Jakutisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jakutisk
(Саха тыла sakha tyla)
Klassifisering: Tyrkiske språk
 Nordtyrkisk
  Jakutisk
Talarar: jakutar
Bruk
Tala i: Russland
Område: Sakha
Jakutisktalande i alt: ~363 000
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Kyrillisk alfabet
Offisiell status
Offisielt språk i: Republikken Sakha
Språkkodar
ISO 639-2: sah
ISO 639-3: sah

Jakutisk eller sakha er eit tyrkisk språk med ca. 363 000 talarar som blir snakka i republikken Sakha i Russland. Talarane blir kalla jakutar, og kallar seg sjølv for sakha.

Ved folketeljinga i 2010 oppgav 450 100 menneske at dei meistra jakutisk, dette omfatta ikkje berre dei som brukte det som morsmål. Ved same folketeljing var talet på etniske jakutar 478&nsbp;100.[1]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Jakutisk er eit medlem av den nordlege greina av dei tyrkiske språka, i lag med ahor, tuvinsk, og dolgansk i tillegg til sakha. Den nordtyrkiske språkfamilien er ei undergruppe av dei tyrkiske språka, som nokre lingvistar meiner er medlem av eit større altaisk språkfamilie.

På same måten som finsk, ungarsk og tyrkisk, har jakutisk vokalharmoni, er agglutinerande og manglar grammatisk genus. Ordstilling er som regel Subjekt Objekt Verb.

Geografisk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Jakutisk blir snakka hovudsakleg i republikken Sakha. Det blir også snakka av jakutar i Khabarovsk kraj og i små diasporasamfunn i andre delar av Russland, Tyrkia, og andre delar av verda. Dolganarane er eit folk med ein annan etnisk identitet enn jakutane, men dei snakkar ein versjon av jakutisk som dei fleste ser på som ein dialekt, og ikkje eit eige dolgansk språk. Dolganane held til i Krasnojarsk kraj. Jakutisk blir brukt som lingua franca av andre etniske minoritetar i republikken Sakha.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Eit karakteristisk trekk ved jakutisk er vokalharmoni. Viss den første vokal i eit jakutisk ord er ein fremre vokal, vil resten av vokalane i ordet også vere fremre: kelin «rygg»: e er ein open urunda fremre vokal, i er lukka, urunda, fremre.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

konsonantfonem i jakutisk
Bilabial Dental Alveolar Palatal Velar Glottal
Plosivar p b t d c ɟ k g
Nasalar m n ɲ ŋ
Frikativar s x ɣ h
Flapp ɾ
Approksimant j, j̃
Lateral
approksimantar
l

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalfonem i jakutisk
Kort Lang Diftong
Lukka Open Lukka Open
Fremre Urunda i e ie
Runda y ø øː
Bakre Urunda ɯ a ɯː ɯa
Runda u o uo

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Jakutisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet: som vart laga for jakutisk i 1939 som ein ledd i den sovjetiske språkpolitikken, det består av det russiske alfabetet pluss 5 bokstavar i tillegg: Ҕҕ, Ҥҥ, Өө, Һһ, Үү.

Cyrillic IPA
А а /a/
Б б /b/
В в /v/ berre i russiske lånord
Г г /g/
Ҕ ҕ /ɣ, ʁ/
Д д /d/
Дь дь /ɟ/
Е е /e, je/ berre i russiske lånord
Ё ё /jo/ berre i russiske lånord
Ж ж /ʒ/ berre i russiske lånord
З з /z/ berre i russiske lånord
И и /i/
Й й /j, j̃/ Nasalisering av halvvokalen er ikkje vist i ortografien
К к /k, q/
Л л /l/
М м /m/
Н н /n/
Ҥ ҥ /ŋ/
Нь нь /ɲ/
О о /o/
Ө ө /ø/
П п /p/
Р р /r/
С с /s/
Һ һ /h/
Т т /t/
У у /u/
Ү ү /y/
Ф ф /f/ berre i russiske lånord
Х х /x/
Ц ц /ts/ berre i russiske lånord
Ч ч /c/
Ш ш /ʃ/ berre i russiske lånord
Щ щ /ɕː/ berre i russiske lånord
Ъ ъ  ? berre i russiske lånord
Ы ы /ɯ/
Ь ь  ? berre i russiske lånord
Э э /e/
Ю ю /ju/ berre i russiske lånord
Я я /ja/ berre i russiske lånord

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

Spørjeord i jakutisk blir ståande in-situ; dei blir ikkje flytta fram til starten av setninga. Her er nokre døme: tuox «kva», kim «kven», xaydax «korleis», xas «kor mykje», xanna «kvar», xannɯk «kva slags».

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den første publikasjonen på jakutsk var del av Nicolaas Witsens bok publisert i 1692 i Amsterdam.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]