Trettiårskrigen: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
omskrive frå spire, start frå en
Opphavet til krigen
Line 103: Line 103:


Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (''[[bellum se ipsum alet]]''). Episodar med hungersnaud og sjukdom førte til at folketalet i dei tyske statane, [[Böhmen]], [[Dei sameinte Nederlanda]] og [[Italia]] falt kraftig, og dei fleire statar fekk store økonomiske problem. Sjølv om regimenta innafor kvar arme ikkje strengt tatt var innleigde i den forstand at dei skifta side frå slag til slag, var dei individuelle soldatane innafor kvart regiment truleg [[leigesoldat]]ar. Disiplinproblema vart derimot vanskelegare av måten militæret vart finansiert på på 1600-talet. Armeane var forventa å vere stort sett sjølvfiansierte ved at ein plyndra eller skattla innbyggjarane i områda der dei opererte. Dette oppfordra ei form lovløyse som gjekk hardt ut over innbyggjarane i dei okkuperte områda. Fleire av stridane som var ein del av krigen vart ikkje løyste på lang tid. Trettiårskrigen enda med avtalar i [[Osnabrück]] og [[Münster]], delar av den større [[freden i Westfalen]].<ref>Wilson, Peter. "Europa's Tragedy". Penguin, 2009, s.735-755</ref>
Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (''[[bellum se ipsum alet]]''). Episodar med hungersnaud og sjukdom førte til at folketalet i dei tyske statane, [[Böhmen]], [[Dei sameinte Nederlanda]] og [[Italia]] falt kraftig, og dei fleire statar fekk store økonomiske problem. Sjølv om regimenta innafor kvar arme ikkje strengt tatt var innleigde i den forstand at dei skifta side frå slag til slag, var dei individuelle soldatane innafor kvart regiment truleg [[leigesoldat]]ar. Disiplinproblema vart derimot vanskelegare av måten militæret vart finansiert på på 1600-talet. Armeane var forventa å vere stort sett sjølvfiansierte ved at ein plyndra eller skattla innbyggjarane i områda der dei opererte. Dette oppfordra ei form lovløyse som gjekk hardt ut over innbyggjarane i dei okkuperte områda. Fleire av stridane som var ein del av krigen vart ikkje løyste på lang tid. Trettiårskrigen enda med avtalar i [[Osnabrück]] og [[Münster]], delar av den større [[freden i Westfalen]].<ref>Wilson, Peter. "Europa's Tragedy". Penguin, 2009, s.735-755</ref>

==Opphavet til krigen ==

[[Freden i Augsburg]] (1555), signert av [[Karl V av Det tysk-romerske riket]], stadfesta resultata etter [[Den første riksdagen i Speyer|riksdagen i Speyer]] i 1526, som enda krigen mellom tyske [[lutheranarar]] og katolikkar.<ref name="DOS-BOE">{{cite web|url=http://www.britannica.com/eb/topic-559499/Diets-of-Speyer|title=Diets of Speyer (German history) – Britannica Online Encyclopedia|publisher=www.britannica.com|accessdato=24. januar 2012 }}</ref>
* Herskarar frå 225 tyske statar kunne velje religionen sin (lutheranisme eller katolisisme) i staten sin, og tvinge innbyggjarane til å følgje denne trua (''[[cuius regio, eius religio]]''-prinsippet).
* Lutheranarar som levde i eit [[fyrstbispedøme]] (ein stat styrt av ein katolsk biskop) kunne halde fram å praktisere trua si.
* Lutheranarar kunne halde områda dei hadde teke frå den katolske kyrkja sidan [[freden i Passau]] i 1552.
* [[Fyrstbiskop]]ane som hadde konvertert til lutheranismen måtte sei frå seg landområda sine (''[[reservatum ecclesiasticum]]''-prinsippet).
Sjølv om freden i Augsburg enda fiendskapen for ei stund, løyste det ikkje den underliggande religiøse striden. I tillegg spreidde [[kalvinisme]]n seg raskt gjennom Tyskland i åra som følgde. Dette førte til ei tredje trusretning, men dette vart ikkje anerkjend med vilkåra i Augsburg-avtalen, der berre katolisismen og lutheranismen var gjeldande.<ref name="POP-HLS">{{cite web|url=http://www.historylearningsite.co.uk/peace_of_prague.htm|title=::The Peace in Prague::|publisher=www.historylearningsite.co.uk|accessdato=24. januar 2012}}</ref>

Herskarane frå nasjonane som grensa til Det tysk-romerske riket medverka òg til at trettiårskrigen braut ut:
* [[Spania]] var interessert i dei tyske statane fordi dei hadde område i [[Dei spanske Nederlanda]] i den vestlege delen av Riket og statar innafor Italia som var knytte saman over land via [[Spanskevegen]]. Nederlendarane gjorde opprør mot den spanske dominansen i 1560-åra og dette førte til [[det nederlandske opprøret|ein langvarig sjølvstendekrig]] som varte fram til ein våpenkvile i 1609.
* [[Frankrike]] var nesten kringsett av dei to habsburgske statane (Spania og Det tysk-romerske riket), og ønskte å utøve makta si mot dei svakare tyske statane. Dette ønsket overgjekk dei religiøse interessene og gjorde at det katolske Frankrike deltok på den elles protestantiske sida i krigen.
* [[Sverige]] og [[Danmark]] var interesserte i å få kontroll over dei nordlege tyske statane som grensa til [[Austersjøen]].

[[Det tysk-romerske riket]] var ei fragmentert samling av stort sett sjølvstendige statar. Stillinga som tysk-romersk keisar var hovudsakleg berre ein tittel, men keisarane, frå [[Huset Habsburg]] styrte òg direkte ein stor del av Riket ([[Erkehertugdømet Austerrike]], i tillegg til [[Böhmen]] og [[Ungarn]]). Det austerrikske området var dermed ei europeisk stormakt aleine, og herska over åtte millionar innbyggjarar. Riket bestod òg av fleire større statar som [[Bayern]], [[kurfyrstedømet Sachsen]], [[markgrevskapet Brandenburg]], [[Kurfyrstedømet Pfalz|Pfalz]], [[Grevskapet Hessen|Hessen]], [[erkebispedømet Trier]] og [[Nürnberg]] (med 500&nbsp;000 til ein millionar innbyggjarar). Mange mindre sjølvstendige grevskap, [[keisarfri by|keisarfrie byar]], abbed, fyrstbispedøme og små herredøme (som stundom ikkje rådde over meir enn ein enkel landsby) dekka resten av Riket. Bortsett frå Austerrike og kanskje Bayern, kunne ingen av desse einingane utøve makt på nasjonalpolitisk nivå, og alliansar mellom familietilknytte statar var vanlege, delvis fordi det var vanleg å dele opp famileeigedomane mellom etterkomarane.

Den religiøse spaninga heldt seg sterk gjennom andre halvdelen av 1500-talet. Freden i Augsburg byrja å løys seg opp, då nokre av dei konverterte biskopane nekta å gje frå seg [[bispedøme|bispedøma]] sine, og somme habsburgske og andre katolske herskarar i Det tysk-romerske riket og Spania ønskte å gjeninnføre katolisismen i regionen. Dette var tydeleg frå [[Kølnerkrigen]] (1583–88), ein konflikt som starta då [[fyrstbiskop]]en i byen, [[Gerhard Truckles Von Wald-burg]], konverterte til kalvinismen. Sidan han var keisarleg [[kurfyrste]] kunne dette ha ført til eit protestantisk fleirtal blant fyrstane som valte den tysk-romerske keisaren&nbsp;&nbsp;– ei stilling som alltid hadde vore katolsk.

I Kølnerkrigen dreiv spanske soldatar den tidlegare fyrstbiskopen ut og erstatta han med [[Ernst av Bayern]], ein katolikk. Etter denne suksessen dreiv katolikkane på vidare og ''cuius regio, eius religio''-prinsippet vart utført meir strengt i Bayern, [[Würzburg]] og andre statar. Dette tvang dei lutherske innbyggjarane til å anten omvende seg eller flytte. Lutheranarane opplevde òg at herrar i Pfalz (1560), Nassau (1578), Hessen-Kassel (1603) og Brandenburg (1613) hoppa over til den nye kalvinismen. Så på byrjinga av 1600-talet var områda kring [[Rhinen]] og dei sørover til [[Donau]] stort sett katolske, medan lutheranarane dominerte i nord og kalvinistane i somme andre område, som vest i det sentrale Tyskland, Sveits og Nederlanda. Det fanst derimot minoritetar av dei andre trusretningane nesten alle stader. I somme herredøme og byar var talet på kalvinistar, katolikkar og lutheranarar nesten likt.

Dei spanske herskarane mislikte sterkt at dei habsburgske keisarane som følgde [[Karl V av Det tysk-romerske riket|Karl V]] (særleg [[Ferdinand I av Det tysk-romerske riket|Ferdinand I]] og [[Maximilian II av Det tysk-romerske riket|Maximilian II]], men òg [[Rudolf II av Det tysk-romerske riket|Rudolf II]] og etterkomarane hans [[Matthias av Det tysk-romerske riket|Matthias]]) var tilfredse med at prinsane i Riket kunne velje trusretning sjølv. Desse herskarane unngjekk religionskrigar i riket ved å la dei forskjellige trusretningane spreie seg utan tvang. Dette gjorde dei som søkte religiøs einskap arg.<ref name="TYW-Pipeline">{{cite web|url=http://www.pipeline.com/~cwa/TYWHome.htm#Background|title=The Thirty Years War|publisher=Pipeline|accessdato=24. januar 2012}}</ref> Samstundes ønskte Sverige og Danmark, begge lutheranske kongedøme, å støtte den protestantiske sida i Riket, samt få politisk og økonomisk innverknad der.

Dei religiøse spaningane braut ut i vald i den tyske [[keisarfri by|fristaden]] [[Donauwörth]] i 1606. Den lutherske majoriteten der hindra dei katolske innbyggjarane frå å halde ein prosesjon, noko som førte til opprør. Dette førte til at hertug [[Maximilian I av Bayern|Maximilian av Bayern]] (1573–1651) blanda seg inn på vegner av katolikkane. Då valden gav seg, følte kalvinistane i Tyskland (som var i mindretal) seg truga. Dei knytte seg saman og danna [[Den evangeliske unionen]] i 1608, leia av [[Kurfyrstedømet Pfalz|Pfalz]] [[kurfyrste]]n [[Fredrik IV av Pfalz|Fredrik IV]] (1583–1610), (viss son [[Fredrik V av Pfalz|Fredrik V]] gifta seg med [[Elizabeth av Böhmen|Elizabeth Stuart]], dottera til [[Jakob I av England]]).<ref name="FWK-CE6">{{cite web|url=http://www.bartleby.com/65/fr/FredWK.html|title=Fredrik the Winter King. The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition. 2001–07|publisher=www.bartleby.com|accessdato=24. januar 2012}}</ref> Då denne unionen vart oppretta danna katolikkane [[Den katolske ligaen i Tyskland|Den katolske ligaen]] i 1609, leia av hertug Maximilian.

[[Fil:Hans Bocksberger der Aeltere 001.jpg|mini|venstre|180px|[[Ferdinand I av Det tysk-romerske riket]] og [[konge av Böhmen]].]]
Spaningane eskalerte vidare i 1609 under [[den jüliche arvefølgjekrigen]], som starta då hertug [[Johan Vilhelm av Jülich-Cleves-Berg]], herskaren over det strategisk viktige [[Dei sameinte grevskapa Jülich-Cleves-Berg]], døydde utan barn.<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 48">C. V. Wedgwood, ''The Thirty Years War'' (Penguin, 1957, 1961), s. 48.</ref> Det var to pretendentar til grevskapet. Den første var hertuginne [[Anna av Preussen]], dottera til den eldste systera til hertug Johan Vilhelm, [[Maria Eleonora av Cleves]]. Anna var gift med kurfyrste [[Johan Sigismund av Brandenburg]]. Den andre var pfalzgreve [[Wolfgang Vilhelm av Neuburg]], som var son av den nest eldste systera til hertug Johan Vilhelm, [[Anna av Cleves (1552-1632)|Anna av Cleves]]. Hertuginne Anna av Preussen gjorde krav på Jülich-Cleves-Berg som arving til den eldste linja, medan Wolfgang Vilhelm gjorde krav som den eldste mannelge arvingen. Begge pretendentane var protestantiske. For å hindre krig mellom rivalane okkuperte styrkane til [[Rudolf II av Det tysk-romerske riket]] i 1610 Jülich-Cleves-Berg fram til striden vart avgjort i [[Rikshoffrådet]] (''Reichshofrat''). Fleire protestantiske prinsar frykta derimot at keisaren, som var ein from katolikk, ønskte å halde Jülich-Cleves-Berg for seg sjølv for å hindre grevskapa å hamne i protestantiske hender.<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 48"/> Representantar for [[Henrik IV av Frankrike]] og [[Dei sameinte Nederlanda]] samla styrkar for å invadere Jülich-Cleves-Berg, men desse planane vart avlyste då Henrik IV vart myrda. I håp om å få ein fordel i striden, konverterte Wolfgang Vilhelm til katolisismen, medan Johan Sigismund konverterte til kalvinismen (sjølv om [[Anna av Preussen]] vart verande lutheranar).<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 48"/> Striden vart avgjort i 1614 med [[freden i Xanten]] der Dei sameinte grevskapa vart fråskilde: [[Hertugdømet Jülich|Jülich]] og [[staten Berg|Berg]] vart gjeven til Wolfgang William, medan kurfyrsten av Brandenburg fekk [[hertugdømet Cleves|Cleves]], [[grevskapet Mark|Mark]] og [[grevskapet Ravensberg|Ravensberg]].<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 48"/>

[[Fil:Joseph Heintz d. Ä. 003.jpg|180px|mini|venstre|[[Ferdinand II av Det tysk-romerske riket]] og [[konge av Böhmen]].]]
Bakgrunnen for [[det nederlandske opprøret]] er òg naudsynt for å forstå hendingane som førte fram til trettiårskrigen. Det var vidt kjend at [[Tolvårsvåpenkvilen]] kom til å gå ut i 1621, og gjennom Europa venta ein at [[Spania]] då ville prøve å gjenerobre [[Dei sameinte Nederlanda]]. På denne tida kunne styrkane til [[Ambrogio Spinola, 1. marki av Balbases]], [[Republikken Genova|genuesisk]] kommandant for ein spansk arme, passere fritt gjennom dei vennlege territoria for å nå Dei sameinte Nederlanda. Den einaste fiendtlege staten som stod i vegen var [[Kurfyrstedømet Pfalz]].<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 50">C. V. Wedgwood, ''The Thirty Years War'' (Penguin, 1957, 1961), s. 50.</ref> (Den føretrekte ruta til Spinola ville ta han gjennom [[Republikken Genova]], [[hertugdømet Milano]], gjennom [[Val Telline]], rundt det fiendtlege [[Sveits]] ved å gå langs nordsida av [[Bodensjøen]], så gjennom [[Alsace]], [[erkebispedømet Strasbourg]], så gjennom Kurfyrstedømet Pfalz, og så til slutt gjennom [[erkebispedømet Trier]], [[grevskapet Jülich|Jülich]] og [[staten Berg|Berg]] og vidare til Dei sameinte Nederlanda).<ref name="V. Wedgwood, 1957, p. 50"/> Kurfyrstedømet Pfalz var derfor strategisk viktig i ei europeisk sak som var ut av alle proporsjonar samanlikna med storleiken på staten. Dette forklarer kvifor protestanten [[Jakob I av England]] fekk dottera [[Elizabeth av Böhmen|Elizabeth Stuart]] gift med [[Fredrik V av Pfalz]] i 1612, trass i den vanlege sedvanen om at ei prinsesse berre ville gifte seg med ein annan kongeleg.

I 1617 vart det tydeleg at [[Matthias av Det tysk-romerske riket]] og konge av [[Böhmen]] ville døy utan arvingar, og at landområda hans ville gå til den næraste mannlege slektningen, syskenbarnet [[Ferdinand II av Det tysk-romerske riket|erkehertug Ferdinand II av Austerrike]], næraste arving og kronprins av Böhmen. Med [[Oñate-traktaten]] gjekk [[Filip III av Spania]] med på denne arvefølgja.

Ferdinand, som fekk utdanninga si hos [[jesuittane]], var ein trufast katolikk som ønskte å innføre same religion i alle landområda sine. Dette gjorde han særs upopulær hos protestantane i Bömen (hovudsakleg [[husittane]]). I tillegg til meininga til innbyggjarane, avviste adelen hånleg Ferdinand, som hadde vorte valt til bøhmisk kronprins i 1617, og dette var med på å utløyse trettiårskrigen i 1618, då representanten hans [[defenestrasjonen i Praha|vart kasta ut av eit vindauge]] i ein haug med hestemøkk. Den såkalla ''[[defenestrasjonen i Praha]]'' førte til ope opprør i Böhmen, som hadde mektige utanlandske allierte. Ferdinand vart oppskaka av denne kalkulerte fornærminga, men den intolerante politikken hans i hans eige land gjorde at han hadde ei svak stilling. Interessene til Habsburg såg dei neste åra ut til å lide tilbakeslag som ikkje var mogeleg å kome opp att frå. Dei protestantiske interessene såg ut til å gå mot ein rask total siger.

[[Fil:Map Thirty Years War-en.svg|mini]]
Krigen kan delast inn i fire store fasar: [[#Det bøhmiske opprøret|Det bøhmiske opprøret]], [[#Den danske innblandinga (1625–1629)|den danske innblandinga]], [[#den svenske innblandinga(1630–1635)|den svenske innblandinga]] og [[#den franske innblandinga(1635–1648)|den franske innblandinga]].


==Sjå òg==
==Sjå òg==

Versjonen frå 24. januar 2012 kl. 02:13

Trettiårskrigen

Les Grandes Misères de la guerre av Jacques Callot, 1632.
Dato 1618–1648
Stad Europa (stort sett i dagens Tyskland)
Resultat Freden i Westfalen
Partar
Protestantiske statar og allierte

Flagget til Sverige Sverige
 Frankrike[1]
 Böhmen
Flagget til Danmark Danmark-Noreg (1625–1629)[2]
 Kurfyrstedømet Sachsen
 Dei sameinte Nederlanda
Kurfyrstedømet Pfalz
Braunschweig-Lüneburg
 England[3]
 Skottland
Brandenburg-Preussen
Transilvania
Hungarian Anti-habsburgske opprørarar[4]
Saporog-kosakkar
 Det osmanske riket

Romersk-katolske statar og allierte

 Det tysk-romerske riket[5]

Spania og områda deira
Flagget til Danmark Danmark-Noreg (1643–1645)[2]

Kommandantar
Flagget til Sverige Gustav II Adolf av Sverige 

Flagget til Sverige Johan Banér
Flagget til Sverige Lennart Torstenson
Flagget til Sverige Carl Gustaf Wrangel
Flagget til Sverige Karl X Gustav
Flagget til Frankrike Ludvig XIII av Frankrike
Flagget til Frankrike Kardinal Richelieu
Flagget til Frankrike Marquis de Feuquieres 
Flagget til Frankrike Louis II de Bourbon
Flagget til Frankrike Vicomte de Turenne
Flagget til Böhmen Fredrik V
Flagget til Böhmen Jindrich Matyas Thurn
Flagget til Böhmen Kristian I av Anhalt-Bernburg
Flagget til Danmark Kristian IV av Danmark-Noreg
Flagget til Sachsen Bernhard av Sachsen-Weimar
Flagget til Sachsen Johan Georg I av Sachsen
Flagget til Den nederlandske republikken Maurice av Nassau
Flagget til Den nederlandske republikken Piet Pieterszoon Hein
Flagget til Den nederlandske republikken Vilhelm av Nassau
Flagget til Den nederlandske republikken Fredrik Henrik av Oranien
Flagget til Den nederlandske republikken Maarten Tromp
Flagget til Den nederlandske republikken Ernst Casimir
Flagget til Den nederlandske republikken Hendrik Casimir I
Flagget til England Hertugen av Buckingham
Flagget til Skottland Jarlen av Leven
Gabriel Bethlen
Ernst von Mansfeld
Kristian av Braunschweig
Bohdan Khmelnytskij

Flagget til Det tysk-romerske riket Johann Tserclaes av Tilly 

Flagget til Det tysk-romerske riket Albrecht von Wallenstein
Flagget til Det tysk-romerske riket Ferdinand II
Flagget til Det tysk-romerske riket Ferdinand III
Flagget til Det tysk-romerske riket Franz von Mercy 
Flagget til Det tysk-romerske riket Johann von Werth
Flagget til Det tysk-romerske riketGottfried Heinrich Graf zu Pappenheim
Maximilian I
Flagget til Spania Filip IV av Spania
Flagget til Spania Hertugen av Olivares
Flagget til Spania Gonzalo Fernández de Córdoba
Flagget til Spania Ambrosio Spinola
Flagget til Spania Kardinal Ferdinand
Flagget til Spania Gómez Suárez de Figueroa
Flagget til Spania Fadrique de Toledo
Flagget til Spania Antonio de Oquendo
Flagget til Spania Francisco de Melo
Flagget til Spania Diego Felipez de Guzmán

Styrkar
495 000 mann:
  • 150 000 svenskar
  • 20 000 danskar og nordmenn
  • 75 000 nederlendarar
  • Om lag 100–150 000 tyskarar
  • 150 000 franskmenn
  • 20–30 000 ungararar (Anti-habsburgske ungarske opprørarar)
  • 6 000 transilvanarar
    [6]
450 000 mann:
  • 300 000 spanjolar (inkludert soldatar frå Dei spanske Nederlanda og Italia)
  • 100–200 000 tyskarar
  • Om lag: 20 000 ungararske og kroatiske kavaleristar[7]
Tap
8 000 000 inkludert sivile tap.[8]
Trettiårskrigen
Pilsen · Lomnice · Sablat · Wisternitz · Humenné · White Mountain · Jülich · Neu Titschein · Mingolsheim · Wimpfen · Höchst · Fleurus · Heidelberg · Mannheim · Frankenthal · Stadtlohn · Breda · Genova · Cádiz · Dessau bru · Lutter am Barenberge · Stralsund · Wolgast · Svensk landgang · Frankfurt · Magdeburg · Werben · 1. Breitenfeld · Rain · Wiesloch · Alte Veste · Lützen · St. Martin · Oldendorf · 1. Nördlingen · Les Avins · Leuven · Somme · Wittstock · Rheinfelden · Kallo · Fuenterrabía · Breisach · Chemnitz · Thionville · Saint Omer · Salses · The Downs · Providencia · La Marfée · Honnecourt · 2. Breitenfeld · Rocroi · Tuttlingen  · Freiburg · Jüterbog · Jankau · Hulst · Mergentheim · 2. Nördlingen · Zusmarshausen · Lens · Praha
Pfalz-felttoget
Jülich · Mingolsheim · Wimpfen · Höchst · Mannheim · Stadtlohn · Heidelberg
Dei engelsk-spanske krigane (1625–1630)
Breda · Bahia · Cádiz · Groenlo · 's-Hertogenbosch · St. Kitts og Nevis

Trettiårskrigen (1618–1648) vart utkjempa hovudsakleg i det som i dag er Tyskland, og til forskjellige tider omfattar krigen nesten alle landa i Europa. Det var ein av dei mest øydeleggjande krigane i europeisk historie.

Opphavet til krigen og målet til deltakarane var kompliserte, og ein kan ikkje peike ut ei enkelt årsak til krigen. Opphavleg vart krigen kjempa som ein religionskrig mellom protestantar og katolikkar i Det tysk-romerske riket, men stridar om den indre politikken og maktbalansen innafor riket spelte òg ei stor rolle. Gradvis utvikla krigen seg meir til ein generell konflikt som omfattar dei fleste statane i Europa.[9][10] I denne generelle fasen vart krigen eit framhald av striden mellom franske Bourbon og Habsburg for å få forrang i Europa, og på sikt førte det til vidare krigføring mellom Frankrike og Habsburg.[11]

Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (bellum se ipsum alet). Episodar med hungersnaud og sjukdom førte til at folketalet i dei tyske statane, Böhmen, Dei sameinte Nederlanda og Italia falt kraftig, og dei fleire statar fekk store økonomiske problem. Sjølv om regimenta innafor kvar arme ikkje strengt tatt var innleigde i den forstand at dei skifta side frå slag til slag, var dei individuelle soldatane innafor kvart regiment truleg leigesoldatar. Disiplinproblema vart derimot vanskelegare av måten militæret vart finansiert på på 1600-talet. Armeane var forventa å vere stort sett sjølvfiansierte ved at ein plyndra eller skattla innbyggjarane i områda der dei opererte. Dette oppfordra ei form lovløyse som gjekk hardt ut over innbyggjarane i dei okkuperte områda. Fleire av stridane som var ein del av krigen vart ikkje løyste på lang tid. Trettiårskrigen enda med avtalar i Osnabrück og Münster, delar av den større freden i Westfalen.[12]

Opphavet til krigen

Freden i Augsburg (1555), signert av Karl V av Det tysk-romerske riket, stadfesta resultata etter riksdagen i Speyer i 1526, som enda krigen mellom tyske lutheranarar og katolikkar.[13]

  • Herskarar frå 225 tyske statar kunne velje religionen sin (lutheranisme eller katolisisme) i staten sin, og tvinge innbyggjarane til å følgje denne trua (cuius regio, eius religio-prinsippet).
  • Lutheranarar som levde i eit fyrstbispedøme (ein stat styrt av ein katolsk biskop) kunne halde fram å praktisere trua si.
  • Lutheranarar kunne halde områda dei hadde teke frå den katolske kyrkja sidan freden i Passau i 1552.
  • Fyrstbiskopane som hadde konvertert til lutheranismen måtte sei frå seg landområda sine (reservatum ecclesiasticum-prinsippet).

Sjølv om freden i Augsburg enda fiendskapen for ei stund, løyste det ikkje den underliggande religiøse striden. I tillegg spreidde kalvinismen seg raskt gjennom Tyskland i åra som følgde. Dette førte til ei tredje trusretning, men dette vart ikkje anerkjend med vilkåra i Augsburg-avtalen, der berre katolisismen og lutheranismen var gjeldande.[14]

Herskarane frå nasjonane som grensa til Det tysk-romerske riket medverka òg til at trettiårskrigen braut ut:

  • Spania var interessert i dei tyske statane fordi dei hadde område i Dei spanske Nederlanda i den vestlege delen av Riket og statar innafor Italia som var knytte saman over land via Spanskevegen. Nederlendarane gjorde opprør mot den spanske dominansen i 1560-åra og dette førte til ein langvarig sjølvstendekrig som varte fram til ein våpenkvile i 1609.
  • Frankrike var nesten kringsett av dei to habsburgske statane (Spania og Det tysk-romerske riket), og ønskte å utøve makta si mot dei svakare tyske statane. Dette ønsket overgjekk dei religiøse interessene og gjorde at det katolske Frankrike deltok på den elles protestantiske sida i krigen.
  • Sverige og Danmark var interesserte i å få kontroll over dei nordlege tyske statane som grensa til Austersjøen.

Det tysk-romerske riket var ei fragmentert samling av stort sett sjølvstendige statar. Stillinga som tysk-romersk keisar var hovudsakleg berre ein tittel, men keisarane, frå Huset Habsburg styrte òg direkte ein stor del av Riket (Erkehertugdømet Austerrike, i tillegg til Böhmen og Ungarn). Det austerrikske området var dermed ei europeisk stormakt aleine, og herska over åtte millionar innbyggjarar. Riket bestod òg av fleire større statar som Bayern, kurfyrstedømet Sachsen, markgrevskapet Brandenburg, Pfalz, Hessen, erkebispedømet Trier og Nürnberg (med 500 000 til ein millionar innbyggjarar). Mange mindre sjølvstendige grevskap, keisarfrie byar, abbed, fyrstbispedøme og små herredøme (som stundom ikkje rådde over meir enn ein enkel landsby) dekka resten av Riket. Bortsett frå Austerrike og kanskje Bayern, kunne ingen av desse einingane utøve makt på nasjonalpolitisk nivå, og alliansar mellom familietilknytte statar var vanlege, delvis fordi det var vanleg å dele opp famileeigedomane mellom etterkomarane.

Den religiøse spaninga heldt seg sterk gjennom andre halvdelen av 1500-talet. Freden i Augsburg byrja å løys seg opp, då nokre av dei konverterte biskopane nekta å gje frå seg bispedøma sine, og somme habsburgske og andre katolske herskarar i Det tysk-romerske riket og Spania ønskte å gjeninnføre katolisismen i regionen. Dette var tydeleg frå Kølnerkrigen (1583–88), ein konflikt som starta då fyrstbiskopen i byen, Gerhard Truckles Von Wald-burg, konverterte til kalvinismen. Sidan han var keisarleg kurfyrste kunne dette ha ført til eit protestantisk fleirtal blant fyrstane som valte den tysk-romerske keisaren  – ei stilling som alltid hadde vore katolsk.

I Kølnerkrigen dreiv spanske soldatar den tidlegare fyrstbiskopen ut og erstatta han med Ernst av Bayern, ein katolikk. Etter denne suksessen dreiv katolikkane på vidare og cuius regio, eius religio-prinsippet vart utført meir strengt i Bayern, Würzburg og andre statar. Dette tvang dei lutherske innbyggjarane til å anten omvende seg eller flytte. Lutheranarane opplevde òg at herrar i Pfalz (1560), Nassau (1578), Hessen-Kassel (1603) og Brandenburg (1613) hoppa over til den nye kalvinismen. Så på byrjinga av 1600-talet var områda kring Rhinen og dei sørover til Donau stort sett katolske, medan lutheranarane dominerte i nord og kalvinistane i somme andre område, som vest i det sentrale Tyskland, Sveits og Nederlanda. Det fanst derimot minoritetar av dei andre trusretningane nesten alle stader. I somme herredøme og byar var talet på kalvinistar, katolikkar og lutheranarar nesten likt.

Dei spanske herskarane mislikte sterkt at dei habsburgske keisarane som følgde Karl V (særleg Ferdinand I og Maximilian II, men òg Rudolf II og etterkomarane hans Matthias) var tilfredse med at prinsane i Riket kunne velje trusretning sjølv. Desse herskarane unngjekk religionskrigar i riket ved å la dei forskjellige trusretningane spreie seg utan tvang. Dette gjorde dei som søkte religiøs einskap arg.[15] Samstundes ønskte Sverige og Danmark, begge lutheranske kongedøme, å støtte den protestantiske sida i Riket, samt få politisk og økonomisk innverknad der.

Dei religiøse spaningane braut ut i vald i den tyske fristaden Donauwörth i 1606. Den lutherske majoriteten der hindra dei katolske innbyggjarane frå å halde ein prosesjon, noko som førte til opprør. Dette førte til at hertug Maximilian av Bayern (1573–1651) blanda seg inn på vegner av katolikkane. Då valden gav seg, følte kalvinistane i Tyskland (som var i mindretal) seg truga. Dei knytte seg saman og danna Den evangeliske unionen i 1608, leia av Pfalz kurfyrsten Fredrik IV (1583–1610), (viss son Fredrik V gifta seg med Elizabeth Stuart, dottera til Jakob I av England).[16] Då denne unionen vart oppretta danna katolikkane Den katolske ligaen i 1609, leia av hertug Maximilian.

Ferdinand I av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen.

Spaningane eskalerte vidare i 1609 under den jüliche arvefølgjekrigen, som starta då hertug Johan Vilhelm av Jülich-Cleves-Berg, herskaren over det strategisk viktige Dei sameinte grevskapa Jülich-Cleves-Berg, døydde utan barn.[17] Det var to pretendentar til grevskapet. Den første var hertuginne Anna av Preussen, dottera til den eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Maria Eleonora av Cleves. Anna var gift med kurfyrste Johan Sigismund av Brandenburg. Den andre var pfalzgreve Wolfgang Vilhelm av Neuburg, som var son av den nest eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Anna av Cleves. Hertuginne Anna av Preussen gjorde krav på Jülich-Cleves-Berg som arving til den eldste linja, medan Wolfgang Vilhelm gjorde krav som den eldste mannelge arvingen. Begge pretendentane var protestantiske. For å hindre krig mellom rivalane okkuperte styrkane til Rudolf II av Det tysk-romerske riket i 1610 Jülich-Cleves-Berg fram til striden vart avgjort i Rikshoffrådet (Reichshofrat). Fleire protestantiske prinsar frykta derimot at keisaren, som var ein from katolikk, ønskte å halde Jülich-Cleves-Berg for seg sjølv for å hindre grevskapa å hamne i protestantiske hender.[17] Representantar for Henrik IV av Frankrike og Dei sameinte Nederlanda samla styrkar for å invadere Jülich-Cleves-Berg, men desse planane vart avlyste då Henrik IV vart myrda. I håp om å få ein fordel i striden, konverterte Wolfgang Vilhelm til katolisismen, medan Johan Sigismund konverterte til kalvinismen (sjølv om Anna av Preussen vart verande lutheranar).[17] Striden vart avgjort i 1614 med freden i Xanten der Dei sameinte grevskapa vart fråskilde: Jülich og Berg vart gjeven til Wolfgang William, medan kurfyrsten av Brandenburg fekk Cleves, Mark og Ravensberg.[17]

Ferdinand II av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen.

Bakgrunnen for det nederlandske opprøret er òg naudsynt for å forstå hendingane som førte fram til trettiårskrigen. Det var vidt kjend at Tolvårsvåpenkvilen kom til å gå ut i 1621, og gjennom Europa venta ein at Spania då ville prøve å gjenerobre Dei sameinte Nederlanda. På denne tida kunne styrkane til Ambrogio Spinola, 1. marki av Balbases, genuesisk kommandant for ein spansk arme, passere fritt gjennom dei vennlege territoria for å nå Dei sameinte Nederlanda. Den einaste fiendtlege staten som stod i vegen var Kurfyrstedømet Pfalz.[18] (Den føretrekte ruta til Spinola ville ta han gjennom Republikken Genova, hertugdømet Milano, gjennom Val Telline, rundt det fiendtlege Sveits ved å gå langs nordsida av Bodensjøen, så gjennom Alsace, erkebispedømet Strasbourg, så gjennom Kurfyrstedømet Pfalz, og så til slutt gjennom erkebispedømet Trier, Jülich og Berg og vidare til Dei sameinte Nederlanda).[18] Kurfyrstedømet Pfalz var derfor strategisk viktig i ei europeisk sak som var ut av alle proporsjonar samanlikna med storleiken på staten. Dette forklarer kvifor protestanten Jakob I av England fekk dottera Elizabeth Stuart gift med Fredrik V av Pfalz i 1612, trass i den vanlege sedvanen om at ei prinsesse berre ville gifte seg med ein annan kongeleg.

I 1617 vart det tydeleg at Matthias av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen ville døy utan arvingar, og at landområda hans ville gå til den næraste mannlege slektningen, syskenbarnet erkehertug Ferdinand II av Austerrike, næraste arving og kronprins av Böhmen. Med Oñate-traktaten gjekk Filip III av Spania med på denne arvefølgja.

Ferdinand, som fekk utdanninga si hos jesuittane, var ein trufast katolikk som ønskte å innføre same religion i alle landområda sine. Dette gjorde han særs upopulær hos protestantane i Bömen (hovudsakleg husittane). I tillegg til meininga til innbyggjarane, avviste adelen hånleg Ferdinand, som hadde vorte valt til bøhmisk kronprins i 1617, og dette var med på å utløyse trettiårskrigen i 1618, då representanten hans vart kasta ut av eit vindauge i ein haug med hestemøkk. Den såkalla defenestrasjonen i Praha førte til ope opprør i Böhmen, som hadde mektige utanlandske allierte. Ferdinand vart oppskaka av denne kalkulerte fornærminga, men den intolerante politikken hans i hans eige land gjorde at han hadde ei svak stilling. Interessene til Habsburg såg dei neste åra ut til å lide tilbakeslag som ikkje var mogeleg å kome opp att frå. Dei protestantiske interessene såg ut til å gå mot ein rask total siger.

Krigen kan delast inn i fire store fasar: Det bøhmiske opprøret, den danske innblandinga, den svenske innblandinga og den franske innblandinga.

Sjå òg

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «Thirty Years' War» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
  • Helfferich, Tryntje, ed. The Thirty Years War: A Documentary History, (Indianapolis: Hackett, 2009). 352 pages. 38 key documents including diplomatic correspondence, letters, broadsheets, treaties, poems, and trial records. excerpt and text search
  • Wilson, Peter H. ed. The Thirty Years War: A Sourcebook (2010); includes state documents, treaties, correspondence, diaries, financial records, artwork; 240pp
  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siecle...Vue du chateau d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de Frankrike)."  «Flagg». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). 1911. : "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour." Frankrike entered the war in 1635.
  2. 2,0 2,1 1625–1629. Aligned with the Catholic Powers 1643–1645.
  3. I krig med Spania 1625–30 (og Frankrike 1627–29).
  4. Scores Hungarians was fall into line with army of Gabriel Bethlen in 1620. Ágnes Várkonyi: Age of the Reforms, Magyar Könyvklub publisher, 1999. ISBN 963 547 070 3
  5.  «Flagg». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). 1911. : "The Austrian imperial standard has, on a yellow ground, the black double-headed eagle, on the breast and wings of which are imposed shields bearing the arms of the provinces of the rike. The flag is bordered all round, the border being composed of equal-sided triangles with their apices alternately inwards and outwards, those with their apices pointing inwards being alternately yellow and white, the others alternately scarlet and black ." Also, Whitney Smith, Flags through the ages and across the world, McGraw-Hill, England, 1975 ISBN 0-07-059093-1, s.114 – 119, "The imperial banner was a golden yellow cloth...bearing a black eagle...The double-headed eagle was finally established by Sigismund as regent...".
  6. Gabriel Bethlen's army numbered 5 000 Hungarian pikeman and 1 000 German mercenary, with the anti-Habsburg Hungarian rebels numbered together approx. 35 000 men. László Markó: The Great Honors of the Hungarian State (A Magyar Állam Főméltóságai), Magyar Könyvklub 2000. ISBN 963 547 085 1
  7. László Markó: The Great Honors of the Hungarian State (A Magyar Állam Főméltóságai), Magyar Könyvklub 2000. ISBN 963 547 085 1
  8. Norman Davies, Europa, p.568
  9. «The Thirty-Years-War». Western New England College. Henta 24. januar 2011. 
  10. «::The Thirty Years War 1621 to 1626:». www.historylearningsite.co.uk. Henta 24. januar 2011. 
  11. «Thirty Years' War». Encyclopædia Britannica. Henta 24. januar 2011. 
  12. Wilson, Peter. "Europa's Tragedy". Penguin, 2009, s.735-755
  13. «Diets of Speyer (German history) – Britannica Online Encyclopedia». www.britannica.com. Henta 24. januar 2012. 
  14. «::The Peace in Prague::». www.historylearningsite.co.uk. Henta 24. januar 2012. 
  15. «The Thirty Years War». Pipeline. Henta 24. januar 2012. 
  16. «Fredrik the Winter King. The Columbia Encyclopedia, Sixth Edition. 2001–07». www.bartleby.com. Henta 24. januar 2012. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 48.
  18. 18,0 18,1 C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 50.



Mal:Link AA Mal:Link AA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA