Universitetssenteret på Svalbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
UNIS i april 2008.
Foto: Erlend Bjørtvedt.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein norsk forskings- og utdanningsinstitusjon på Svalbard. UNIS er verdas nordlegaste høgare utdanningsinstitusjon - det ligg på 78° nord i Longyearbyen. Offisielt reknar ikkje NOKUT UNIS for å vera eit universitet. Det er derimot eit aksjeselskap som blir eigd av Kunnskapsdepartementet.

UNIS vart skipa i 1993, og hadde til føremål å gje utdanning om arktiske studie på universitetsnivå og bidra til forskingsplattforma Svalbard. UNIS underviser i faga arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. Om lag 350 studentar i året tek eitt eller fleire kurs ved UNIS. Studentane kjem frå heile verda, om lag halvparten av dei er norske. Også av dei tilsette er halvparten norske og halvparten utanlandske. Engelsk er det offisielle språket på UNIS.

I styret ved UNIS er dei representantar frå dei fire tradisjonelle norske universiteta: UiO, UiB, NTNU og UiT.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]