Holtålen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holtålen kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Ålen
Areal 1 210 km²
 - land 1 177 km²
 - vatn 43 km²
Folketal 2 035  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Arve Hitterdal[1] (Lokale lister)
Kommunenr. 5026
Kart
Holtålen kommune
62°52′7″ N 11°16′38″ E
Wikimedia Commons: Holtålen
Nettstad: www.holtalen.kommune.no

Holtålen er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord til kommunane Selbu, i nordaust til Tydal, i sør til Røros og Os, og i vest til Midtre Gauldal kommune.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kjøli gruve ligg i Holtålen kommune. Gruveområdet ligg øvst i Gauldalen cirka fire mil nordaust for Røros, om lag 1070 moh. Gruva er drive på koparkis og blei fyrste gong opna i 1766 og siste gang nedlagt i 1941.

I kommunen ligg au Killingdal gruve. Ho blei fyrste gong opna i 1674 og siste gang nedlagt i 1986. Opninga ligg omtrent 900 meter over havet og nedste del av gruva 500 meter under havet. Gruva er Nord-Europas djupaste gruve.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet er det gamle namnet på ei av dei to hovudbygdene i kommunen, Haltdalen. Den andre hovudbygda heiter Ålen. Sistnemnde har all tid hatt dobbelt så mange innbyggjarar som Haltdalen, men etter Røros Kobberverk i 1644 miste Ålen mykje areal til Røros. Før koparverket var jordbruk viktigaste næringsveg. Så seint som på slutten av 1800-talet var Holtålen leiande innanfor norsk husdyrbruk. Reaktiviseringa med engelsk kapital av dei gamle gruvene Kjøli og Killingdal gav industri og anleggsverksemd kraftig framskuv.

Kommunehistorie[endre | endre wikiteksten]

Holtålen blei oppretta som Holtålen formannskapsdistrikt i 1837. I 1855 blei Ålen skilt ut som eigen kommune. Holtålen hadde etter delinga 809 innbyggarar. I 1937 skifta kommunen namn til Haltdalen kommune.

Ved kommunesamanslåinga 1. januar 1972 mellom Haltdalen (778 innbyggarar) og Ålen kommunar (1 944 innbyggarar), gjenoppstod det gamle namnet, Holtålen kommune. 21. april 1989 blei ein del av Røros overført til Holtålen (gnr 1 bnr 4).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen. Kommunen omfattar store fjellareal.

Busetjinga ligg stort sett nede i øvre del av Gauldalen. To fjelldalar, Aunegrenda, nord for Haltdalen, og Hessdalen, sørvest for Ålen, er einaste bygdesamfunn utanfor Gauldalen.

Innsjøen Gaulhåen er utgangspunktet i sør for Gaula. Gaulhåen har tilsiget sitt frå Kjølifjellet (1288 moh.), som er grensefjell mellom Tydal og Holtålen kommunar.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

I kommunen ligg fjellbygda Hessdalen som er kjent for lysfenomena på himmelen frå desember 1981 som blei sett på som uidentifiserte flygande objekt (UFOar).

I kommunen ligg også Rugelråen. Det er ein canyon som er cirka seks km lang som går i gjennom øvre del av Ålen. Elva Rugla renn gjennom Rugelråen.

Kjente haltdalingar og ålbyggar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. https://nearadio.no/roros-holtalen/nyheter/da-er-arve-ordforer/19.22599