Bruce Dickinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruce Dickinson

Dickinson på scenen i Costa Rica under Somewhere Back in Time-turneen 26. februar 2008
Fødd7. august 1958 (65 år)
FødestadWorksop, Nottinghamshire, England
FødenamnPaul Bruce Dickinson
AliasBruce Bruce
OpphavStorbritannia
Aktiv1976 til i dag
Sjanger
InstrumentVokal
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarSamson, Iron Maiden, Tribe of Gypsies, Sack Trick
PlateselskapEMI, Sanctuary
Verka somMusikar, låtskrivar, pilot, forfattar, entrepenør
PrisarGolden Raspberry Award for verste originalmusikk

Paul Bruce Dickinson (fødd 7. august 1958) er ein engelsk songar, låtskrivar, flygar, forfattar og kringkastar. Han er mest kjend som songar i heavy metal-bandet Iron Maiden og er kjend for den opera-aktige stemma si, som har stor vokalrekkjevidd, og for den energiske sceneframføringa si.

Dickinson var fødd i Worksop i Nottinghamshire. Han byrja karrieren sin som songar i små pubband i 1970-åra, medan han gjekk på skule i Sheffield og universitet i London. I 1979 vart han med i new wave of British heavy metal-bandet Samson, der han vart populær under scenenamnet «Bruce Bruce» og spelte på to studioinnspelingar. Han slutta i Samson i 1981 for å bli med i Iron Maiden, der han erstatta Paul Di'Anno, og debuterte i 1982 på albumet The Number of the Beast. I den første perioden i bandet gav dei ut ei rekkje album som selde til platina- og gullplater i USA og Storbritannia i 1980-åra.

Dickinson slutta i Iron Maiden i 1993 (og vart erstatta av Blaze Bayley) for å fokusere på solokarrieren sin, der han eksperimenterte med mange heavy metal- og rockestilar. Han kom atttend til bandet i 1999 i lag med gitaristen Adrian Smith. Etter han kom attende til Iron Maiden har han gjeve ut eit soloalbum til, Tyranny of Souls i 2005. Det yngre syskenbarnet hans, Rob Dickinson, er tidlegare songar i det britiske alternative rockebandet Catherine Wheel, medan sonen Austin har fronta metalcore-bandet Rise to Remain.

Utafor musikkarrieren har Dickinson vore kjend for mange andre syslar. Han har mellom anna arbeidd som yrkespilot for Astraeus Airlines, og han har mange gonger vore kaptein for charterflya til Iron Maiden, kalla «Ed Force One», under verdsturneane deira. Etter tida hos Astraeus har han oppretta sitt eige flyreparasjons- og pilottreningsselskap, Cardiff Aviation. Dickinson leia sitt eige radioshow på BBC Radio 6 Music frå 2002 til 2010, og har vore programleiar for fleire dokumentarar på fjernsyn, skrive romanar og filmmanus, og laga eit suksessrikt øl med Robinsons Brewery i tillegg til at han har konkurrert i internasjonale fektekonkurransar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Iron Maiden
Bruce Dickinson
Samson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bruce Dickinson
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Bruce Dickinson