Waiting for the Worms
| Waiting for the Worms Song av Pink Floyd frå albumet The Wall |
||
| Utgjeve | 30. November 1979 | |
| Innspelt | April-november, 1979 | |
| Sjanger | Kunstrock, progressiv rock, hardrock | |
| Lengd | 3:58 | |
| Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
|---|---|---|
| Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
«Waiting for the Worms» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet The Wall i 1979.
Innhaldsliste |
Handling [endre]
På dette punktet i historia har Pink mista alt håp og har latt dårlege tankar eller «ormar (worms)» ta over tankane hans. I hallusinasjonane sine er han ein fascistisk diktator som spreiar hat og lover tilhengjarane sine at dei skal få sjå «Britannia rule again» og «sende våre farga vener heim igjen». I tillegg annonserer han at han ventar på å skru på dusjane og fyre opp omnane.
Komposisjon [endre]
I introduksjonen tel Waters opp på tysk: «Eins, zwei, drei, alle!». Songen er svært drastisk, men roleg i byrjinga. Etter ei stund byrjar ei dempa stemme å tale, og dette held fram medan musikken vert tyngre. Resten av songen skiftar mellom det rolegare og det tyngre partiet. Mot slutten vert talen meir og meir høglydt, medan musikken aukar i volum og talen til slutt druknar i all lyden.
Filmversjon [endre]
Songen startar med ein animert sekvens der nokre tenåringar spring over ei filledokkeutgåve av Pink. Han roper så gjennom ein megafon, medan tilhengjarane hans marsjerer gjennom gatene. Etter dette er det tilbake til ein animert sekvens med eit skrikande hovud og ein nazist som knuser ein hovudskalle. Ein hund et kjøtt frå ein krok, men vert sjølv ete av ein større hund. Til slutt ser ein ei rekkje marsjerande hammarar, der hovudet på hammarane er forma som megafonar. Heilt til slutt ser ein Pink som skrik «Stop».
Medverkande [endre]
- David Gilmour - gitarar, bass, synthesizer og vokal.
- Nick Mason - trommer
- Roger Waters - vokal, synthesizer, «naziskrål»
- Richard Wright - orgel
- Bob Ezrin - piano og korist
- Joe Chemay - korist
- Stan Farber - korist
- Jim Haas - korist
- Bruce Johnston - korist
- John Joyce - korist
- Toni Tennille - korist
Kjelde [endre]
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8