Willem Barents

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willem Barents (1550-1597)

Willem Barents (fødd kring 1550 på den vestfrisiske øya Terschelling i Nederland, død 20. juni 1597Novaja Semlja i dagens Russland) var ein frisisk-nederlandsk sjøfarar og oppdagar, på slutten av 1500-talet. Barentshavet, Barentsøya, Barentsburg og Barentsregionen er oppkalla etter han. På nederlandsk språk heitte han Barentsz, ei forkorting av Barentszoon

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjend om livet til Barents før ekspedisjonane mot nord.

Første ekspedisjonen (1594)[endre | endre wikiteksten]

I 1594 sigla han ut frå Amsterdam med to skip for å leita etter Nordaustpassasjen frå Europa og nordom Sibir fram til Stillehavet og det austlege Asia. Han nådde vestkysten av Novaja Semlja og fylgde han nordover, men vart tvungen til å gjera vendereis rett før han nådde nordspissen av øya. Det andre skipet, ført av Cornelis Nay, hadde meir hell med seg. Skipet sigla gjennom Vajgach-stretet, og kom inn i Karashavet.

Andre ekspedisjonen (1595)[endre | endre wikiteksten]

^Året etter leia Barents ein ny ekspedisjon, denne gong med sju skip. Dei sigla mot stretet mellom det sibirske fastlandet og Vajgach-øya, men dei var for seint ute til å finna ope hav. Dei kom til munningen av Petsjoraelva og handla der med samojedar.

Willem Barents døyr, måleri av Christiaan Julius Lodewyck Portman

Tredje ekspedisjonen (1596-97), Barents døydde[endre | endre wikiteksten]

Den tredje ekspedisjonen hans (1596-97) slo òg feil, og enda med at Barents døydde. Denne gongen hadde han to skip, førd av kapteinane Jan Rijp og Jacob van Heemskerk. På utreisa oppdaga han Bjørnøya og Spitsbergen. Men ved Spitsbergen kom skipa vekk frå kvarandre. Barents sitt skip, ført av Heemskerk, sette seg fast i isen etter å ha runda nordspissen av Novaja Semlja. Mannskapet vart nøydd til å overvintra på Novaja Semlja og måtte rive ned overbygget på skipet for å få nok tømmer til ei hytte. Då skipet ikkje kom seg laus frå isen tidleg i 1597 måtte dei legge av stad i to opne båtar den 13. juni. Dei fleste klara seg, og vart tekne opp av Jan Rijp sitt skip ved Kolahalvøya nær Murmansk.

Men Barents sjølv døydde den 20. juni.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Historia om den skrekkelege overvintringa på Novaja Semlja vart skildra av tømmermann på skipet, Gerrit de Veer. Han vart med dette den første som skildra det uvanlege atmosfæriske fenomenet som no er kjend som Novaja Semlja-effekten. Han skildra den 24. januar 1597 ein soloppgang. To veker tidlegare enn forventa, og så tidleg at det ikkje skulle vera mogleg på denne breiddegrada. Det var ikkje før i 1998 at ein fann ei forklaring på dette fenomenet, som var ei arktisk luftspegling.

I 1871 vart hytta der Barents og mannskapet hans overvintra attfunne av den norske kvalfangaren Elling Carlsen. Hytta var ikkje skadd, og nederlendarane kalla det for Het Behouden Huys (det bevarte huset). Mange av gjenstandane derifrå er tekne vare på i Haag. I 1875 vart ein del av skipsjournalen funnen. Frå 1993 til 1995 vart hytta grundig undersøkt av arkeologar frå Russland og Nederland. Frå det nederlandske Rijksmuseum og frå Universiteit van Amsterdam).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Willem Barents