Isaiah Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isaiah Berlin

Fødd6. juni 1909
Riga
Død5. november 1997
Oxford, Acland Hospital
NasjonalitetStorbritannia, Det russiske imperiet
Områdefilosofi
Yrkefilosof, historikar, universitetslærar, diplomat, idéhistoriker
InstitusjonarUniversity of Oxford
Alma materCorpus Christi College (Oxford)
St Paul's School
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
British Academy

Isaiah Berlin (latvisk Jesaja Berlins; 6. juni 19095. november 1997) var ein politisk filosof og idéhistorikar. Han vart fødd i Riga i Latvia, då landet var ein del av det russiske tsardømet. Hans mest kjende verk er Two Concepts of Liberty frå 1958, der han skildra skilnaden mellom eit positivt og negativt omgrep av fridom.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Berlin vart fødd inn i ein velståande jødisk familie i Riga i 1909.[2] Då han var seks år gamal flytta familien hans til Petrograd i Russland, der han vart vitne til den russiske revolusjonen og statskuppet i 1917. I 1921 fór familien hans til Storbritannia, og han vart der undervist ved St. Paul's School i London, og seinare ved Corpus Christi College i Oxford. I 1932, 23 år gamal, vart Berlin vald til ei stilling ved All Souls College i Oxford. Han omsette verk av Ivan Turgenjev frå russisk til engelsk, og under den andre verdskrigen arbeidde han for Den britiske tenesta for diplomati. Frå 1957 til 1967 var han Chichele-professor i sosial og politisk teori ved Universitetet i Oxford. Han var president for The Aristotelian Society frå 1963 til 1964. I 1966 spelte han ei avgjerande rolle i å grunnleggja Wolfson College i Oxford, og vart universitetet sin fyrste president.[3] I 1946 vart Berlin utnemnd kommandør (CBE) innan Den britiske imperieorden, for seinare å verta slått riddar i 1957, og vart utnemnd til Order of merit i 1971.[4] Han var president for The British Academy frå 1974 til 1978.[5] Han tok òg imot The Jerusalem Prize i 1979 for arbeidet hans relatert til individuell fridom.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

I boka om Two Concepts of Liberty freista Berlin å skildra omgrepet om fridomar. Fridom handla om kvar mange dører som er opne for eit individ. Han skilde mellom «positiv fridom» som var fridomen til noko, medan «negativ fridom» var fridomen frå noko.[6]

Negativ fridom er fridomen til å handla utan hindringar – utan menneskelege eller statlege inngrep. Til dømes har ein lov til å praktisera sin eigen religion utan at andre blandar seg inn i eins liv.

Positiv fridom inneber at ein aktør er sin eigen herre, som har kontroll over seg sjølv og sin eigen skjebne i tråd med eigne interesser. Til dømes har ein lov til å røysta og eventuelt stilla til val for å igjennom eins interesser.

Berlin hevda at positiv fridom kunne auka faren for paternalistiske og autoritære invasjonar. Dette av di det gjev individ mogleiken til å styra over andre sine liv, ved politiske val og politiske vedtak. Berlin var liberalist,[7] og forsvara ein individuell form for fridom, negativ fridom, og tok dermed avstand frå paternalistiske og autoritære regime.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thorsen, Dag Einar (23. desember 2019). «Isaiah Berlin». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Isaiah Berlin», www.isaiahberlin.org, henta 2. november 2022 
  3. Thorsen, Dag Einar (23. desember 2019). «Isaiah Berlin». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  4. «Sir Isaiah Berlin | British historian | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2. november 2022 
  5. «Isaiah Berlin | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 2. november 2022 
  6. Carter, Ian (2022). Zalta, Edward N., red. «Positive and Negative Liberty». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
  7. Carter, Ian (27. februar 2003). «Positive and Negative Liberty». 
  8. Thorsen, Dag Einar (23. desember 2019). «Isaiah Berlin». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Isaiah Berlin