Verran kommune
| Verran kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1724 |
| Fylke | Nord-Trøndelag |
| Adm.senter | Malm |
| Areal | 601 km² |
| Folkemengd | 2 648 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Bjørn Skjelstad (Sp) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.verran.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Verran kommune på Commons | |
Verran er ein kommune i Nord-Trøndelag fylke som ligg langs fjordarmen Beistadfjorden inst i Trondheimsfjorden. Den grensar i nord mot Steinkjer og Namdalseid, i sør mot Inderøy, Leksvik og Rissa, og i vest mot Åfjord. Verran var opphavleg to kommunar, Malm og Verran, som vart slegne saman til éin kommune i 1964.
Kommunen er lang og smal. Total strandline er om lag 80 km. Det høgste fjellet i kommunen er Sandvassheia på 655 moh. Største tettstad er kommunesenteret Malm, der om lag 1 600 av av dei totalt 2 644 innbyggjarane bur. Andre tettstader er Follafoss, Verrastranda og Verrabotn.
Hovudnæringa i kommunen er industri, ein sektor der rundt halvparten av den yrkesaktive folkesetnaden er sysselsett. Andre store sektorar er handel- og servicenæringa, og jordbruksnæringa. Jernmalmgruvene i Malm vart drivne frå 1906 til 1997. Cellulosefabrikken Södra Cell Folla er den største arbeidsplassen i Follafoss.
I 2006 lova regjeringa tre millionar kroner til småsamfunnsprosjektet i Verran. Det var eit pilotprosjekt over fem år med ei ramme på seks millionar kroner, finansiert i felleskap av Kommunal- og regionaldepartementet, fylkeskommunen og kommunen. Målet var å stabilisere folketalet, setje fokus på trivsel og auke talet på robuste arbeidsplassar i kommunen.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Kommunefakta (Nord-Trøndelag) - frå Statistisk sentralbyrå
- Verran kommune sine heimesider
- Artikkel frå Trønder-Avisa om ordførarbyte
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Nord-Trøndelag | ||
|---|---|---|
| Flatanger · Fosnes · Frosta · Grong · Høylandet · Inderøy · Leka · Leksvik · Levanger · Lierne · Meråker · Namdalseid · Namsos · Namsskogan · Nærøy · Overhalla · Røyrvik · Snåsa · Steinkjer · Stjørdal · Verdal · Verran · Vikna | ||