5:15

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«5:15»
Singel av The Who
frå albumet Quadrophenia
B-side «Water»
Utgjeve 23. september 1973
Innspelt 27. juni 1973
Sjanger Rock
Lengd 5:00 (album)
4:16 (singel)
Selskap Track Records/MCA
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent The Who
Britisk The Who-kronologi
«Relay»
(1972)
«5:15» «Squeeze Box»
(1975)


«5:15» er ein song skriven av Pete Townshend frå det engelske rockebandet The Who. Songen kom ut på deira andre rockeopera, Quadrophenia (1973). Songen nådde 20. plass på den britiske singellista. I 1979 vart songen gjeven ut på ny i samband med filmutgåva av albumet, og nådde då 79. plass på Billboard Hot 100 i USA.

Rolle på Quadrophenia[endre | endre wikiteksten]

I songen tar hovudrolla i historia, Jimmy, seg ei togreise til Brighton, og etter å ha tatt mykje dop gjenopptar han livet sitt med modrørsla, kulturrørsla han høyrer til, og duellane deira med rockarane. Kjeneslene til Jimmy består hovudsakleg av sinne, forvirring, vald, seksuell frustrasjon og rotløyse.

«5.15» inneheld som mange av songane frå Quadrophenia referansar til andre The Who-songar. Her finst linja «M-m-m-maaah generation» frå «My Generation». Jimmy vart fødd under andre verdskrigen og voks opp under etterverknadane av krigen, og forstår ikkje kvifor han skal bry seg om dette (eller noko anna) ut frå verdiane som mod-ungdom.

Stilar og variasjonar[endre | endre wikiteksten]

Studioinnspelinga viser originalitet til Keith Moon når han mot slutten av songen trommer ein rytme som etterliknar eit tog som kjem fram til stasjonen. Den enkle krafta og drivet i songen har gjort han til ein populær konsertsong. Framføringa frå 1996 til tidleg i 2002 hadde ein lang bassolo av John Entwistle, som gjorde songen over ti minuttar lang. Versjonen som finst på Live at the Royal Albert Hall er 11:40 lang.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Who
Andre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]