Vest-Makedonía
| Vest-Makedonía Δυτική Μακεδονία |
|
|---|---|
![]() |
|
| Land: | Hellas |
| Hovudstad: | Kozáni |
| Periferieiningar: | Kozáni Grevená Kastoriá Flórina |
| Folketal: | 283 689 (2011) |
| Areal: | 9 451 km² |
| Folketettleik: | 30 /km² |
| Heimeside: | www.pdm.gov.gr |
Vest-Makedonía (gresk Δυτική Μακεδονία, Dytikí Makedonía) er ein av tretten periferiar i Hellas. Han omfattar dei tidlegare prefektura Kozáni, Grevená, Kastoriá og Flórina.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Periferien ligg nordvest i landet og grensar til periferiane Sentral-Makedonía i aust, Thessalía i sør, Ípiros i vest, i tillegg til Republikken Makedonia og Albania i nord. Mykje av Vest-Makedonía er fjellendt, noko ein òg ser i fordelinga av folkesetnaden, som er oppunder 300 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane bur i jordbruksområda.
Periferieiningar og kommunar [endre]
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Vest-Makedonía delt inn i fire periferieiningar som omfattar 12 kommunar.
| Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
|---|---|---|
| Kozáni | 150 196 | Kozáni, Eordéa, Vóio, Sérvia-Velvendós |
| Grevená | 31 757 | Deskáti, Grevená |
| Kastoriá | 50 322 | Nestório, Orestída, Kastoriá |
| Flórina | 51 414 | Préspes, Flórina, Amýndeo |
| Kommune | Periferieining | Areal | Folketal | Hovudsete | |
|---|---|---|---|---|---|
| 1 | Kozáni | Kozáni | 1 072,3 | 71 388 | Kozáni |
| 2 | Eordéa | Kozáni | 707,9 | 45 592 | Ptolemaída |
| 3 | Vóio | Kozáni | 1 021,0 | 18 386 | Siátista |
| 4 | Sérvia-Velvendós | Kozáni | 732,2 | 14 830 | Sérvia |
| 5 | Deskáti | Grevená | 421,2 | 5 852 | Deskáti |
| 6 | Grevená | Grevená | 1 859,9 | 25 905 | Grevená |
| 7 | Nestório | Kastoriá | 618,5 | 2 646 | Nestório |
| 8 | Orestída | Kastoriá | 349,3 | 11 802 | Árgos Orestikó |
| 9 | Kastoriá | Kastoriá | 755,0 | 35 874 | Kastoriá |
| 10 | Préspes | Flórina | 504,2 | 1 560 | Lemós |
| 11 | Flórina | Flórina | 827,6 | 32 881 | Flórina |
| 12 | Amýndeo | Flórina | 599,6 | 16 973 | Amýndeo |
Byar og tettstader [endre]
Hovudstaden Kozáni har 41 066 innbyggjarar. Andre byar er Ptolemaída (32 127), Flórina (17 686), Kastoriá (13 387) og Grevená (13 137).
Økonomi [endre]
70 % av straumproduksjonen i landet vert produsert i Vest-Makedonía, og i tillegg er gruvedrift ei viktig næring. Dei siste åra har turisme vorte viktigare, særleg om vinteren. Vest-Makedonía er den einaste greske periferien utan kyst, men han har mange innsjøar, fjell, vakre landsbyar og to store skisenter i Flórina (Vígla) og Grevená (Vasilítsa).
Galleri [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen West Macedonia frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
| Attikí • Sentral-Hellas • Sentral-Makedonía • Kreta • Aust-Makedonía og Thráki • Ípiros • Dei joniske øyane • Dei nordlege egeiske øyane • Peloponnes • Dei sørlege egeiske øyane • Thessalía • Vest-Hellas • Vest-Makedonía Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia) |
||
