Viersongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viersongar
Viersongar Foto: Francesco Veronesi
Viersongar
Foto: Francesco Veronesi
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Bladsongarfamilien Phylloscopidae
Slekt: Bladsongarar Phylloscopus
Art: Viersongar P. schwarzi
Vitskapleg namn
Phylloscopus schwarzi

Viersongar (Phylloscopus schwarzi) er ein mellomstor bladsongar i den biologiske slekta Phylloscopus, som hekkar i Sibir. Han er ein er sterkt trekkfugl og overvintrar i Søraust-Asia. Det vitskaplege namnet Phylloscopus på den biologiske slekta er frå gammalgresk og tyder bladsøkjar. Det spesifikke artsnamnet schwarzi heidrar den tyske astronomen Ludwig Schwarz (1822-1894).[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein songar med storleik som ein lauvsongar, ca. 12,5 - 13,5 centimeter i kroppslengd og masse på 8 - 15 gram.[2] Vaksne fuglar har olivenbrun rygg og krone, og gulbrun underside. Dei er eit veldig langt framtredande lys augebrynstripe, supercilium, og det spisse nebbet er langt tjukkare enn hos den elles liknande brunsongaren. Beina er bleikare, og føtene ser store ut, noko som gjenspeglar det meir bakkenære leveområdet til denne songaren. Kjønna er like, som hos dei fleste songarar, men unge fuglar har meir gul underside. Lokkelætet er eit mjukt, nesten nasalt 'tjett'.

Viersongaren lever i sørlege delar av Sentral- og Aust-Sibir så langt aust som Korea og Mandsjuria. Det er ein trekkfugl og om vinteren held han til i Bangladesh, Kambodsja, Laos, Myanmar og Thailand. I hekkeperioden har han habitat i opne lauvskogar med litt undervekst og i utkant lågvaksen skog, ofte i nærleiken av vatn. I vinterkvarteret er det i ytterkantar av skog, i område med tette buskar eller høgt gras nær skog. Som andre i denne familien, er viersongaren ein insektetar.

Reiret er bygd lågt i ein busk og kullet er 4 eller 5 egg.

Denne vesle songaren kan streife så langt som til Vest-Europa i september - oktober, heile 3000 km frå hekkeplassane. Det finst ei registrering i Nord-Irland i 2008.[3] I Noreg er det gjort ca. 20 observasjonar av viersongar i perioden 1981 til 2017, siste gong på Røst i september 2017.[4]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 196, 305. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Clement, P. (2017). Radde's Warbler (Phylloscopus schwarzi) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. desember 2017
  3. Leonard, K. 2008 Annual Report for 2008. Copeland Bird Observatory p.51 – 52
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 8. desember 2017. 
  5. BirdLife International (2017) Species factsheet: Phylloscopus schwarzi. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. desember 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Viersongar