The Real Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Real Me»
Singel av The Who
frå albumet Quadrophenia
B-side

«Doctor Jimmy»

Språk engelsk
Utgjeve 12. januar 1974
Innspelt Mai 1972
Sjanger Hardrock
Lengd
  • 3:20 (albumutgåve)
  • 3:30 (singelutgåve)
  • Selskap Track Records/MCA
    Komponist Pete Townshend
    Tekstforfattar Pete Townshend
    Låtskrivar(ar) Pete Townshend
    Produsent The Who
    The Who-kronologi 
    «Love, Reign o'er Me»
    (1973)
    «The Real Me» «Postcard»
    (1974)


    «The Real Me» er ein song skriven av Pete Townshend for The Who. Songen er gjeven ut på den andre rockeoperaen deira, Quadrophenia i 1973. Songen er den andre songen på albumet og omhandlar guten Jimmy, ein ung engelsk Mod med fire forskjellige personlegheiter. Songen skildrar korleis han prøver å takle dei forskjellige personlegheitane og finne «den verkelege seg» («the real me»).

    John Entwistle spelar imponerande bass på songen. I følgje eit intervju frå 1996 vart bassen spelt inn på første forsøk. Entwistle hevdar at han «berre tulla litt» på bassen under den første innspelinga, men dei andre i bandet likte det så godt at dei nytta denne innspelinga i den endelege utgåva av songen.[1]

    «The Real Me» var òg i filmutgåva av Quadrophenia frå 1979, og i filmmusikkalbumet som følgde. Denne utgåva hadde eit nytt basspor og ein ny slutt.[2]

    Townshend har alltid kalla songen «Can You See the Real Me», i staden for den kortare tittelen.

    Bandet spelte ikkje songen på fleire år etter at John Entwistle døydde i 2002, men starta å spele han igjen i 2007 med Pino Palladino på bass, dog med ein mindre utprega bassgang enn i originalen.

    Medverkande[endre | endre wikiteksten]

    Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

    Songen er òg spelt av W.A.S.P. i 1989, som laga ein eigen musikkvideo til han, samt Pearl Jam under ein konserthyllest til The Who på VH1 i 2008.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. "The Quiet One Speaks! A Chat with The Ox, The Who's JOHN ENTWISTLE", Goldmine 416, 5. juli 1996
    2. [1]