Aliákmonas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aliákmonas
Αλιάκμονας
Aliakmon locator map.png
Utspring Píndosfjella
Munning Thermaikósbukta
Land i nedslagsfelt Hellas Hellas
Lengd 322 km

Aliákmonas (moderne gresk Αλιάκμονας, attisk Ἁλιάκμων Haliákmōn, jonisk Aliákmōn, sørslavisk Бистрица Bistritsa, tyrkisk İnce Karasu) er den lengste elva i Hellas med ei lengd på 322 km. Det offisielle namnet på elva er i dag Aliákmonas, men andre namn som Haliakmon, Haliacmon eller Aliakmon vert òg stundom nytta.

Ho har sitt utspring nord i Píndosfjella nord i Hellas ved grensa til Albania og renn søraustover, og seinare nordaustover gjennom periferiane Vest- og Sentral-Makedonía og så ut i Kastoriásjøen. Vidare renn ho gjennom eit reservoar før ho munnar ut i Thermaikósbukta i Egearhavet. Ho gjev vatn til eit stort område og er svært viktig for jordbruket i regionen. Elva dannar den vestlege delen av deltaet til Axiós (Vardar). Elva renn gjennom periferieiningane Kastoriá, Grevená, Kozáni, Imathía og Piería.

Leia til Aliákmonas sett frå Terrasatellitten.
Brua (1352 m) over den kunstige innsjøen i elva Aliákmonas i periferieininga Kozáni.

Aliákmonas renn gjennom Kastoriá, Neápoli, vest for Siátista, inn i periferieininga Grevená og aust for Grevená. Vidare renn ho sør for Kozáni og ut i reservoaret Polýfytos, som er 20 km langt og om lag 4-5 km breitt. Frå her renn elva søraust for Eaní og gjennom fleire gjel, så søraust for Véria, nord for Ejínio og nordaust for Methóni.

I antikken kalla Klaudios Ptolemaios fjellkjeda der elva har sitt utspring (nord i Píndos) for Canalovii. I følgje Julius Cæsar var Aliákmonas grensa mellom Makedonia og Thessalía. I den øvre leia gjekk ho søraustover gjennom Elimiotis, som ho gav vatn til, og så nordaustover der ho danna grensa mellom Piería, Eordaea og Imathía. På Herodotos si tid hadde visstnok Aliákmonas elva Loudías som sideelv[1] og mottok då vatn frå Pellasjøen, men ei endring i leia til Loudías gjer at ho i dag renn direkte ut i Egearhavet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]