(Wish I Could Fly Like) Superman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Wish I Could Fly Like) Superman
Singel av The Kinks
frå albumet Low Budget
B-side

«Low Budget»

Utgjeve 26. januar 1979 (Storbritannia)[1]
12. mars 1979 (USA)[1]
Innspelt Januar - juni 1979
Studio Konk Studios
Sjanger Rock
Lengd 3:36
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi 
«Black Messiah»
(1978)
(Wish I Could Fly Like) Superman «Moving Pictures»
(1979)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«Live Life»
(1978)
(Wish I Could Fly Like) Superman «A Gallon of Gas»
(1979)


«(Wish I Could Fly Like) Superman» er ein song skriven av Ray Davies og spelt av The Kinks i 1979 på albumet Low Budget. Songen var inspirert av Superman: The Movie med ein discorytme og ein tekst som skildrar at songaren ynskjer han kunne fly slik Supermann (Christopher Reeve) gjer i filmen. Discostilen på songen kom etter sjefen i Arista Records, Clive Davis, bad om ein «ein nattklubbvenleg song», trass i at Ray Davies sjølv hata disco.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget, og vart ein moderat hit i Nord-Amerika. Han har sidan vore med på mange samle- og konsertalbum.

Background[endre | endre wikiteksten]

Ray Davies vart inspirert til å skrive «(Wish I Could Fly Like) Superman» etter å ha sett Superman: The Movie seint i 1978.[2] Ray Davies har sagt at songen vart skriven som ein spøk etter at sjefen for plateselskapet, Clive Davis, sa han ønskte ein song som kunne spelast på dansegolvet.[2]

«(Wish I Could Fly Like) Superman» og B-sida «Low Budget» var dei første songane som vart spelte inn for albumet Low Budget i Konk Studios i London, medan resten av albumet vart spelt inn i New York.[3]

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen påkallar òg ein annan film frå denne tida, Saturday Night Fever, og 60-talshitten til The Animals, «We Got to Get Out of This Place[2] Teksten skildrar ein vanleg mann som drøymer om å vere Supermann for å kom seg gjennom forskjellige samfunnsproblem.[4] Teksten kombinerer «fantasy» (fantasi) og «mundanity» (kvardagsleg) to av favorittemna til Davies.[5]

«(Wish I Could Fly Like) Superman» har ein disco-aktig stil, men på konsertane spelte dei ofte songen som ein hardrocksong.[4][6]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

«(Wish I Could Fly Like) Superman» med «Low Budget» vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget. Singelen selde dårleg i Europa, men fekk ein viss suksess i Nord-Amerika og nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard-lista[7] og 43. plassen på den kanadiske RPM-lista. Dei andre singlane frå albumet nådde ikkje salslistene.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979-1980) Plassering
Australian Singles Chart 71
Canadian RPM Singles Chart 43
US Billboard Hot 100[7] 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hinman, D. (2004). The Kinks: All Day and All of the Night. Hal Leonard. ISBN 9780879307653. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hasted, N. (2011). You Really Got Me: The Story of The Kinks. Omnibus Press. ISBN 9781849386609. 
  3. Jovanovic, R. God Save the Kinks: A Biography. Aurum Press. s. 234–237. 
  4. 4,0 4,1 Gilliam, R. «(Wish I Could Fly Like) Superman». Allmusic. Henta 27. april 2018. 
  5. Rogan, J. (1998). The Complete Guide to the Music of the Kinks. Omnibus Press. s. 126. ISBN 0711963142. 
  6. «Top Album Picks». Billboard Magazine. 14 July 1979. s. 88. Henta 6. april 2014. 
  7. 7,0 7,1 «The Kinks US Charts». allmusic. Henta 5. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]