sterkt påverka av kinesisk, russisk og arabisk, medan lydlæra er påverka av iranske og tokariske substrat.
Skriftspråk [endre]
Uigurisk blir i dag skrive med eit tilverka arabisk alfabet i Kina, men har tidlegare også vore skrive med latinske bokstavar. Ein gjekk over frå arabiske til latinske bokstavar i 1960, og tilbake igjen til eit tillempa arabisk alfabet i 1983. I Kasakhstan bruker ein kyrilliske bokstavar.
Dei eldste uiguriske tekstane går tilbake til 700-talet. Dei blei skrivne med det persiske sogdianalfabetet som etterkvart blei utvikla til det gamle uighuralfabetet. Eldre uigurisk litteratur er hovudsakleg buddhistisk.
Kjelder [endre]
- Artikkelen bygger på «Uigurisk» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2012.
- Artikkelen bygger på «Uyghur Turkic languages» frå Wikipedia på engelsk, og «Uyghur alphabets» frå Wikipedia på engelsk den 26. mars 2012.
- Store norske leksikon, snl.no, «uigurisk»
Fotnotar [endre]
|
|
|
|---|---|
| Tsjuvasjisk | tsjuvasjisk |
| Sørtyrkiske språk | khalajisk · gagausisk · tyrkisk · krimtyrkisk · turkmensk · aserbajdsjansk · quashkaisk |
| Austtyrkiske språk | uigurisk · usbekisk · salarisk |
| Vesttyrkiske språk | basjkirsk · karatsjaiisk · karaimsk · kumyksk · tatarisk · barabask · krimtatarisk |
| Sentraltyrkiske språk | nogaisk · karakalpakisk · kasakhisk · kirgisisk |
| Nordtyrkiske språk | jakutisk · dolgansk · khakassisk · altaisk · salarsk · nordaltaisk · tsjulymsk · sjorisk · tuvinsk · karagassisk |