Athena av The Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Athena»
Singel av The Who
frå albumet It's Hard
B-side «A Man Is a Man»
Utgjeve 1982
Innspelt Juni 1982
Sjanger Rock
Lengd 3:46
Selskap Polydor Records (USA)
Warner Bros (UK)
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Glyn Johns
The Who-kronologi
«You»
(1981)
«Athena» «Eminence Front»
(1982)

«Athena» er ein song skriven av Pete Townshend og spelt inn av The Who. Han er opningssporet på det siste studioalbumet deira på 25 år, It's Hard frå 1982. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og oppnådde moderat suksess med ein 28. plass på Billboard Hot 100 i USA. Han vart likevel spelt ein god del på radio her. I Storbritannia nådde han 40. plass. I lag med den andre singelen, «Eminence Front», var «Athena» ein av to spor på albumet som vart godt motteke, medan resten av albumet ikkje vert så høgt verdsett av kritikarar og tilhengjarar.

Pete Townshend skreiv songen etter eit møte med skodespelarinna Theresa Russell. Han vart forelska i ho, men ho ville ikkje ha han. Songen omhandlar dette. I denne samanhengen vart songen ein del av historia i The Lifehouse Chronicles som kom ut mykje seinare. Townshend endra tittelen på songen til «Athena» for å skjule kva songen verkeleg handla om.

Trass i at songen var den første singelen frå albumet og vart spelt ein del på radio, spelte The Who berre «Athena» om lag 10 gonger på 1982-turneen og har ikkje spelt han på konsertar sidan.