An me thimáse
«An me thimáse» Singel av Déspina Olymbíou | ||
Land | Kypros | |
Språk | Gresk | |
Utgjeve | 14. februar 2013 | |
Innspelt | 2012 | |
Sjanger | pop | |
Låtskrivar(ar) | Andreas Giorgallis og Zenon Zindilis |
---|
«An me thimáse» (gresk «Αν με θυμάσαι», gresk for Om du hugsar meg) var det kypriotiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på gresk av Déspina Olymbíou. Songen er skriven av Andreas Giorgallis og Zenon Zindilis.
Eurovision Song Contest 2013
[endre | endre wikiteksten]«An me thimáse» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Kypros | ||||
Artist(ar) | Déspina Olymbíou | ||||
Språk | Gresk | ||||
Komponist(ar) | Andreas Giorgallis | ||||
Låtskrivar(ar) | Zenon Zindilis | ||||
Resultat | |||||
Kypros i Eurovision Song Contest | |||||
|
Déspina Olymbíou vart vald ut internt av Radiofonikó Ídrima Kýprou (RÍK) til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2013. 14. februar 2013 presenterte ho «An me thimáse» på fjernsynsprogrammet Mazi sto RIK. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige var direktekvalifiserte til finalen mått kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Kypros vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 1
[endre | endre wikiteksten]Songen starta som nummer 14, etter Irland med «Only Love Survives» av Ryan Dolan og før Belgia med «Love Kills» av Roberto Bellarosa.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Déspina Olymbíou har gjeve ut ein spansk versjon kalla «Si me recuerdas».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «An Me Thimase» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013.