Let's See Action

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Let's See Action
Singel av The Who
B-side «When I Was a Boy» (John Entwistle)
Utgjeve 15. oktober 1971
Innspelt 1971
Sjanger Folkrock, power pop
Lengd 3:57
Selskap Track Records
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent The Who
Medprodusent:
Glyn Johns
Leiande produsentar:
The Who-kronologi
«Won't Get Fooled Again»
(1971)
Let's See Action «Baba O'Riley»
(1971)


«Let's See Action» er ein song skriven og komponert av Pete Townshend og innspelt av The Who. Han kom ut på singel i Storbritannia i 1971 og nådde 16. plassen på singellista der.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Songen er den første av tre singlar som ikkje kom ut på album av The Who,[1] men som var meint for det skrinlagde Lifehouse-prosjektet.[2] Demoutgåva til Pete Townshend finst på det første soloalbumet hans på eit større selskap, Who Came First, som «Nothing Is Everything (Let's See Action)», og er ein lengre versjon enn singelversjonen og inneheld dei ekstra linjene «Rumor has it minds are open. Then rumors fill them up with lies.»[3] Bassgitaristen John Entwistle sa at sporet var Pete Townshend som «prøvde å snakke til ungdommen generelt.»[1] I følgje The Who-biografen John Atkins, tar songen idear frå læra til Meher Baba og omfattar «sjelegransking og bruk av positive impulsar frå det indre.»[4]

B-side[endre | endre wikiteksten]

B-sida til singelen var «When I Was a Boy», som var skriven og sungen av John Entwistle. I følgje John Atkins, er songen ein sørgjesong om ein tapt barndom og om å makte vaksenlivet som følgjer.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen kom ut i Storbritannia 15. oktober 1971.[5] Han nådde 16. plassen på singellista.[4] «Let's See Action» kom òg ut på singel i fleire andre land, men ikkje i USA, der han ikkje om ut før han var med på samlealbumet Hooligans i 1981.[6] «Let's See Action» vart òg miksa av Jon Astley og Andy Macpherson for plateboksen 30 Years of Maximum R&B i 1994.[4] «When I Was a Boy» kom ut på CD på Polydor-samlinga Rarities 1966–1972 Vol. 1 & 2 og MCA sitt Who's Missing.[7] Let's See Action har òg kome ut på samleplata My Generation: The Very Best of The Who og The Who Hits 50!.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Let's See Action» vart framført i Royal Albert Hall i 2000 med Eddie Vedder på delt solovokal med Roger Daltrey. Denne framføringa kom sidan ut på konsertalbumet Live at the Royal Albert Hall.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heylin, Clinton. All the Mad Men. Constable & Robinson Ltd. s. 1975. ISBN 9781780330785. 
  2. Smith, Larry (1999). Pete Townshend: the minstrel's dilemma. Praeger Frederick A. s. 171. ISBN 9780275964726. 
  3. «Let's See Action (Nothing Is Everything)». Allmusic. Henta 28. september 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Atkins, John (2000). The Who on Record: A Critical History, 1963–1998. McFarland. s. 169. ISBN 9780786406098. 
  5. Neill, Andy; Kent, Matt (2011). Anyway Anyhow Anywhere: The Complete Chronicle of the Who 1958–1978. Random House. s. 292. ISBN 9780753547977. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Hooligans – The Who». Allmusic. Henta 28. september 2019. 
  7. Unterberger, Ritchie. «Who's Missing – The Who». Allmusic. Henta 28. september 2019. 
  8. «Let's See Action (Nothing is Everything) – Releases». AllMusic. Henta 28. september 2019.